Filmåret 2013

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det som starta som eit eingongsinnlegg, har no vore eit fast innslag her på bloggen kvar januar i fem år no. Her ser eg attende på filmane eg såg i året som gjekk, både dei gode og dei dårlege filmane, filmar eg såg for fyrste gong, og filmar eg hadde mitt n-nte gjennsyn med. Tendensen er at eg ser meir seriar enn film for tida, så eg lyt kanskje baka det inn på eit vis? Veit ikkje heilt korleis det skal gå for seg, for seriar går jo gjerne over fleire år. Same kva, her er mitt filmår 2013!

(Sjå alle oppsummeringar av filmåret)

Dokker kjenner vel oppskrifta. Dei dårlege filmane. Dei gode filmane. Og til slutt topplista med mine ti favorittar. Men aller fyrst, litt statistikk. For statistikk er artig! Og statistikken viser at eg gjekk mykje meir på kino i 2013 enn året før. Nesten ei dobling, faktisk, med heile 39 turar. Altså minst ein gong i månaden, som var målet, men det vart ikkje heilt ein gong i veka, som eg vona på. Men til gjengjeld var berre 14 av kinofilmane i digital 3D. Og godt er det, for uvanen med å filma i 2D og brigda filmane til 3D i etterproduksjonen har ikkje betra seg. 3D-film er noko forbanna vrøvl når det ikkje er filma med to kameralinser, når skal produsentane fatta det!?

Videoveggen såg 34 nykomarar i løpet av året. Det er også ein opptur sidan 2012, men likevel langt i frå den store farta som tidlegare år, som til dømes i 2009 då det vart 40 nye titlar berre i mars aleine! Dette skuldast nok at eg ikkje lenger studerer og arbeider med film dag ut og dag inn. Men eg steller jo litt med videoveggen, sjølv om den ikkje veks like kjapt som før. Eg har skaffa ein ny reol, slik at eg skulle sleppa å setja opp varselskilt om rasfare. Det var jo nesten skummelt å gå forbi videosamlinga, som låg stabla heilt opp til taket. Den nye reolen plasserte eg forresten i stova i den nye leilegheita mi. Den tek seg godt ut, videoveggen. Men eg skulle gjerne hatt endå ein til reol…

Av filmar som gjekk på fjernsynet såg eg ganske nøyaktig ingen. Den passive fjernsynsboikotten min held med andre ord fram.

I 2013 såg eg mest film i desember (som alltid, godt hjelpt av julefilmkalenderen), med januar og august på andreplass. På botn av lista ligg oktober, med berre éin film. Titte-mønsteret gjev ikkje meining med mindre du tek seriar med i biletet. Januar og august er ventetid, ikkje mange seriar har starta enno. I oktober har dei fleste starta, og eg slit med å rekkja over alt. I tillegg spelar vêr og føre og andre ytre ting inn, som til dømes flytting, reising og liknande.

Som tidlegare var kring halvparten av filmane eit gjensyn. Men trass dette, utforska eg ikkje så mykje eldre film. Ingen filmar før 1940. Det er sløvt! Her er eit lite utval av «eldre» filmar som eg såg i året som gjekk:

  • Chronicle
  • The Princess Bride
  • Pitch Black
  • The Firm
  • Castaway on the Moon

Dei dårlege

I 2012 var det få filmar som utmerkte seg som skikkeleg dritt, og det var nesten vanskeleg å finna noko å skriva om. Det var det ikkje i 2013. Når eg ser gjennom kladdane mine frå året som gjekk, sit eg att med for mange filmar. Så eg måtte ta eit val om å kutta ut ein del titlar. Ut gjekk mellom anna A Good Day to Die Hard og G.I. Joe: Retaliation, og til slutt har eg klart å koka det ned til dei følgjande tre filmane:

