Skrekkfilm

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det høver godt med ein tekst om skrekkfilm no når oktober nærmar seg slutten, så eg grov fram den følgjande teksten. Den stod på trykk i Mål og Makt nummer 2-2010.

Vågar du? Om skrekkfilm og publikum.

Kva er skrekkfilm, og kvifor flokkar folk til kinosalen for å la seg skremma?

Fullmånen skin bleikt gjennom det støvete glaset i det store, gamle huset. Skuggane sluker ljoset i det me høyrer noko. Eit iskaldt gufs fer gjennom oss då noko plutseleg skvett fram. Ein samstemt kinosal pustar letta ut då det viser seg å berre vera ein katt – heilt til den blodige kniven brått kjem til syne. Heile salen hoppar av skrekk.

Frå filmen Psycho

Slik har det vore nesten heilt sidan kinohusa vart til. Skrekkfilmen er ein av dei få reine filmsjangrane, og ingen har problem med å sjå for seg kva skrekkfilm er. I episoden ovanfor finn me eit par konvensjonar som er typiske for skrekkfilm: fullmåne, gamalt hus, skuggar, blod. Dette er likevel ikkje nok til å seia at det er dette som utgjer sjangeren. I motsetnad til sjangrar som western og science-fiction, der tid, stad og omgjevnad er det viktigaste, er det kjenslene til tilskodaren som er hovudfokuset til skrekkfilmen. Me er sjølvsagt klåre over tid og stad her òg, men skrekkfilmen speler mest på kjenslene våre. Meir nøyaktig på frykt. Kriteriet for frykt er fare. På fagspråket seier me at skildringane som skrekkfilmen gjer, er prefokuserte for å bringa fare til fiksjonsverda – at alt som synest fram for tilskodaren, er til for å skapa ei skremmande stemning. Den mest vanlege faren i skrekkfilm er når protagonisten – helten i filmen – står overfor noko livstrugande, og dette er gjerne eit monster.

Monsteret

Skrekkfilmmonsteret er eit beist som strid i mot det vanlege, det naturlege. Monsteret kan til dømes vera unaturleg stort, som kjempekongroa i Tarantula (1955), eller ha eit meir menneskeleg åsyn, til dømes zombiane i Night of the Living Dead (1968) eller vampyrane i 30 Days of Night (2007). Monsteret kan òg vera fullstendig ukjend for naturen, som romvesenet i Alien (1978). Monsteret kan til og med vera eit heilt vanleg menneske, som drapsmannen i Fritt Vilt (2006). Det som kjenneteiknar monstera er at dei går til åtak på det normale livet. Dei har gjerne overnaturleg styrkje, og er ganske seigliva og vanskeleg å stogga. Dette gjer at faren desse monstera representerer, er ekstra stor, og at me fryktar for livet til protagonisten.

Den skitne omgjevnaden bidreg til ei utrygg stemning i Fritt Vilt

Frykt åleine gjer ingen skrekkfilm. Frykt vert nytta i andre filmar òg. Frykt for at Marty ikkje skal koma seg heim til si eiga tid i Tilbake til Fremtiden (1985). Frykt for verdas undergang i 2012 (2009). Frykt for Dødsstjerna i Star Wars (1977). Men sjølv om me føler frykt i desse filmane, er ikkje dette dei same kjenslene som når me fryktar Freddy Krueger i A Nightmare on Elm Street (1984). Me fryktar Freddy, men me tykkjer også at han er motbydeleg. Når me ser han, med dei groteske, væskande brannsåra han har, ynskjer me å koma oss vekk derifrå. Ikkje berre fryktar me den livsfara monstera representerer – me vil rett og slett ikkje vera nær dei. Me vert kvalme av tanken på å få slimet til eit romvesen på oss, og ha lyst på ein lang dusj viss me skulle koma borti ein zombie.

