«

»

Dixit

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Førre fredag, som eit pusterom mellom ribbe, pinnekjøt og familievitjingar, skipa eg til min månadlege spelkveld. På bordet stod det potetgull, sjokolade i alle variantar, brus eller øl til dei som ynskte det, og sjølvsagt midt oppi det heile eit spel: Dixit!

Boksen til Dixit

Boksen til Dixit

Dixit er eit veldig elegant spel. Det elegante ligg i at det er særs enkelt å læra, men likevel er utfordrande og like morosamt kvar gong. Alle får utdelt spelekort med nydelege teikningar med eventyrlege, abstrakte og kunstnariske motiv. Kvar runde har ein forteljar. Denne forteljaren vel eit av korta sine, og fortel noko om det – ei setning, eit ord, eit filmsitat, kva som helst – og legg det med biletsida ned. Resten av spelarane skal no velja eit kort frå handa si som kan stemma overeins med det forteljaren sa, og leggja det på bordet med biletsida ned. Forteljaren tek inn korta på bordet, stokkar dei og legg dei fram med biletsida opp. Spelarane skal no gissa kva kort som var forteljaren sitt.

«Det var heldigvis ingen som såg at han hadde dårleg hårdag»

«Det var heldigvis ingen som såg at han hadde dårleg hårdag»

Gissar du rett, får du poeng. Gissar nokon av dei andre spelarane ditt kort i staden for forteljaren sitt kort, får du poeng. Forteljaren får ingen poeng viss alle eller ingen gissar rett, men får poeng viss nokre gissar rett og andre gissar feil. Spelet er slutt når det ikkje er fleire kort att, og vinnaren er den med flest poeng.

Poengbrettet er ei fredeleg eng og brikkane er koselege kaninar

Poengbrettet er ei fredeleg eng og brikkane er koselege kaninar

Etter eit par rundar med Dixit, gjekk me over til Cluedo.

Sjekk også ut dei andre spelkveldane!

Gje innspel