Kva er det lengste tidshoppet?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg rydda i e-postarkivet mitt her om dagen, og fann ein artig frå 2005 om tidsreising:

Heilt sidan Herbert George Wells trudde han var dødssjuk i 1895, har vi reist fram og tilbake i tid. Vel, i bøker og seinare film i alle fall.

I filmen Back to the Future reiste Marty McFly 30 år tilbake og fram igjen. Drapsroboten T-101 reiste 47 år tilbake i tid for å drepa Sarah Connor i The Terminator. Kaptein Kirk reiste 78 år framover i tid i filmen Star Trek Generations. Vel, reint teknisk var det ikkje han som reiste i tid. Kirk var berre på ein stad der tid ikkje eksisterte. Utafor denne staden gjekk den relative tida (i forhold til jorda) 78 år. Men var dette lange tidshopp?

Tja… Til samanlikning sendte H.G. Wells hovudpersonen i boka The Time Machine 800 806 år fram i tid! Langt tidshopp? Tja… Seinare i boka drog fyren på ein snarvisitt tretti millionar år framover!

Eg meiner likevel at det aller lengste tidshoppet vart teke i Douglas Adams-boka Restaurant at the End of the Universe. Ingen kan hoppa lenger fram enn dette, rett og slett av di det ikkje er mogleg å senda nokon forbi slutten av tida. Restauranten i boktittelen, Milliways, tek deg jo heile 30 minutt forbi slutten av universet.

Bortsett frå Restaurant at the End of the Universe, kva er det lengste tidshoppet?

Permanent link to this article: https://boba.no/2013/04/kva-er-det-lengste-tidshoppet/