My Little Pony: Equestria Girls

Fyrst vil eg påpeika at eg liker TV-serien My Little Pony: Friendship is Magic, som denne filmen er ein spin-off frå. Vel, film og film… Dette er ein 72 minutt lang reklamevideo for leiketysserie frå Hasbro som skal ta opp konkuransen frå Monster High-serien til Mattel. Du må vera blind for å ikkje sjå likskapen mellom dei to leiketyseriane! For å fullt forklara kva som er så dårleg med Equestria Girls, lyt ein kanskje forstå kva som er så bra med Friendship is Magic. TV-serien er ein god serie. Det finst eit utal seriar med same målgruppe som undervurderer intelligensen til sjåarane. Dette er ikkje ein slik serie. Dette er i staden noko så unikt som ein barneserie med gode historier, gode karakterar og attpåtil godt plott. Joda, serien eksisterer fordi Hasbro ynskjer å selja leiker, men serieskaparane har ikkje lata det setja grenser eller lagt føringar for den kreative prosessen. Og det merkast i sluttproduktet. Eg, som vaksen mann, gler meg til neste episode. Kvifor? Som sagt, fordi det er ein god serie! Filmen, derimot… I filmen er det Hasbro som styrer den kreative prosessen. Det er Hasbro som har bestemt historia (Gjeeesp, dette har me høyrt før!). Det er Hasbro som har bestemt karakterdesignet (Ponniar i menneskeform?! Fy og spy!). Det er Hasbro som har bestemt plottet (Buuuu, usamanhengjande og teit!). Og Hasbro er ein leiketysprodusent, ikkje filmskapar. Det gjekk som det måtte gå. My Little Pony: Equestria Girls er ikkje verdt tida det tek å uttala tittelen ein gong!

My Little Pony: Equestria Girls

My Little Pony: Equestria Girls

Pacific Rim

Eg prøver å forstå kvifor denne filmen slår an. For den var ein Box Office-flopp med det same den kom. Få såg den, ingen likte den. Men så fekk den sakte men sikkert moment, og no har den tent inn det dobbelte av sitt eige overdådige budsjett. Ein gevinst på 2,5 milliardar kroner er ikkje nok til topp-plassering, men meir enn nok til å prata oppfølgjar. Og det er trist, for filmen var vrøvl. Gigantmonstre er litt underhaldande. Gigantrobotar også. Men då må dei ha namn som Mechagojira, Titanosaurus, Mothra og Rodan… Pacific Rim prøver å forklara monstra og robotane med teknobabbel, men mange års røynsle med scifi-replikkar som «reverse the polarity on the tachyon emmitter!» har lært meg å gjennomskoda det for det det er: plotthol som må fyllast med ord som skal forvirra tilskodaren nok til å ikkje leggja merke til dei. Denne filmen er som om nokon tok dei gamle Godzilla-filmane, serien Evangelion og spelet Portal, og banka dei saman med ein hammar, og teipa heile greia saman med eit Bayformers-plaster…

Pacific Rim

Pacific Rim

World War Z

Når ei bok går til filmen, er eg ofte blant dei fyrste til å forsvara at filmen ikkje er klisslik boka. Det er to heilt ulike medium – bok og film – og kan difor ikkje forventast å gje same inntrykk. Bok og film har kvar sine verkemiddel, byggjeklossar og triks til å fortelja ei og same historie. Så når nokon går ut av kinosalen og seier at dei ikkje likte at boka var endra, så er eg på pletten og forsvarar endringane. Meeeeeen så kjem det filmar som World War Z. Ikkje berre har dei dikta opp ein heilt ny hovudperson, og ikkje berre har dei fullstendig endra plottet, og ikkje berre har dei fjerna absolutt alle scenene frå boka og laga sine eigne, men dei har pinadø også gått vekk frå GRUNNPRINSIPPET i boka, nemleg kva ein zombie faktisk er! Og du kødder FAEN ikkje med det! Skal du laga ein ny film om Superman, kva må du vita? Krypton, jorda, Kent-familien. Batman? Wayne-familien, foreldrelaus, flaggermus. Romeo og Juliet? Verona, Capulet-familien, Montague-familien. Du køddar faen ikkje med grunnprinsippet! Og i dette tilfellet er grunnprinsippet den fyrste boka, The Zombie Survival Guide: Complete Protection from the Living Dead, som forklarar svart på kvitt med stor nøysemd og detaljar kva ein zombie er og korleis ein zombie oppfører seg. La meg seia det sånn: Dei CGI-kreatura me ser i filmen, er HOLLYWOOD-BULLSHIT! Eg kjenner eg vert FORBANNA berre av å skriva dette, så eg trur eg rundar av her. Det einaste filmen World War Z har til sams med boka, er tittelen.

