«

»

Simon presenterer: Split screen-test #1

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg prøvar meg med split screen. Eg har aldri prøvd meg på avansert redigering før, så eg tykkjer dette var eit passande fyrste steg.

Split screen er ein teknikk brukt i filmar der biletet typisk er splitta på midten, med ei innstilling til høgre og ei til venstre. Innstillingane kan vera filma på forskjellige stader til ulike tider. Ein mogleg bruk er å fjerna personar frå ei scene – eller som her, leggja til ein person.

Gje innspel