På kinotur med meg

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg liker å dra på kino. Filmen er i sitt rette element her. Fjernsynsskjermen heime kan ikkje måla seg med kinolerretet. Lerretet er større, er breiare1, og opplevinga er meir eller mindre som påtenkt av skaparane. Ingen kutting i sidene for å få plass til heile biletet. Ingen feil i påtenkt lysstyrke og fargar på grunn av eit utal feilkjelder.2 Heile situasjonen i kinosalen er prefokusert for nettopp optimal filmoppleving. Heime er det gjerne støy i form av oppvaskmaskinar, naboar, DVD-spelaren sjølv, og i synsfeltet ditt har du heile stova med alt det rotet som kvardagen bringer med seg. Du klarar aldri å nyta ein film fullt ut når du ser straumrekninga i augekroken, eller veit at det står ein haug med oppvask berre seks-sju meter unna deg. På kino slepp du alt dette. I tillegg er kino ei sosial og kulturell oppleving. Men viss du er med meg på kino, lyt du kanskje vita litt fyrst.

(Foto av m4tik, lisens CC BY-NC 2.0)

(Foto av m4tik, lisens CC BY-NC 2.0)

Snop

Det er mange som assosierer saltknask og sjokolade med kinoturen. Det gjer ikkje eg. Sjølvsagt, eg kan godt slå til med popkorn eller sursild, men eg kjenner ingen trong til at eg absolutt må ha med meg noko å nista på. Dette kjem av at eg drar ofte på kino (litt mindre her i Rana enn då eg budde i Nidaros). I tider med mange premierer, er det ikkje ulikt meg å gå minst ein gong i veka – om ikkje meir. Det er ei dyr affære å kjøpa med seg snop kvar gong. Er eg med på kino, så må du ikkje føla deg tvungen til å la vera å kjøpa snop sjølv om eg avstår frå det akkurat denne gongen. Har du lyst på snop, så skal ikkje eg stoppa deg. Og likeeins, viss eg skulle finna på å kjøpa noko som du avskyr aromaen til (ferdignachos med ostesmak, til dømes, har ei veldig kraftig lukt som mange ikkje liker), så må du ikkje nøla med å seia i frå. Eg tek sjølvsagt omsyn til dette.

Sjanger

Eg er stort sett alltid med på kino, same kva sjanger. Skulle eg takka nei, så er det truleg av di eg ikkje har tid eller råd akkurat då, men elles vert eg gjerne med. Hardbarka action? Sure! Romkomkliss? Klart det! Musikal? ♩♪Eg er med♪♩! Intelligent scifi? Ja, veldig gjerne! Hjernedaud scifi? Javisst! Zombiar? Uææ, kor?!

Mobiltelefon

Telefonen skal liggja heime eller i bilen, eller til naud avslått i lomma di. Den skal ikkje brukast til å sjekka klokka undervegs, den skal ikkje brukast til å skriva noko og den skal ALDRI brukast til å ringa/ta i mot samtalar. Sjekkar du klokka, så blender du halve kinosalen med flomljoset frå skjermen, same kor diskret du prøver å vera. Då er du daud for meg resten av visninga. Tastar du meldingar undervegs, så er eg forbanna på deg resten av kvelden. Og er du så dum at du faktisk pratar i telefonen undervegs, ja, då kan du berre gløyma å vera med meg på kino meir. Og telefonen din, vel, den har du nettopp signert dødsdommen til. Eg er ikkje ukjent frå å stela telefonane til drittungar, så tru ikkje at du er trygg sjølv om du kjenner meg!

Prating undervegs

Ikkje gjer det. Det er sjølvsagt greit å reagera til filmen, eller ein venleg (med kviskrande røyst) «vil du ha?» viss du tilbyr ein smakebit av snopet ditt eller ein «orsak» viss du må gå gå ut på do, men eg fører ikkje ein samtale med deg i kinosalen. Det er frekt overfor meg, og overfor alle andre i kinosalen. Kommentarspor venter eg med til videoen kjem ut… Derimot liker eg veldig godt å prata om filmen både før og etter. Me kan gjerne avtala å dra ein halvtimes tid i førevegen, så får alle tid til å handla det dei måtte ha lyst å handla, gå på toalettet, og ikkje minst hengja litt i foajeen og prata. Dette høyrer meir til kinoopplevinga enn popkorn i mine auge. Drøftinga, forventingane, sitja med billetten i handa og lura på kva slags univers den vesle papirlappen snart tek oss med inn i. Det er triveleg. Som regel har eg ingen planar etterpå heller, og ynskjer gjerne å prata om det me nettopp såg.

Rulleteksten

Ha tolmod. Eg tvinger deg ikkje til å sjå heile rulleteksten, men eg føretrekk å sitja litt. Med det same rulleteksten kjem, stressar jo alle andre ut samstundes. Det er trongt, og folk dyttar, og me rivast brutalt ut av filmuniverset. Det er så leit. Det er mykje meir triveleg å venta (minst) eit halvt minutt, til fe-flokken har fått stampa seg ut. Lytta til musikken frå filmen. Faktisk få tid til å ta på seg kleda sine, og vera sikker på at alt er med. Drøfta filmen me nettopp såg (sjå over). Spasera roleg ut utan å risikera å bli nedrent av folk med akutt rulletekstallergi. Eit halvt minutt, ver så snill?

Generelt

Me har alle betalt for ein teneste: å sjå ein film i optimale forhold. Me sit ikkje i eiga stove, og lyt te oss deretter! Difor er me høveleg reine og pene når me går på kino sånn at me ikkje plagar halve salen med tre dagar gammal sveittlukt, me stikk ikkje føtene våre mellom eller oppå seta framfor oss, me sit ikkje og fiser eller rapar, me kastar ikkje tomgodset vårt rundt i rommet, og me springer slettast ikkje rundt i berre underbuksa framfor lerretet midt i filmen! Det skulle ikkje vera naudsynt å seia dette – men akk, eg har diverre observert alt. Folk betalar 100 kroner for å nyta ein film i sitt rette miljø, ikkje for å oppleva dine uvanar.

Så, når drar me på kino?

  1. Storleiksforholdet på fjernsynsskjermen er 1.77:1, medan forholdet på kinofilm er opptil 2.40:1. []
  2. Feil på tv-sendinga, feil på fjernsynsapparatet, feil på grunn av fikling med innstillingar, feil lysforhold i stova, og så bortetter. []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/12/pa-kinotur-med-meg/

1 comment

    • Vegard on 4. januar 2013 at 4:47

    Veldig bra skrevet, Simon! Og helg enig i samtlige punkter. Her har mange nok å lære.

Comments have been disabled.