Fiks for nettaviser frå A-pressen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Dei som har lest Fiks for VG.no-innlegget kjenner nok igjen det meste her, men eg skriver likevel eit nytt innlegg om dette – m.a. for å få med framgangsmåte i Firefox og Chromium.

Mange lokalaviser bruker ein mal frå A-pressen på nettsidene sine. Denne malen lider av venstrevriding, til liks med VG.no. Dette kjem av at slike malar er laga på ei tid då breiskjermar ikkje var like vanleg som i dag. Sideoppsettet såg heilt greit ut i dei største skjermane då. På Internett rører ting seg kjapt, så tida har diverre gått i frå denne malen, og no ser oppsettet heilt forferdeleg ut. Hovudinnhaldet er skvisa heilt ut til venstre, og det er slitsamt å lesa. Til høgre er det eit enormt tomrom.

API-malen, her på ranablad.no. Merk at store deler av synsfeltet er tomrom.

Koden som ordnar alt

Det er såre enkelt å fiksa dette. Her er koden du treng:

.apiPageWrap
{
	margin:0 auto !important;
}

Oppdatert 02.12.2014: Amedia, tidlegare A-pressen, har gjort endringar i utforminga. I ny utforming er .apiPageWrap erstatta med .am-page-inner.

Det er faktisk alt! Malen ser rimeleg grei ut når den fyrst vert midtstilt. (Høyrer de det, A-pressen?)

Korleis bruka koden…

… i Opera:

Opprett ei tekstfil – men bruk filendinga .css i staden for .txt – og lim inn koden over. Legg fila på ein lur stad, og opne nettavisa di. Trykk F12 – Endre nettstadinnstillingane – Visning – Eigedefinert stilark. Vel fila du nettopp laga.

… i Firefox:

Installer utvidinga Stylish for Firefox. Trykk Verktøy – Utvidingar – User Styles – Write New Style. Skriv eit namn i Name, og skriv det følgjande, med koden over i staden for klamma:

@moz-document domain("www.ranablad.no"){
	[...]
}

Føremonnen over Opera her, er at du kan skriva inn fleire stader den skal gjelda på. Berre føy på slik: domain("www.ranablad.no"), domain("www.an.no")

… i Chromium / Chrome:

Du må til med utvidingar også her, til dømes Stylish for Chrome1. Verktøy – Utvidingar – Stylish – Alternativ – Write New Style. Skriv inn eit namn i Name. Legg inn koden i Code. Vel URL on the domain, og skriv inn adressa til nettavisa. Kryss av for Enabled, og Save.

Kvar fungerer dette?

Hurra! Vevstaden er leseleg igjen! Dette skal fungera på alle nettaviser som bruker denne malen. Eg har testa på Rana Blad, Avisa Nordland, Firda og Bergensavisen. Andre nettaviser som truleg bruker malen finst på WikiPedia-artikkelen om A-pressen

Reklamen

Ein irriterande ting med A-pressen-malen, er at dei ofte har reklamar med Flash-filmar og liknande uting. Vil du ha vekk det, kan du leggja til det følgjande:

.apiChallengePicLarge, .apiAdContainer, .apiStaticTextAd, 
    .lottoBox_v3, .adaAdsDiv, .apiAdMarkerAbove, .apiAds, .apiAdContainer
{
	display:none !important;
}

Men hugs at reklamane er ei kjelde for innkomer for lokalavisa di. I staden for å ta frå dei pengane, lyt me verta flinkare til å seia i frå til nettavisene og A-pressen at mykje av reklamen som brukast i dag, støyar for mykje. Eg siktar då til animert reklame – og endå verre, reklame med ljod!

Midtstilt API-mal på ranablad.no. Tomrommet kjem no i sidesynet.

  1. Ei anna utviding til Chrome er Stylebot, jf. innspel frå Håkon []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/10/fiks-for-nettaviser-fra-a-pressen/