«

»

Som katt og hund

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Veke 3 2013: Endeleg er sola attende. Eg har ikkje hatt solljos inn stovevindauget mitt sidan oktober i fjor. Eg feira med å drikka ein gul brus og dra på kino. Eg var også hundepassar for hunden til pappa, og stakk ein snartur innom heimhuset og helste på katten.

Kinofilmen eg såg var Les Misérables. Eg veit mange ikkje tykkjer om musikalar. Det er eg heilt uforståeleg til, for musikalar er digg. Men Les Miz levde ikkje opp til forventingane mine. Det vil seia, eg tykte det var ein fornøyeleg film, men det var einskilde ting som skurra for meg.

Den største «feilen», om ein kan kalla dette det, var den utstrakte bruken av halvnært og nært biletutsnitt. Dette fungerer sjølvsagt godt i scener med personlege og nære scener, men diverre var desse biletutsnitta også brukt i handlingstunge og storslegne scener. Musikken og hendingane er store, men kamerabruken er liten og statisk, med unnatak av eit og anna oversynsbilete frå kran.

Skodespelet er det derimot ingenting i vegen med, og eg likte særskild godt at mykje av songen er teke opp «live», altså under innspelinga. Til vanleg syng dei songane i studio lengje før opptak, og må spela scenene sine deretter. Ved å spela inn songane medan dei filma, fekk dei til ein spontanitet som ofte kan mangla i større musikalproduksjonar.

Alt i alt ein brukbar kinofilm, trass i at eg sakna den diffuse wow-faktoren.

Vekas vilkårlege film: Smala Sussie (2003)

Eg mista ljoden plutseleg under opptak, og merka ikkje det før redigeringa. Difor vart slutten av denne videoen veldig brå. Eg kunne sjølvsagt filma på nytt, men det er sundag kveld og eg gidda ikkje. Det får då vera grenser! : )

Gje innspel