«

»

Eg testar Vine

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Vine kom nyleg ut på Android, så eg tenkte eg måtte testa det. Mitt fyrste forsøk var ein vits:

Planen var ein serie med like herlege vitsar, men eg tykkjer at eg manglar timinga som 6-sekundersgrensa krev. Litt ekstra vanskeleg er det av di Vine for Android enno ikkje stør frontkameraet.

Dei neste har ein stram treakt-struktur heilt i tråd med aristotelisk dramaturgi med ei campbelsk heltereise der protagonisten legg ut på ein tur, møter ein mentor og lærer om seg sjølv og livet… Eller kanskje berre tøys og Star Wars-leiker. For kvifor ikkje?

Eg er framleis litt usikker på Vine. Eg saknar høve til å lasta opp ein kladd til seinare publisering. Eg saknar også eit grensesnitt på veven. Eg ynskjer å logga inn på nettstaden og kunne gjera alt eg kan i appen bortsett frå sjølve filminga.

Gje innspel