Mine favorittepisodar av Buffy

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I 1992 kom ein film med tittelen Buffy the Vampire Slayer. Ein tullute tittel, og filmen var nett det: tullute. Då TV-serien kom nokre år seinare, var det stort sett berre tittelen og grunnkonseptet som vart vidareført. Buffy the Vampire Slayer er svaret på eit tankeeksperiment om skrekkfilm: Kva viss den blonde jenta aleine i den mørke bakgata IKKJE døyr fyrst, men faktisk er HELTEN i forteljinga? Ein kjent skrekkfilmkonvensjon er The Final Girl, den introverte, guteaktige, moralsk sterke, brunhåra jenta som overlever til sist og sigrar over monstret. Den blonde, ekstraverte, blonde jenta er som regel den fyrste til å døy verta hjelpelaust, brutalt slakta. Inn kjem blonde Buffy, men Whedon snur rolla heilt på hovudet og gjer henne til superhelt.

I vinter hadde eg eit gjensyn med heile TV-serien. Eg digga kvar einaste episode. (Vel, bortsett frå den episoden med neandertal-øl.) Sju sesongar, 144 episodar, 101 timar. Humor, spenning, ironi, tenåringsangst, postmodernistisk sjangerblanding, truverdige rollefigurar og sterke manus. Serien er proppfull av gode episodar. Eg har vald ut ti av mine favorittar.

(Her skulle eg kanskje ha hatt den obligatoriske åtvaringa om at det kjem spoleringar… men i alle dagar då, menneske? Det er over ti år sidan serien gjekk av lufta. Har du ikkje sett den til no? I så fall: kvifor i alle dagar sit du her og les? Gå, leit fram Buffy på DVD eller BD eller Netflix eller whatever. Sjå den. No. Med ein gong. Innlegget går ingen stad. Bokmerk det. Kom tilbake når du er ferdig. Det er berre sju sesongar. To-tre helger, så er du der. OK, fint.)

#10: Intervention (S05E18)

Intervention

Intervention

Viss eg skal rangera hovudskurkane, kjem Glory nesten heilt nedst, hakket over Adam. Eg likte aldri henne, og tykkjer at den overordna forteljinga om Glory i sesong 5 var veik. Når det er sagt, var det mange gode augeblikk i denne sesongen. Mange mørke augeblikk. Det er difor denne episoden er så minneverdig. Etter kontinuerlig tragedie dei seinaste episodane, kjem denne som ein lettsindig pusterom før me går mot sesongavslutninga.

Spike har fått ein sexbot i Buffy sitt bilete. Dette skjer tilfeldigvis samstundes med at Buffy sjølv er bortreist. Når venene tilfeldigvis ser Buffy(boten) og Spike midt i akta, oppstår forvirring og komikk. Det er tydeleg at Sarah Michelle Gellar storkosa seg i rollen som ein mindre intelligent robotversjon av rollefiguren sin. Men sidan plottet skal bringa forteljinga om Glory vidare, måtte episoden diverre innom dette. Glory kidnappar og torturerer Spike på jakt etter Nøkkelen.

Mørket er ikkje gløymt. Buffy, den ordentlege Buffy, har denne sesongen blitt meir interessert i kvar kreftane hennar kjem frå, og kva det inneber å vera vampyrjegaren, Den Utvalde. Giles og ho drar på ei mystisk reise, ei sjelevandring i ørkenen. Der får ho eit syn av den fyrste Utvalde, som kryptisk fortel det viktigaste i livet til ein vampyrjegar: Death is your gift. Både dette og Buffyboten set opp plottpoeng i sesongavslutninga.

Det er likevel Spike episoden handlar om. Buffy har tidlegare sagt at han og ho kan aldri bli saman. Her demonstrerer han på perverst vis kvifor. Men trass i at han startar episoden på verst mogleg vis, og er mørbanka og fæl i slutten, har han forsona seg i våre auge. Buffy, utkledd som Buffyboten, vitjar honom:

Buffy: Why did you let that Glory hurt you?
Spike: She wanted to know who The Key was.
Buffy: Well, I’ll go tell her and you won’t have to…
Spike: No! You can’t ever. Glory never finds out.
Buffy: Why?
Spike: Cause Buffy. The other, not so pleasant Buffy. Anything happened to Dawn, it’d destroy her … and I can’t live seeing her in that much pain. I’d let Glory kill me first. Nearly bloody did.

Buffy forstår at jamvel om Spike er umoden og har sine mange manglar, er han til å lita på. I takksemd kyssar ho han, for fyrste gong av fri vilje.

