Takkebrev til idiotane på kino i kveld

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Kjære idiotar som var på kino no: Tusen hjarteleg takk for ein triveleg kveld!

Tusen takk for å sitja på plassar som ikkje er dokkar på ein dag der køen går langt ut i foajeen.

Tusen takk for å bli overraska når eg, som har plassane, dukkar opp og påpeiker køen.

Tusen takk for å bli forbanna over å må flytta eitt hakk til sides.

Tusen takk for å visa fingeren og klatra over seteryggen til rada bak, med ein spydig kommentar om at «deg vil me faen ikkje sitja ved sidan av».

Tusen takk for å bruka heile opningssekvensen på å kasta saltknask i hovudet mitt.

Tusen takk for å knipsa meg i øyret.

Tusen takk for å ha på ljoden på mobiltelefonen.

Tusen takk for å småflira og prata om meg undervegs.

Eg vart så takksam for alt dette, at eg måtte berre spandera popkorn dokker. Synd dokker var så uførebudd på min gjevarglede at dokker ikkje klarte å ta i mot alt. Men det landa heldigvis berre i håret og kleda…

Eg vonar det smakte!

PS. Eg tenkte ikkje på at dokker kanskje vart tørst etter alt det popkornet. Neste gong får dokker brus også.

Permanent link to this article: https://boba.no/2013/11/takkebrev-til-idiotane-pa-kino-i-kveld/

1 comment

    • elpresador on 4. november 2013 at 23:05

    førbanna idiota sei ikke meir

Comments have been disabled.