I filmhistoria

Historia til denne sjangeren er ikkje veldig godt dokumentert. Mange vil peika på Universal-filmane av Dracula, mumien, varulven og Frankenstein-monsteret på trettitalet, medan andre vil sjå til triksa i dei stutte skvettefilmane til Georges Méliès kring 1900-talet. Mange kritikarar meiner at den tyske ekspresjonismen på tjuetalet la standarden for skrekkfilmkonvensjonane, med bruken av ljos og skuggar, fokuset på sjukdom og død, og dei karakteristiske stilistiske omgjevnadene. Rett nok har ekspresjonismen sett sitt spor i filmhistoria, men mange filmteoretikarar meiner at skrekkfilmen eksisterte før dette. Ta til dømes dei mange filmatiseringane av Frankenstein og Dr. Jekyll and Mr Hyde i perioden 1905–1920.

Kvar enn skrekkfilmsjangeren starta, hadde dei tidlege filmane ofte eit monster med opphav i litteraturen. På førtitalet starta ein trend med monster mot monster, der filmane plasserte to gigantar som varulven og Frankenstein-monsteret mot kvarandre. På femtitalet vart sjangeren hardt råka av ein kinogimmick som skulle ta opp tevlinga mot den nymotens greia kalla TV. Denne gimmicken var 3D, ein teknikk som innebar at filmane måtte filmast med to kamera. Bruken av 3D-effekten tok fokuset vekk frå sjølve historieforteljinga (og det skulle dessutan gå nesten femti år før 3D fungerte godt nok).

På starten av åttitalet kom 3D-filmen attende, med filmar som Friday the 13th Part 3

Skrekkfilmar fekk eit ufortent rykte på seg å vera spektakulære utan den kreative tyngda som «viktigare» filmar hadde – eit rykte sjangeren ikkje heilt klarar å kvitta seg med. På sytti- og åttitalet kom slasher-filmane, filmar der monstret helst drep folk med knivar, øksar og andre skarpe ting, gjerne så blodet sprutar himmelhøgt. Dette skulle dominera skrekkfilmen vidare, med filmar som Motorsagmassakren (1974), Halloween (1978) og Fredag den 13nde (1980). Ein avart av dette var splatter-filmen, som viser fram så mykje blod og innvolar som mogleg, og monstret drep difor gjerne folk på veldig fantasifulle måtar. Dette kom utover åtti- og nittitalet, og kring århundreskiftet var dette finjustert tortur, med filmar som Final Destination (2000) og Saw (2004).

Skrekkfilmens paradoks

Til trass for at sjangeren har status som dårleg, strøymer publikum til kinosalane for å la seg skremma. Dette er ein del av skrekkfilmens paradoks. Kvifor vil folk sjå noko som er ålment rekna for å vera dårleg? Og viktigare, kvifor vil folk sjå noko som skremmer og avskyr dei? Vil ikkje publikum prøva å unngå slike filmar? Viss me omtalar skrekkfilmar som skumle og ekle, vert populariteten til slike filmar heilt uforståeleg. Eit syn på skrekkfilm som ein orgie av frykt og avsky, forklarar ikkje populariteten til sjangeren. Skrekkfilmentusiastar omtalar gjerne skrekkfilm som veldig tiltrekkjande, men då vert det avskyelege i filmane gløymt. Dei kan til dømes seia at Dracula er eit sensuelt bilete om normalitet og seksualitet, men nemner ikkje at Dracula òg vitrar om blodsjukdom og byllepest. Dette synet på skrekkfilm, forklarar ikkje ikonografien i han.

Den rotteliknande utsjånaden til vampyren var framheva i den fyrste Dracula-filmen, Nosferatu, eine Symphonie des Grauens

Medieforsking kan hjelpa oss å finna svar. Frykta og avskyen me opplever når me ser skrekkfilmar kan hjelpa oss til å takla kvardagen. Teorien er at når me ser valden i desse filmane, avreagerer me. Monsteret går til åtak på samfunnet vårt, på det normale livet som tidvis kan vera litt krevjande, og dimed får me som tilskodarar utlaup for våre eigne irritasjonar, plagar og tankar. Dette kallar me katharsis. Omgrepet stammar frå Aristoteles, som meinte at føremålet med tragediane var å vekkja frykt og medynk hjå tilskodaren, som då fekk reinsa sjela si.

