«

»

Eg deltek i Movember

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det er Movember, og eg treng di hjelp!

I heile november pågår kampanjen Movember. Denne kampanjen går ut på å synleggjera menns helse og samla inn pengar til kreftforsking.

Heile ein av åtte menn får diagnostisert prostatakreft i løpet av livet. I Noreg får 4210 nye menn diagnosen kvart år. 70 % av overskotet som Movember i Noreg får inn, går til forsking på prostatakreft her til lands. Resten går til andre forskingsprosjekt kring om i verda. Eg ynskjer å gjera ein innsats eg òg. Eg har difor forplikta meg til å la barten gro i heile november for å stø kampanjen, og gjennom dette samla inn pengar til kreftforskinga.

Eg vonar du vil støtta Movember ved å sponsa barten barten min. Du kan gje eit bidrag på Movember-sida mi: MoBro.co/Boba, eller eit generelt bidrag på no.movember.com/donate

På førehand hjarteleg takk for at du stør innsatsen min og alle andre som deltek i Movember for å fremja menns helse!

Les om Movember på nettsidene til Kreftforeningen, eller på dei offisielle sidene: Movember.com

Gje innspel