«

»

Stolleiken

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Simonblogg veke 2: Kontorstolen min knakk plutseleg, så no sit eg utan stol – eller rettare sagt: står.

Vekas vilkårlege film: Supergirl (1984)

Fallet var ikkje planlagt. Her er eit utdrag frå skriptet mitt:

                              SIMON
                    Eg prøver med ein puff...

          Han vrikkar litt rundt på puffen, og ser fornøgd ut.

                              SIMON
                    Dette kan fungera...

          Han prøver å stø opp armen, men bommar. Der er ingenting
          der.

                              SIMON
                    Hmm, ikkje noko armlene.

          Simon lener seg bak, litt irritert, men mister balansen.
          Det er ikkje noko ryggstø på puffen. Han rettar seg opp,
          lettare fortumla.

                              SIMON
                    Eg trur dette vert litt for farleg.

          Han fjernar puffen og hentar ein lenestol. Stolen er
          tung og klumpete.
                              SIMON
                         (litt andpusten)
                    Då prøver eg den store, stygge,
                    rosa lenestolen...

Eg bruker Celtx, skrivebordsversjonen, som er tilgjengeleg på Linux, Mac og Windows. Den nynorske språkdrakta er diverre litt utdatert, men det er mi skuld. Eg var omsetjar for programmet ei stund, men gløymte det heilt vekk, og har aldri teke meg tid til å ta opp tråden igjen… Du kan hjelpa til med omsetjinga viss du vil.

Gje innspel