«

»

Movie Star

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Ny spelkveld! Me var tre personar, og me spelte Movie Star. Dette er eit norskprodusert spørjespel om film og TV. Spørsmåla er delt inn i sjangrar – eller noko der i nærleiken. Det er raskt å setja seg inn i, men det er eit føremonn med god filmhugs. Her varierer spørsmåla frå dei kjempeenkle («Alec Guiness sa ‹That’s no moon. It’s a space station.› Kva heiter romstasjonen og kva heiter filmen?») til dei litt meir vrine («Den italienske regissøren Pier Paolo vart myrda i 1975. Kva var etternamnet hans?»).

Sjekk også ut dei andre spelkveldane!

Gje innspel