«

»

Munchkin

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Ny spelkveld! Etter å ha hatt nokre øvingsrundar for å læra reglane, var det tid for å spela Munchkin. Me var tre personar. Alle var meir eller mindre ukjent med spelet, men det lét oss ikkje stoppa lell. I rollespelsjangeren er ikkje målet å vinna, men å byggja opp ein karakter og skapa ei historie saman med dei andre. Det finst derimot spelarar som spelar for å vinna. Desse kallast ofte for munchkin. Inn kjem kortspelet Munchkin. Her er rollespelaspektet av rollespeling fjerna. Vekk med historia, karakteren er uvesentleg og kan byta rase og klasse titt og ofte, og målet i spelet er å vinna ved å sparka inn dører, overvinna monster, ta skattane og koma seg fyrst til Level 10. Undervegs kan du pruta, gambla, slåss og stikka kjeppar i hjula til dei andre. Me spelte to rundar, og hadde ein tykje artig kveld!

Sjekk også ut dei andre spelkveldane!

Gje innspel