«

»

Cluedo

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Fredag 28. desember skipa eg til spelkveld. Me spelte fyrst eit par rundar med Dixit, men kvelden var enno ung då me var ferdig, og folka var lysten på meir spelmoro. Eg leita difor fram Cluedo, medan me drøfta om det uttalast «klu-e-do» eller «klu-do» (WikiPedia meiner dette). Enkelte var dessutan særs overraska over å høyra at det finst ein film basert på spelet, filmen Clue frå 1985.

Boksen til Cluedo

Boksen til Cluedo

Sju personar samlar seg i eit herskapshus ein mørk og stormfull aftan. Men før noko vert avsløyrt, vert millionæren som har samla alle der, myrda. Kven som helst av dei seks andre kan vera mordaren.

Brettet er eit herskapshus, åstaden for eit mord

Brettet er eit herskapshus, åstaden for eit mord

Det er tre typar kort: rom, person og mordvåpen. Eit romkort, eit personkort og eit våpenkort vert tilfeldig trekt ut og lagt i ein konvolutt. Dette er mordaren, rommet mordet hendte i og våpenet som vart brukt. Resten av korta vert stokka og delt ut til spelarane. Spelet går ut på å finna ut kva kort som ligg i konvolutten ved å undersøkja rom, sjå på gjenstandane og stilla strategiske spørsmål til dei andre spelarane («Var det Barbro Blåklokke med ljosestaken på kjøkenet?»).

Trill terningar, spør mistenkte og finn ut kven mordaren er, kvar mordet hendte og kva våpen som vart brukt.

Trill terningar, spør mistenkte og finn ut kven mordaren er, kvar mordet hendte og kva våpen som vart brukt.

Når nokon spør deg, og du sit med korta det spørjast om, så må du visa fram eitt av korta. Har du ingen av korta, seier du at det kan du ikkje svara på, og spelaren må spørja neste person. Runden er over når spelaren får eit svar eller ingen kan svara. Til slutt har du samla nok leietrådar til å gissa kva kort som ligg i konvolutten. Spurt ned i kjellaren, og skrik ut namnet, våpenet og rommet. Du får titta på konvolutten. Er det feil, så er du ute av spelet (men kan svara på spørsmål frå medspelarane). Er det rett, vinner du.

Det var Mons Multe med pistolen i arbeidsrommet!

Det var Mons Multe med pistolen i arbeidsrommet!

Sjekk også ut dei andre spelkveldane!

Gje innspel