#9: Selfless (S07E05)

Selfless

Selfless

Endeleg ein skikkeleg Anyanka-episode. Etter at bryllaupet og forholdet til Anya og Xander rakna, gjekk Anya attende til sine demonrøter. Ho er igjen ein hemndemon, og for ein hemndemon ho er! Det er ikkje kvar dag eit heilt hybelhus på campus vert brutalt slakta av ein gigantisk edderkopp som reiv ut hjarta til alle som var til stades.

Dette er kanskje ikkje den beste episoden, men eg liker at me endeleg får opphavshistoria til Anya. Den starta kring år 880, då Anya berre var ei svensk vikingkone kalt Aud, som dreiv med kaninoppdrett og venta trufast på vikingmannen sin, Olaf. Me får også sjå korleis Anyanka opererte i eit attendeblikk til den russiske revolusjonen i 1905, og ei påminning om dei gode tidene før bryllaupet med eit par nye scener som føregår samstundes med episode 7 i sesong 6.

Buffy er villig til å drepa Anya. Nei, Buffy insisterer på å drepa Anya. Og Anya, som ser på kaoset ho har skapa, ynskjer det sjølv. Venene er i tottane på kvarandre. Alt ser ut til å rakna.

#8: Conversations with Dead People (S07E07)

Conversations With Dead People

Conversations With Dead People

Denne episoden markerer at det er ingen veg attende. Me svingar ut på motorvegen, girar opp og gassar på mot sesong- og serieavslutninga. Me har tidlegare ana at den store skurken denne sesongen er skummel, men det er fyrst her at me verkeleg skjøner alvoret. Herifrå vil det gå slag i slag. Ein skulle tru at ein episode som skiftar gir på sesongen, vil vera handlingsmetta og gigantisk. Det er den ikkje. Me har fleire handlingar samstundes, som aldri kryssar kvarandre, og som pågår i realtid. Buffy er aleine på kyrkjegarden, der ho så ofte er. Willow er aleine på biblioteket, der ho så ofte er. Dawn er aleine heime, som ho også så ofte er. I mellomtida er Jonathan og Andrew på veg attende til Sunnydale, og Spike er ute på byen. Og snart får dei alle besøk av skrømt frå fortida som bringer vonde varsel om dei kommande dagane.

Det eg liker best med denne episoden, er handlingsforløpet med Buffy. Ho jaktar sjølvsagt på nyoppståtte vampyrar. Nettopp i kveld viser det seg at den ferske vampyren kjente til Buffy frå før. Vampyren Holden hadde gått på same skule som henne. Før han døydde, var Holden psykologistudent. Det tek ikkje lang tid før dei tek ein pause i slossinga, og fører ein lang samtale som utartar seg som reine psykologtimen. Buffy lærer ting om seg sjølv, ting som forklarar kvifor ho ikkje klarar å halda på mennene i sitt liv, kvifor ho ynskjer å verna om venene sine men også støta dei vekk, kvifor ho er den ho er. Som Holden seier, ho har eit gudekompleks som følgje av superkreftane sine, og eit mindreverdskompleks for å takla presset frå det.

Men eg avskriv ikkje dei andre handlingane heller. Der Buffy finn styrkje og trøyst i sin samtale med dei daude, møter dei andre motstand. Skrømta dei treff på, som bringer åtvaringar om vondskapen som kjem: Den Fyrste Vondskapen. Den manipulerer, skremmer, prøver å splitta gruppa ved å visa dei det dei frykter mest. Dawn ser mora si, som åtvarar at Buffy ikkje vil verna om henne når alt kjem til alt. Willow får vita at ho kjem til å drepa dei alle viss ho ikkje tek sitt eige liv fyrst. Og Spike… Spike er visst ikkje så tannlaus som me trudde likevel.

I kjent Whedon-stil mister me også ein kjær figur, ironisk nok akkurat i det figuren oppdagar kva som er viktig i livet.

#7: Passion (S02E17)

Passion

Passion

Speaking of kjære figurar som døyr i Joss sine hender… Eg hugsar kor sjokka eg var fyrste gong eg såg denne episoden. Angel er meh, men når han går full Angelus…! Fuck yeah!

