Passiv fjernsynsboikott

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har tidlegare nemnt at eg fører ein passiv fjernsynsboikott. Men kva inneber det eigentleg?

I 2003 fekk eg TV i vrangstrupa. Det var heilt for djevlig mykje reklame då – dårleg reklame, masete reklame, reklame som hadde dobbelt ljodnivå av sjølve TV-programmet. Eg hugsar ikkje kva det var eg såg, men eg hugsar at eg hadde stressa for å rekkja heim i tide. På veg heim, hadde eg nesten mista bussen, så eg var andpusten då eg kløyv ombord. Som om ikkje det var nok, hamna bussen i trafikkork på Ytteren-strekka. Innan den kom fram til busstoppen min, brusa blodet med adrenalin. Og då var det berre å laupa, for no var det berre snakk om minuttar att til programmet starta. Eg kom heim, sparka av med skoa, sprang til sofaen, og andpusten og skolven slo eg på fjernsynet. Reklame. Fem faens minutt reklame. Så starta det, berre for å bli avbroten igjen etter sju usle minutt av meir faens reklame.

Fuck it, tenkte eg, og trykte på den store raude knappen på fjernkontrollen, slapp den dramatisk i golvet, gjekk vekk og såg meg aldri meir tilbake…

OK, kanskje det ikkje var så dramatisk, men eg var i alle fall forbanna. Mykje av sinnet var retta mot all avbrotta. Men eg var mest forbanna på at konseptet TV skulle styra livet mitt så mykje at eg måtte maratonspringa både til og frå bussen, berre av di eg skulle rekkja ein TV-time med 40 minutt innhald og 20 minutt søppel. Eg ville ikkje vera med på sånt lenger, og starta den dagen det eg i ettertid har kalla ein passiv fjernsynsboikott.

Eg seier passiv, av di eg står ikkje i gatene med ropert og heimesnekra plakatar for å oppfordra fleire til å vera med. Eg vil heller ikkje nekta nokon av venene mine å ta del i fjernsynstyranniet om eg er på besøk hjå dei. Ja, eg kan til og med finna på å slå på fjernsynet sjølv ein gong i blant — typisk i februar, for å sjå Oscar-utdelinga. Eg tillet altså meg sjølv å sjå direktesendingar og liknande ettersom nyheitsinteressa i desse tilfella er større enn lysten til å bestemma tidspunkt sjølv. Men utover dette er fjernsyn ein ikkje-ting i mitt hus. Målet eg hadde med å sparka ut TVen, var å frigjera meg frå TV-planen. Eg ville planleggja dagane mine utifrå mine behov, mine ynskjer, min dagsorden — ikkje utifrå TV-kanalane sine behov, reklamebyråa sine ynskjer, programbladet sin dagsorden.

Med andre ord ynskja eg ein TV-kvardag der NRK Nett-TV, Netflix, HBO, Viaplay, Comoyo, YouTube, o.l. var ålment tilgjengeleg — men eg var ti år for tidleg ute.

I dag er det lett å vera sin eigen programsjef. I dag er alle desse tenestene på plass, og fleire kjem til. Også fleire og fleire av fjernsynskanalane innser dette. Her er NRK avantgarde, med ein knallbra strøymeteneste, og dei har i tillegg flørta med å leggja ut ein del sjølvproduksjonar på BitTorrent. Eg er glad me er kome hit, men det er diverre eit stykke igjen. Det er framleis alt for mange dinosaurar av TV-kanalar som svarar til reklamebyråa i staden for mediebrukarane, og også eit langt stykke att til dit innhald er tilgjengeleg når som helst kor som helst. Eg har trua, men inntil vidare held eg fram min passive fjernsynsboikott.

Permanent link to this article: https://boba.no/2013/10/passiv-fjernsynsboikott/