«

»

Ein draum med Batman, Hitchcock og Vegard Larsen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I natt hadde eg ein litt pussig draum. Eg rita den ned med det same eg vakna, og vil no dela den med dykk:

Det var ein krystallklår vintermorgon, og eg var ute og gjekk på ski. Det vart plutseleg kveld og haust, og dette gjorde meg så paff at eg snubla over eit gjerde. Eg stod utfor Wayne Manor i Gotham.

Eg ville inn, men døra var stengt. Eg gjekk rundt, og fann ein hemmeleg inngang på sida av herskapshuset. Eg kom ut bak ei bokhylle inne i salongen. Det såg ikkje ut som om Bruce Wayne var heime, men Alfred Pennyworth stod og tørka støv av bokhylla. Han let seg ikkje overraska då eg spratt fram, men nikka stadfestande med djupt alvor til meg.

Akkurat då kom nokon ned den gigantiske trappa. Det var ein annan Alfred, nemleg Alfred Hitchcock. Eg følte at nokon laut ta i mot honom, så eg gjekk bort:
– Welcome mister Hitchcock. May I offer you a drink? Perhaps some brandy?
Hitchcock rynka på nasen og svara stutt og strengt:
– No!
Han gjekk vidare, tok av seg sko og sokkar, og gjekk inn i matstova. Eg stod forfjamsa over at han ikkje ville ha ein dram. Eg spurte tenaren, som no plutseleg var Vegard Larsen frå Filmbonanza:
– What’s his deal?
– Eg anar ikkje, svara han. Han er sikkert berre gretten. Lat han få leika litt i bassenget, så vert han sikkert i betre humør om ei stund.

Inne på matstova var det eit diger basseng. No låg Hitchcock og plaska midt i bassenget. Han hadde ein gul badering forma som eit dyr. Eg trur det var ein sjiraff. Eller ei and.

Vegard Larsen gjorde seg ferdig med støvtørkinga. Han var ikkje lenger i uniform, men hadde khaki kortbokse og orange hawaiiskjorte på seg. Han la seg på ei solseng ved bassengkanten. I handa hadde han ein turkis paraplydrink. I bassenget plaska Hitchcock vilt og storkosa seg.

Eg ville vera med, men det var vanskeleg å gå. Eg gløtta ned, og oppdaga at eg framleis hadde på meg ski. Eg oppdaga også at eg var Batman…

Gje innspel