Angel vart til Angelus i Innocence, og har plaga Buffy og venene. Det er på tide å eskalera. Han var notorisk med psykisk tortur, og kunne pina ofra sine i dagar, veker. Han gjorde Drusilla galen før han gjorde henne til vampyr, og no bruker han sine beste triks mot Buffy. Eit direkte åtak går ikkje. Difor går han etter venene. Fyrst ut: Jenny Carpenter, den einaste som utgjer ein trugsmål mot honom. Ho vert kjapt og brutalt teke av dage, men han er ikkje ferdig med ho. Når Giles kjem heim, er det til eit tablå av Angelus. Ei flaske vin. To glas. Duften av parfyme – Jenny sin parfyme. Blomer strødd oppover trappa, som ein vegvisar mot soverommet. Og der ligg ho – steindaud med knekt nakke.

Gni det inn, Joss Whedon! Gni det inn!

#6: Fool for Love (S05E07)

Fool for Love

Fool for Love

Buffy vert spidda av sin eigen stake under ein heilt ordinær kamp på kyrkjegarden, og i lys av dette vil ho vita meir om korleis dei andre jegerane døydde. Diverre er ikkje jegerane sin siste kamp godt dokumenterter. Giles føreslår at det er avdi vaktarane tykkjer det er for vanskeleg å skriva om det. Buffy går difor til den eine vampyren som faktisk har teke to jegerar av dage, nemleg Spike.

Dette er ein herleg episode om opphavet til Spike. Mesteparten av episoden er i attendeblikk frå Spike sitt perspektiv, og me får sjå korleis han vart til vampyr i 1880, om jegeren han drap i Kina i 1900, og om jegeren han drap i New York i 1977. Om korleis han søkte hemn etter at Cecily, som han elska, sa at han er underlegen henne. Om korleis han traff på Drusilla, og vart omgjort. Om korleis han var rastlaus og blodtørstig, og vart fullstendig oppslukt etter å møta Jegaren. Om korleis han fekk namnet Spike, korleis han fekk arret over auget og ikkje minst kvar han fekk skinnjakka si frå.

Episoden går hand i hand med Angel season 2, episode 7, som viser fleire av scenene frå Angel sitt perspektiv.

#5: Innocence (S02E14)

Innocence

Innocence

Mykje i serien er metaforar for tenåringsangst. I denne episoden fortel Joss Whedon om å mista møydommen og uskulda. Buffy har tenkt på det lengje, og det er tankar mange engstar seg over. «Kva skjer viss vi har sex? Vil eg ikkje vera god nok? Vil ho/han endra seg? Vil dette påverka forholdet vårt?» Vel, dette er Whedon, så det er klart at me får alt Buffy fryktar tidobbelt.

Buffy og Angel hadde sex. For Buffy er dette for fyrste gong, og Angel ikkje hatt seg med nokon sidan han fekk tilbake sjela si hundre år tidlegare på grunn av ei sigøynarforbanning. Problemet er ein bitteliten biverknad av forbanninga. Viss Angel opplever eit augeblikk av ekte lukke, vil han mista sjela si og vampyrdemonen Angelus vil vera fri. Ja, «eit augeblikk av ekte lukke» er ein eufemisme for orgasme, så det måtte jo komma. No pun intended!

Ho var god nok. Men han endra seg – fullstendig!

Me har lengje høyrt om Angelus. No er han endeleg fri. Ikkje vondt meint mot Angel-tilhengarane, men fyren er dønn keisam. Difor er det deilig å sjå Angelus – ein tvers gjennom vondskapsfull vampyr.

Buffy er ikkje den einaste som føler svik. Giles sparkar Jenny på dør etter at det vert klart at ho ikkje er den ho utgjer seg for. Willow er hjarteknust etter at ho ser Xander og Cordelia. Dette er punktet der serien kastar ned hanskane og seier drit i dei meir tullute episodane (hyene-folket, eg ser på deg!), for Buffy the Vampire Slayer er ein kvalitetsserie.

#4: Normal Again (S06E17)

Normal Again

Normal Again

Monsteret i denne episoden er ein vilkårleg, uviktig demon. Etter eit basketak vert Buffy forgifta av demonen, og startar å ha særs livlege syn frå noko som liknar på eit mentalsjukehus. Ho går djupare og djupare inn i denne fantasiverda, der ho er innlagt og det ikkje finst monster. Etterkvart raknar skiljet mellom kva som er verkeleg og kva som er oppdikta.

