Fuck Spotify? Tankar kring strøyming av musikk

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I dag kunne me lesa at eit norsk plateselskap skal kutta ut strøyming av musikk. Dei meiner at strøyming betalar ut for lite til at det skal løna seg for dei. Sjølv om eg skjøner tankegangen, er eg ikkje samd i reaksjonen.

Kva er strøyming av musikk? Jo, det er å nå ut til sluttbrukaren på sluttbrukaren sine eigne premissar. Musikklyttarane kan høyra på den musikken dei vil høyra når det måtte passa dei, i staden for å måtte lytta gjennom eit utval låtar gjort av ein musikksjef i eit radioprogram for kanskje å få med seg den eine låten dei verkeleg vil høyra. Radiomodellen for spreiing av musikk er avleggs.

Ikkje misforså meg, eg liker radio. Eg lyttar kring ein time kvar dag på radio. Men eg set meg aldri ned med eit radioprogram for å høyra musikk eg liker. På radio speler dei statistisk sett ikkje musikk eg liker. Dei speler ofte musikk eg tolererer og godt kan lytta til, men låtane eg verkeleg liker er få og det er langt mellom dei. Med mindre du er ein fersk musikklyttar som diggar alt av listepop, så har kanskje du det også slik som meg. Ta til dømes NRK P3. I løpet av éin time er du garantert å få høyra låtar frå A-lista, men kor mange av låtane der samsvarer heilt perfekt med musikksmaken din? To songar? Éin? A-lista skal dekkja gjennomsnittet av P3-lyttarane, og kan såleis aldri bli meir enn middelmåls.

Musikk er individuelt. Difor er strøyming av musikk gjennom til dømes Spotify heilt glimrande. Eg kan lytta så mykje eg vil til Kavinski, Anoraak, Jonathan Coulton og andre artistar som så godt som aldri er på radio, og det på tidspunkt som passar meg. Eg har ei (naiv?) oppfatning at musikk er kunst og kultur, ikkje fyrst og fremst eit kommersielt forbruksprodukt. Musikk er noko me har hatt med oss frå før teknologi, før skrift, til og med før tale. For meg er det difor heilt merkeleg at samfunnet opererer med kopisperring og fengselsstraff for å spreia kulturen. Boka Year Zero av Rob Reid tek for seg dette, i ei forteljing om at heile galaksen går konkurs når det viser seg at jord-musikken dei har høyrt og delt faktisk ikkje er gratis! Men det er eit lite sidesprang.

Den kommersielle musikkbransjen har alltid gått til åtak på nyvinningar som kan føra til tapt inntekt. Då opptakskassetten kom, var det «døden for radio». Då CD-brenning vart billeg nok for alle, var det «slutten for musikk». Det er greit. Bransjen sutrar ei stund, men så innser dei at brukarane ikkje responderer til sutring, og gjer sitt beste på å følgja etter brukarane og det nye bruksmønsteret.

Men når platebransjen verkeleg set seg på bakføtene og kjem med vrangfakta, då merker eg at eg vert litt provosert. Det er titt og ofte at bransjen – og stundom til og med artistane sjølv – klagar over at Spotify betalar for lite for musikken. I artikkelen eg nemnte innleiingsvis, er Grappa-direktør Helge Westbye sitert: «Det er flere som stusser over at 1 million strømminger ikke gir mer enn 100 kroner i royalties». Også andre trekkjer fram pris per avspeling som argument mot strøyming:

Got paid £8 for 90,000 plays. Fuck spotify.

Artisten Jon Hopkins fekk altså £8 for 90,000 avspelingar på Spotify. Seinare samanliknar artisten med britiske Radio 1, som gjev kring £50 per avspeling. OK, £50 per gong på radio er mykje meir enn £8 per 90,000 gong på Spotify. Eller? Bullshit! Ei avspeling i radio når ut til MANGE FLEIRE lyttarar enn ei avspeling i Spotify, der det (som regel) er berre éin lyttar per avspeling!

Britiske Radio 1 når ut til kring 11,850,000 av det britiske folket1. For argumentets skuld kan me gå ut i frå at ikkje alle sit og høyrer på alt, men kanskje toppen ein time om dagen per hovud. Det vil seia at radioen når minst kring 493,750 personar kvar gong. 50 pund for ei avspeling på radio vil altså seia mellom 0,000004 til 0,000101 pund per lyttar. Attende til Spotify, som betalar £8 per 90,000 avspeling, eller 0,000089 pund per lyttar. Spotify betalar altså ein stad mellom -0,000012 til +0,000085 per lyttar i forhold til britisk Radio 1. Forskjellen mellom radio og Spotify er altså ubetydeleg!

Eg meiner som sagt at musikk er kultur. Eg freistar difor å koma med følgjande påstand: Éin lyttar på Spotify er verdt 1,000 lyttarar på radio.

Lyttarar på Spotify, er folk som aktivt har oppsøkt artisten av di dei LIKER musikken. Radiolyttarar er passive mottakarar av eit musikkbilete teikna av programsjefen basert på statistikk, radiokanalpolitikk og lobbyverksemd frå musikkbransjen. Radioen er framleis både ein nyttig og viktig arena for musikk, men bransjen må finna seg i at strøyming inngår i bruksmønsteret til folk.

Eg er samd i at dagens modell ikkje er optimal. Eg meiner at problemet er mellomleddet – platebransjen – som ser på strøyming som radiokanalar og ser ikkje at betaling lyt føregå per mottakar. Men det finst andre betalingsmodellar. Humble Bundle er ein slik. I sumar, frå 26. juli til 9. august, prøvde dei seg med album frå seks artistar (både MP3 og FLAC). Prisen kunne du bestemma sjølv. Ikkje berre det, men du kunne også bestemma kor mykje som skulle gå til Humble Bundle, kor mykje som skulle gå rett til artistane, og kor mykje som skulle gå til veldedige føremål. Til saman fekk dei inn kring 2,3 millionar kroner med ein snittpris på 50 kroner per sal.

For små artistar er kanskje crowdfunding meir ideelt, til dømes gjennom Indiegogo eller Kickstarter. Her kan dei spørja forbrukaren direkte om sponsing, og kan gje insentiv alt etter kor mykje pengar dei bidrar med. Indiegogo og Kickstarter tek eit formidlingsgebyr, men resten av pengane går direkte til artisten. Dei kan så bruka dei til å gje ut plate på eiga rekning. Eg har støtta eit par prosjekt gjennom crowdfunding-modellen, og merker at eg har eit større eigarskapsforhold til sluttproduktet. Eg føler at dette er litt mitt, og vil gjerne skryta litt ekstra til vener og kjenningar. Crowdfunding gjev altså ikkje berre pengar i startfasen, men også grasrotstøtte etter at produktet er ferdig. Noko å tenkja på for dei artistane som no mister mange lyttarar av di plateselskapet deira ikkje lenger vil vera på Spotify!

  1. Tal frå RAJAR via WikiPedia []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/10/fuck-spotify-tankar-kring-stroyming-av-musikk/