Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
Kva er klokka no, tru? Er det lengje til eg må stå opp? Gah, eg må få sova! Viss eg snur meg, kanskje…
Høh? Denne høgrearma er litt i vegen. Korleis er det eg til vanleg har den? Bak hovudet? Au, nei, det gjer vondt i skuldra. Bak ryggen, då? Der ja. No er den ikkje i vegen. Hrm… Dette kjennest rart ut. Prikking. Åja, så arma sovnar før meg?! Grrr. Og no er venstrearma også i vegen. Kvifor har eg så mange armar? Og kvifor er dei så lange? Slenderman. Uæææ, ikkje tenk på Slender no! Fort, tenk på noko anna! Eit anna spel? Ææ, kjem ikkje på noko. Amnesia. Faen! Det var ikkje betre. Eg må inn på andre tankar. Viss eg snur meg, kanskje…
Hmm. Eg trur eg gløymte å låsa bilen. Oh, well… Høyrer vel viss nokon prøver å stikka av med den. Det verkelege spørsmålet er vel kor eg la bilnøklane. Ah, ikkje nøye no. Prøv å få sova. Undrar kva klokka er no. Kanskje eg er fast i ei tidsløkke! Ei evig søvnlaus natt. For eit mareritt. Okei, må sjå på klokka. Men den står på andre sida av senga. Viss eg snur meg, kanskje…
Eg er svolten. Har eg noko å knaska på i kjøleskapet? Kanskje ei gulrot. Undrar kor mange kaloriar det er i ei gulrot. Undrar kor mange kaloriar ein forbrenn av å eta ei gulrot. Kanskje gulrota inneheld negative kaloriar. Pannekaker! Eg har lyst på pannekaker! Med bacon! Og dropp pannekakene! Eller har eg mest lyst på ferske rundstykke? Nei, eigentleg har eg lyst på bacon. Nei, eigentleg har eg lyst å sova. Men korleis får eg sova no? Viss eg snur meg, kanskje…
I morgon skal eg støvsuga stova, rydda på soverommet… Nei, eg må få sova. Korleis var det, teljing av sauar? OK, fokus, visualiser. Ei eng. Eit lågt gjerde. Her kjem dei. Ein sau hoppar over. To sauar. Sau. Sau. Fem. Seks. Svart sau. Sau med veldig mykje ull. Sau med Yoda på ryggen. Sau. Elleve.. vent, hæ? Den siste var ikkje ein sau. Det var… Ånei…
Okei. Ei historie. Det var ein gong… God start. …for lengje sidan… Bra. …i ein galakse langt… Stopp. Eg får aldri sova viss du held på sånn, hjerne! Fuck it, eg står opp og ser Star Wars resten av natta.