Skeptisk til World War Z

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Filmatiseringa av World War Z ser ut til å snart koma i mål, etter mykje problem, utsetjingar og kaos. Denne veka såg me endeleg ein trailer til den. Og eg er skuffa. Mest av di dette ser ut til å vera ein heilt vanleg actionfilm – med zombiar – og totalt blotta for sjarmen i boka. Men også av di zombiane ser så utruleg falske ut. Sjå til dømes scena der hundrevis av dei klatrar opp ein mur. Dei ser meir ut som slektningar av Jar Jar Binks enn skumle zombiar…

Ja, apropos klatringa og laupinga me ser: WTF?! Ein zombie kan ikkje klatra. Ein zombie kan ikkje springa. Ein zombie har ikkje overmenneskelege krefter. Eg misliker når filmzombiar gjer slikt, fordi det strir i mot all fornuft.

Dette veit me:

  1. Ein zombie er berre så sterk og rask som den opphavlege personen.
  2. Ein zombie har ikkje smertekjensle. Når den lauper, er den ikkje hindra av sting, lårvondt, mjølkesyre eller liknande. Den har heller ikkje overlevingsinstinkt.
  3. Ein zombie ingen celleregenerering. Når muskelfibra vert slitt (og dei slitast jo ved bruk), vert dei ikkje bygd opp att.
  4. Ein zombie har ikkje mange fungerande organ. Ingen ingen oksygen ut til lemmane, ingen adrenalinproduksjon, nervetrådane vart svidd av i det personen døydde, det finst ingen immunforsvar, ingen finmotorikk, og blodårane er fylt av koagulert blod.

Eg kan godt gå med på at ein zombie tilsynelatande (punkt 1) har overmenneskelege krefter (punkt 2), men at denne styrkja er omvendt proporsjonalt med kor mykje den brukast (punkt 3), og dessutan berre tidleg i eksistensen til zombien (punkt 4). Og med tanke på kor mykje miljø har å seia for «levetida» til ein zombie1, er det difor svært lite sannsynleg å møta ein supersterk zombie – langt mindre diger flokk av dei!

Det er provoserande at Brad Pitt og studioet hans går såpass vekk frå kjeldematerialet i World War Z, og tyr til kjipe, urealistiske raskzombiar. World War Z er jo oppfølgjarboka til Zombie Survival Guide, den ultimate boka med alt du treng å vita om den komande zombieapokalypsen. I Zombie Survival Guide er biologien til ein zombie veldig godt forklara, og det finst ingen grunn til å tru på hollywoodiseringa med raske, sterke zombiar!

  1. Eit fuktig, varmt miljø gjer at zombiekroppen brytast ned kjemperaskt. I løpet av ein dag eller to vil zombien ikkje lenger vera i stand til å røra seg. []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/11/skeptisk-til-world-war-z/