«

»

Klagebrev til IKEA

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Den 6. november skulle eg få ei levering frå IKEA. Avtala var at den skulle koma mellom klokka 9-15, med varsel per SMS ein halvtime før levering. Eg skulle på jobb klokka 14, men hadde varsla avdelingsleiar om mogleg bruk av overtidskontoen min. Men hei, kor sannsynleg er det at dei ikkje kjem før klokka 14, eller kva?

Det skulle visa seg at dei kom ikkje til klokka 14. Dei kom heller ikkje til klokka 15. Fyrst neste dag fekk eg leveringa, men i staden for å orsaka for gårdagen, klaga Posten berre på at eg budde i tredjeetasjen. Irritert sendte eg denne klaga til IKEA, datert 8. november:

Eg ser meg nøgt til å klaga på leveringa.

Etter avtalen skulle eg få levert varane mine mellom klokka 9-15 på onsdag 6. november. Eg tok avspaseringstimar frå jobben for å kunne vera heime og ta i mot varane. Klokka 15 hadde eg enno ikkje sett snurten av varane, og var nøgt til å dra på jobb.

Fyrst litt seinare, ute på pause, fekk eg kontakt med varebilen, som kunne fortelja at dei ikkje kunne levera til avtalt tid på grunn av «problem med bilen» på formiddagen, men ville forsøka igjen utpå ettermiddagen/kvelden. Dette var umogleg, sidan eg no var på jobb og ikkje hadde meir avspasering å ta av.

Varane kom påfølgjande dag, 7. november, så eg har fått dei i hus. Men eg er likevel rasande over å venta ein heil formiddag, og attpåtil brukt av avspaseringa mi på jobb, utan så mykje som eit varsel om forseinking. Dette særs dårleg!

Eg har forståing for at IKEA ikkje har kontroll på lokale forhold, men sidan leveringstidspunktet var ei avtale mellom dokker og meg, retter eg difor klaga mi hit.

Nesten ei heil veke tok det før eg høyrte noko svar. Den 14. november tikka denne inn:

Hei, Simon!

Takk for din e-post.

Vi beklager at din leveranse ikke kom til avtalt tid grunnet problemer med bilen til vår transportør.
Dersom dette på noen måte har medført noen ekstrautgifter for deg, ber vi deg sende oss dokumentasjon på det i form av kvitteringer/brev fra leder/lønningsansvarlig, og vi vil vi foreta en vurdering om erstatning.

Ønsker deg en fin dag videre.

Eg sendte e-post om dette til avdelingsleiaren, som nesten med det same sendte ei stadfesting tilbake til meg. Denne la eg ved i svaret mitt til IKEA, berre ein time etter at eg fekk svar frå dei:

Eg hadde ekstrautgift i form av ein time tapt arbeidstid, som utgjer x kroner. Vedlagt er stadfesting frå avdelingsleiaren min:

[Vidaresendt e-post, signert med fullt namn, e-postadresse og direktenummeret hans, samt firmanamn, logo og ymse kontaktinfo inkl. telefonnummer til sentralbordet]

Eg måtte venta på responsen. Den 19. november kom svaret frå dei:

Hei, Simon!

Takk for din e-post.

Jeg er redd for at vi må ha dokumentasjonen som godkjent kopi av brev med offisiell firmalogo og signatur.
Men hvis du heller ønsker at vi sender deg et gavekort på x som kompensasjon, så kan vi også det. Send oss i så fall adressen du ønsker dette gavekortet sendt til.

IKEA hadde berre signert med eit fornamn og eit telefonnummer. Ingenting som tydde på at dei ønskte prov i brevform. Og når det gjeld mi adresse, så finst den jo i kundesystemet deira. Dette provoserte meg, og sarkasmen kom nok fram i neste melding frå meg til dei, sendt same dag:

Viss dokker vil ha det i papirform, så er det kanskje eit føremonn å gje meg ein adresse, eller kva?

Berre to dagar ventetid på svar frå dei, den 19. november:

Hei igjen Simon!

Dokumentasjon kan scannes og sendes som vedlegg her.

Berre for å avklara: IKEA vil altså her at eg skal prenta ut e-posten frå sjefen, få han til å signera med ei penn, skanna e-posten, lagra som PDF og senda den som vedlegg…

picard-facepalm

Dessutan: Som skiftarbeidar ved ein hektisk arbeidsplass, er det ofte vrient nok å få prata med avdelingsleiaren om relevante ting som løn, ferie og arbeid, om eg ikkje skal byrja å plaga han med toskeskapen til IKEA i tillegg… Eg har difor lagt saka litt på vent.

Gje innspel