Mykje av fascinasjonen til skrekkfilm ligg altså i oss sjølve. I tillegg til at me liker å sjå nokon som går lengre enn det me sjølv vågar og vil, set me pris på å sjå at monsteret likevel får som det fortener. Dessutan elskar me å kjenna hjartet banka og adrenalinet brusa under dei mest intense skrekkscenene. Somme skrekkfilmar er bygde opp mest lik pornofilm, med «nummer» som avbryt handlinga. Du finn att slike nummer i andre filmsjangrar òg, til dømes dansenummeret i musikalar eller duellane i western. I skrekkfilmen er det drapsscena som er nummeret. Handlinga tek oss altså ikkje berre gjennom historia, men tek oss med frå nummer til nummer, drap til drap. Det er dette skrekkfilmentusiasten kjem til kinosalen for å sjå: det makabre, det ekle, det skumle i desse ekstra intense scenene som ligg mellom handlinga.

Sjølv om eit nummer ikkje alltid fører handlinga vidare – eg viser igjen til dømet med pornofilm – så kan numra ha ein plottfunksjon. Ei handling fører til eit nummer, og eit nummer fører til ei ny handling. Denne strukturen med årsak–verknad er ein del av den klassiske forteljande forma. Skrekkfilmar tek som regel ei slik forteljande form. Dei har ei byrjing, eit midtparti og ein slutt. Dei har ein klår protagonist (helten) som er i konflikt med ein tydeleg antagonist (monsteret). Den forteljande forma ligg djupt inne i oss. Me har hatt henne sidan før skrifta. Då forfedrane våre sat kring bålet og overleverte kunnskap og moral til den yngre generasjonen, gjorde dei dette med historier, og alle historiene hadde ein ganske lik bygnad – ein mal me liker den dag i dag. Igjen kan me trekkja linene attende til Aristoteles, som med Poetikken fyrst dokumenterte denne forteljingsstrukturen. Spenningskurva her kan finnast att i all klassisk forteljande film. Det at me liker skrekkfilmar, kan difor ha noko å gjera med at me har fått inn den forteljande forma med brystmjølka. Me interesserer oss for monsteret av di det har ein funksjon i ei større forteljande struktur.

Skrekkfilmar går ofte ut på å oppdaga og avsløra at noko umogleg – monsteret – faktisk eksisterer. Publikum ventar å få vita om monsteret eksisterer. Informasjonen om eksistensen til monsteret lèt venta på seg til å byrja med. Me får ikkje vita alt i starten, men får hint heile vegen. Sjølvsagt kan publikum finna ut av det med det same, men litt av spenninga vert då om når heltane våre skal gjera det, og om det er i tide. Den forteljande forma gjer at me ynskjer å få vita, eller at rollefigurane skal finna det ut. Sjølv etter at monsteret er avslørt, vil me vita meir om kvar det kom frå, kvifor det er her, kva det kan gjera, og sjølvsagt, korleis heltane kan stogga det – viss det i det heile kan stoggast. Det ukjente må gjerast kjent. I opningsscena til skrekkfilmkomedien Død Snø (2009) får publikum vita at det finst noko frykteleg på fjellet, men ikkje heilt kva. Den fyrste delen av filmen er utforma for å styrkja uvissa. Når Bjørn Sundquist bankar på, vil difor mange av oss tenkja at det er han som er monsteret – eller at han i det minste har noko med det å gjera. Det viser seg derimot at rollefiguren hans er den arketypiske vismannen, som kjem med den livsviktige lærdommen heltane treng. Monsteret er oppdaga og avslørt; me har med pengegriske, hemngjerrige nazizombiar å gjera, og del to og tre går ut på å overleva og til slutt å slå attende.

Nazi-zombiar i Død Snø

Anten det er dei klassiske Universal-monstra, moderne psykopatar med sans for omstendelege feller eller slimete gigantkryp i 3D, så har skrekkfilmen mykje å tilby. Den bleike fullmånen ventar på deg. Viss du vågar!

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/10/skrekkfilm/