Sylvester 2001-2012

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Den 13. desember 2001 kom det ein liten kattunge til verda. Kattemora Musti var gammal og grå, og sleit mykje under fødselen. Kattungen var heilt livlaus, tilsynelatande daudfødt, og vart difor berre lagt i ein pose og kasta ut i gangen. Medan Musti strevde med nummer to (som heita Lucifer sidan dette var på Luciadagen), kvikna den fyrste plutseleg til, og skreik så høgt som ein nyfødd kattunge aldri har gjort før. Denne svarte og kvite katten vart kalla Plastikoff, av grunnar eg ikkje hugsar i dag.

Katten flytta heim til oss den vinteren, og omdøypt til Sylvester. Framlegget mitt om Nostradamus – med kallenamn Noste – vann ikkje fram hjå familien. Ein av dei fyrste tinga han gjorde saman med meg, var å liggja på sovesofaen og sjå Star Wars… Han prøvde å fanga X-Wingane under kampen om Yavin IV.

Sylvester har hatt litt uflaks oppgjennom åra. Mellom anna budde det mange kampviljuge kattar i nabolaget. Begge øyra hans har vore rive opp på grunn av slåsting. Ein gong hekta han seg fast i ein spiker under ein fjøs, og hadde eit fire-fem cm langt sår under brystet sitt. Han har hatt flått, sett fast ei klo i isen, og har hatt giktplagar, berre for å nemna litt. Men alt dette til trass, så har han vore ein sprek og kjælen katt med godt humør.

Om sumaren likte Sylvester å gå på jakt i skogen i nærleiken av heimhuset, eller berre liggja og nyta sola i det svale graset bak huset. Arbeidde me i hagen, likte han å halda seg i nærleiken og følgja med. Kvar jul var han fast inventar under juletreet. Sidan det var så mange andre katter i nabolaget, lét me han vera inne om natta. Han sov på rommet mitt, og om morgonen vakna eg ofte til ein katt som hoppa opp i senga mi. Han fekk bu inne til veslebror då eg flytta ut i 2005. Sjølv om han ikkje alltid ville kosa, likte han å vera i nærleiken av familien.

Sylvester var sjenert overfor folk, men kvar gong eg kom på besøk til heimhuset, var han snar med å koma å helsa på meg. Mest som ein liten hund kom han springande ned trappa når han høyrte meg. Han dilta etter meg kvar enn eg gjekk, og passa på å få sitja i fanget mitt minst ein gong i løpet av besøket. Han var ein svært reinsleg katt – tidvis nesten irriterande mykje. Som alle kattar gjorde han stor rundvask på seg sjølv etter kvart måltid, men han gjorde også rundvask viss han fekk ein liten smakebit, hoppa opp i godstol eller seng, hadde vore ute, hadde vore inne, nettopp hadde vakna, skulle til å sova – ja, nesten av alt! Dette gjorde at pelsen hans var noko med den mjukaste og reinaste pelsen eg nokon gong har sett på ein vaksen katt.

Det seinaste året har Sylvester hatt problem med helsa. Etter medisinering og ymse tiltak trudde me plagene var over. Men i sumar vart katten mindre aktiv og åt meir enn vanleg. Han gjekk ikkje lenger på jakt, gjorde frå seg inne, og vart veldig tynn. Sjukleg tynn. Me har vore innom dyrlækjaren fleire gonger. Ormkur, antibiotika, antiparasittmiddel, blodprøver for stoffskiftet og nyrene… Diverre var det ingenting som hjelpte. Ting tydde på at det var kreft. Familien tok til slutt den vanskelege avgjersla om at me skulle la katten få sovna inn no. På måndag var veslebror og eg innom dyrlækjaren med honom for siste gong.

Adjø vesle Sylvester. Eg saknar deg kjempemykje.

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/10/sylvester-2001-2012/