Gode Youtube-kanalar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Youtube er ein rar stad. Der finn du videoar og kanalar om alt mogleg – både instruks for skjortestryking, skummelt mykje kvisepopping, plenty med folk som ramlar og slår seg, og ikkje minst endelaust mange kattevideoar. Sjølv om det er mykje rart, er det også mykje godt innhald på vevstaden. Eg har lyst å dela mine favorittkanalar:

Idea Channel

Idea Channel kjem ut med ein ny video kvar veke. Videoane har ein fast struktur: «Here’s an idea», seier verten, og kjem med ein påstand med popkulturell relevans. Deretter utdjupar han påstanden, drøfter den, kjem med døme, og oppsummerer. Heilt til sist er det ein gjennomgang av kommentarar frå førre vekes video. Døme på ein video:

AVByte

Brødrane Veejay og Antonius er ein musikalsk duo som skriv tekstar, komponerer musikk, koreograferer dans og filmar ein ny musikkvideo kvar veke. Songane er ofte muntre parodiar, kommentarar eller hyllest til popkulturen og andre aktuelle ting. Som denne om Slenderman:

Geek and Sundry

Sist vinter inngjekk YouTube partnarskap med ymse skaparar, deriblant sjølvaste Felicia Day. Du veit kven det er, ja? Felicia Day må vel kunne seiast å vera drotninga over alle geekar. På kanalen hennar, Geek and Sundry, finn me som namnet seier mykje geeking og anna ymse. I motsetnad til andre kanalar, som gjerne berre inneheld éin ting, er Geek and Sundry spekkfull av innhald:

  • Dark Horse Motion Comics: semi-animerte teikneseriar frå Dark Horse
  • Sword & Laser: bokklubb med Tom Merritt og Veronica Belmont som vert
  • The Flog: Felicia Day sin eigen serie, med alt frå retrospeling til matlaging
  • Written by a Kid: ein herleg serie kortfilmar basert på forteljingar til ungar
  • Google+ Hangouts med m.a. Vaginal Fantasy Bookclub
  • TableTop: superawesome brettspelshow med Wil Wheaton som vert
  • (og ikkje minst) The Guild: nettserien som Felicia produserer, skriv og speler i, og som nettopp starta på sin sjette sesong

Utpå hausten kjem også Paul & Storm med showet Learning Town, og eg er spent på kva dette er. Inntil då kan me kosa oss med timevis med knallbra innhald, til dømes Felicia Day med MOTORSAG:

We Come From the Future

Dette er videoshowet til nettstaden io9, og kjem ut i ny episode kvar fredag. Vertane er Annalee Newitz og Esther Inglis-Arkell, men er stundom gjesta av t.d. Bonnie Burton eller Veronica Belmont. We Come From the Future tek ofte for seg temaet i artiklane på nettstaden frå føregåande veke, og handlar om science fiction, fantasy, teknologi og underhaldning i form av både film, teikneseriar og bøker. Dei har også med eksperiment, som korleis laga ein Hitchhiker’s Guide to the Galaxy-inspirert, eteleg dram:

Rhett & Link og Good Mythical Morning!

Desse to kanalane går hand i hand. Rhett og Link kallar seg for «Internetainers», og det er vel det best dekkjande omgrepet om dei. Dei har skapt videoar på net sidan før YouTube. Nyleg la dei ut ein 11 timar lang video der dei song karaoke til songen All Night Long av Lionel Richie – heile natta gjennom. Det er ingen fast plan for hovudkanalen. På den andre kanalen har dei eit show som dei kallar Good Mythical Morning. Dei sit og pratar kring eit kvardagsleg tema fem gonger kvar veke. Mitt fyrste møte med duoen var truleg T-shirt War:

Vlogbrothers

Det starta i 1. januar 2007. Hank Green sendte ein video til broren, John Green. «I år skal ikkje kommunisera med kvarandre via SMS, e-post, eller anna form for tekst. I staden skal me videoblogga til kvarandre. Over YouTube.» Fem år seinare driv dei enno på, og har nyleg runda 1000 videoar. Hank og John Green vart Internett-kjendisar, og har sidan stifta Vidcon, den største konferansen for videoskaparar på nett, som i år vart besøkt av 7000 personar. Videoane deira handlar ofte om trivielle ting frå kvardagen deira, men gjer også freistnad på å utdanna, opplysa og engasjera – både kvarandre og me andre som ser på. Eigentleg alt mogleg. Songar, kommentarar til nyhendeinnslag, vitskapleg fakta, ja, til og med zombiar:

TEDTalks og TED-ed

Du har kanskje høyrt om TEDTalks. Dette er videoar frå TED-konferansen med talarar frå verda over. Tenkjarar, skaparar, kunstnarar, og innovatørar får halda ein tale på kring atten minutt innan feltet sitt. Saman delar dei idear og kunnskap innan teknologi, underhaldning og design. Talane leggjast ut på TED.com, men også på YouTube-kanalen. TED-ed er produsert av same folka, men er stutte videoar heller enn talar, og er retta mot utdanning. Dei er utmerkt i skulesamanheng, og eg skulle ynskja me hadde eit slikt tilbod då eg gjekk på skulen. Videoane handlar om alt frå matte og fysikk til filosofi og litteratur. Som denne:

SourceFed

Philip De Franco har samla ein gjeng med videovertar som presenterer og drøftar nyhende i eit snøgt tempo og gjerne i ein humoristisk tone. Vertane er Lee Newton, Elliot Morgan, Joe Bereta, Steve Zaragoza, Meg Turney, og stundom Trisha Hershberger. Sourcefed kjem med fem videoar kvar dag, som denne:

Vihart

Vi Hart kallar seg sjølv ein «recreational mathemusician». Videoane hennar handlar om matematiske tema. Dei er filma i fugleperspektiv, og startar ofte med ei notisblokk som Vi Hart kjapt fyller med krusedullar og fargar – slik ein gjerne gjer når ein keiar seg. Forteljarrøysta til Hart forklarar heile tida kvar tankane hennar går, og tek oss djupt inn i det matematiske emnet på eit enkelt, lærerikt og engasjerande vis! Vi Hart speler seg sjølv, ein nyfiken matematikar som liker å teikna spiralar i notisblokka si:

Wheezy Waiter, Wheezy News og Always Wheezy

Møt Craig Benzine. Videobloggar. Han kallar seg Wheezy Waiter, sidan han har astma og jobba tidlegare som servitør. No jobbar han på heiltid som YouTube-person, og legg ut videoar i fire kanalar. Hovudkanalen er den mest skripta, mest redigert, og mest underhaldande. Wheezy News er ein dagleg videoblogg, og inneheld ofte mat, kjærasten Chyna, og litt bak kameraet på hovudkanalen. Den tredje, Always Wheezy, er uredigert videoblogg teke opp på telefonen hans, og er ofte uskripta. Den fjerde kanalen er ganske ny, og heiter WheezyGamer1. Dette er ein kanal der Craig spelar videospel. Eg er ikkje heilt kome inn i trenden med å filma seg sjølv spela, og har difor ikkje sjekka den så grundig ut. Men dei andre kanalane til Wheezy Waiter er underhaldande, sjølv om dei i følgje Craig sjølv er uoriginale:

Andre kanalar verdt ein titt

Og sjølvsagt Simonblogg!

Kva slags kanalar liker du?

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/10/gode-youtube-kanalar/