Simon presenterer: to stutte videoar frå 2002

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Stuva vekk i eit einsamt skap i ein mørk bod låg det ei støvete heimebrent CD-plate med gløymte løyndommar frå ei svunne tid. Ei tid då eg skreiv engelsk av di det var kulare enn norsk. Ei tid då eg tykte Comic Sans faktisk var litt OK. Ei tid då eg filma stutte animasjonsfilmar med LEGO-figurane til veslebror. Slike skumle løyndommar kan ikkje haldast skjult lenger. Her er to stutte videoar frå 2002.

Utruleg talentfullt filma med Creative WebCam, spesialeffektane er meisterleg laga i MS Paint, og redigert med — vel, eg hugsar ikkje korleis eg redigerte herlegdommen. Kva, det er jo over ti år sidan! Ikkje døm meg…

Permanent link to this article: https://boba.no/2013/06/simon-presenterer-to-stutte-videoar-fra-2002/

1 comment

    • Vegard on 4. juli 2013 at 12:56
    • Reply

    hehe, artig

Legg att eit svar

Your email address will not be published.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.