Psykologen ved mentalsjukehuset spør Buffy (og oss): Kva er mest truverdig? At ho er profesjonell vampyrjegar, demonkjempar, monsterdrepar, Den Eine Utvalde som årleg avverjar apokalypsar saman med varulvar, heksar, spontanskapte systrer, vampyrar med sjel og bibliotekarar? Eller dette er ein psykose, ei fantasiverd som berre finst i hovudet hennar? Denne episoden kjem på eit passande tidspunkt i serien. Dersom Buffy berre fantaserer, så har fantasien vorte veldig lik den verkelege verda. I denne sesongen er ikkje den store skurken ein demon, eller ein helvetesgud eller ein apokalypse, osb. Nei, her er det tre heilt vanlege karar. Og problema Buffy slit med er ikkje lenger gigantiske slangar, frankensteinmonstre og liknande, men meir vanlege problem som å betala rekningar i tide, å vera god forelder, å få seg jobb, å gå frå dag til dag. Har fantasien rakna?

Spørsmålet om kva som er mest truverdig – Sunnydale eller mentalsjukehuset – er direkte retta mot oss som tilskodarar. Gjennom episoden vert me støtt stilt opp mot veggen og er nøgd til å faktisk tenkja over kvifor me godtek dei tidvis sprøe plotta gjennom til no seks år. Buffy representerer oss, tilskodarane. Psykologen representerer kritikarar som påpeiker plotthol og andre ting som ikkje heng på greip. TV-seriar, her representert av Sunnydale-verda, er eskapisme, me sluker plotta rått av di me liker å flykta til fantasiverda.

Episoden ender på provoserande vis ikkje i Sunnydale for å oppretthalda det TV-typiske status quo, men med Buffy i katatonisk tilstand i mentalsjukehuset. Spørsmålet om kva verd som er den ekte heng over oss.

#3: Hush (S04E10)

Hush

Hush

[dårleg ordspel]På same måte som hasj omtalast som «gateway-drug» for hardare substansar, er Hush ein gateway-episode for Buffy.[/dårleg ordspel]

Dersom eg vil introdusera Buffy til folk som aldri har sett serien før, er Hush ein av dei fyrste episodane eg går til. Den stør seg ikkje veldig på karakterkunnskap, og sesongplottet er ikkje dominerande. Ein ny sjåar kjem difor lett inn i denne episoden. I tillegg er antagonistane blant dei mest minneverdige monstra i heile serien. Me treff på The Gentlemen, monster teke rett frå skumle eventyrbøker. Dei er svevande menn med gråkvit hud, skallet hovud, dress og eit digert, ekkelt glis. Eit sånn som du får frysningar av å sjå. Og kva verre er, dei stel alle røystene i heile byen!

Episoden er ei stilistisk øving. Korleis kan du formidla ei historie når ingen av karakterane kan prata? Jo, dei må starta å kommunisera.

#2: Once More with Feeling (S06E07)

Once More With Feeling

Once More With Feeling

Denne er på eit vis ein oppfølgjar til Hush. Men i staden for at alle er stumme, er dei her under påverknad av ein musikalsk demon. Dei usagte kjenslene boblar opp til overflata, og figurane bryt ut i song. Heilt ufrivillig, sjølvsagt, men songane som kjem ut fortel sanninga.

Frå ein munter disney-isk start, med innslag av rock, pop-balladar, stilen i Singin» in the Rain, tristessen i Les parapluies de Cherbourg, romantikken i West Side Story. Du finn ein storslegen Hollywood-musikal i mange stilartar her, pakka inn i ein time knall TV. Og mange løyndommar vert avslørt.

Pluss for det episke nummeret They Got The Mustard Out.

#1: The Body (S05E16)

The Body

The Body

Aldri før har døden vore så sannferdig handsama i ein TV-serie. Klart folk har døydd tidlegare, også i Buffy the Vampire Slayer, men denne er spesiell. Denne er realisme. Kvar gong eg har eit gjensyn med serien, gruar eg meg til denne. Eg er ikkje trist, men føler sorg! Eg kjenner tårane pressa på allereie i opningsreplikken: Mom? What are you doing? … Mom? Mom? Mommy?

Det overnaturlege er sett på vent. Her er det berre realisme. Ingen bakgrunnsmusikk. Kameraet er tett på karakterane. Nesten heile opningssekvensen er i ei innstilling utan klipp. Panikken, forvirringa, fortvilinga. Dei fullstendig uvesentlege tankane ein tenkjer, som korleis farge ein lyt ha på genseren når du fer til sjukhuset. Den vonlause tendensen til å slå i veggen berre for å føla noko anna enn sorg.

Eg tykkjer det er like vanskeleg å skriva om denne episoden som det er å sjå den. Dette er 45 minutt med noko av det mest jævligaste, triste, og aller, aller beste som nokon gong har vore sendt på TV.

Permanent link to this article: https://boba.no/2013/09/mine-favorittepisodar-av-buffy/