World War Z

World War Z

Dei gode

Eg treng å roa meg ned litt etter det der. Godt er det då å vita at fjoråret baud på mykje godt, mellom anna retrospel-nostalgi i Wreck-It Ralph, noir-spenning i Detektiv Downs og litt viking-eventyr i Gåten Ragnarok. Eg såg filmar basert på kjente bøker, m.a. Anna Karenina og The Great Gatsby. Eg såg filmar basert på verkelege personar, m.a. Hitchcock og Hannah Arendt. Storfilmen The Wolverine overraska positivt, ei klår betring frå 2009. Andre store filmar som underhalda meg gjennom året, var Riddick og Thor: The Dark World. Eg såg norske filmar, som Jul i Flåklypa og Pionér, og nesten norske, som Hansel & Gretel: Witch Hunters. Eg er glad i tidsreising, og fekk sjå ein ny vri på dette i About Time. Konsekvensen av tidsreising såg me i Star Trek Into Darkness. Og dokudramaet An Adventure in Space and Time var nesten ei reise i tid i seg sjølv! Her er eit par andre filmar eg såg gjennom året som gjekk:

  • Elysium
  • Iron Man 3
  • Blue Jasmin
  • The Hunger Games: Catching Fire
  • Only God Forgives

Favorittane

Det er litt artig å sjå attende på dei gamle innlegga mine om dette. Ting endrar seg mykje på eit år eller to. Topplista mi i 2012 ville nok sett annleis ut viss eg skulle skriva den i dag. På så måte er desse innlegga nesten som tidskapsel – eller i det minste eit innblikk i fortids-Simon. Det er ikkje alltid eg liker det han har gjort, men topplistene hans er alltid spennande å gå attende til og sjå. Vonleg vil framtids-Simon tykkja det same om dei følgjande ti filmane, som eg i skrivande stund likte best blant filmane eg såg i 2013:

#10: Les Misérables

Med sine 2 timar og 40 minutt + alt for mykje reklame før filmen, var det nesten uuthaldeleg å sitja i kinoen og sjå filmen ein januardag i fjor. Det vonde setet, krampen i føttene og den verkande ryggen er heldigvis gløymt no, nesten eit heilt år etterpå, men historia og inntrykket filmen gav på stort lerret og grom kinoljod sit att. Eg må innrømma at historia om Jean Valjean var uti periferien hjå meg. Eg hadde høyrt nok til å kunne koma meg gjennom ein samtale om den, men det var fyrst med denne filmen at eg klarte å sjå samanhengen i den mangelfulle kunnskapen eg hadde frå før. Hugh Jackman er ikkje den fyrste eg tenkjer på til musikalar, men han klarte seg godt. Anne Hathaway var god, og fekk Oscar, Golden Globe, BAFTA, SAG og mange andre prisar for rolla si. Til og med Sacha Baron Cohen var toleleg.

Les Misérables

Les Misérables

#9: Kick-Ass 2

Eg hugsar det som om det var i går. Eg var på kino heilt utan forventingar. Ein armernar med superheltkostyme kasta seg ut frå eit tak, og kræsja med eit platt smell rett ned i ei drosje. Den fyrste filmen fenga meg frå start til slutt – nok til femteplassen i 2010. Eg kosa meg også med film nummer to, sjølv om den tidvis vart litt ujamn. Men scena der Mother Russia rundjular politiet til ein rocka utgåve av Korobeiniki — Tetris-musikken — er verdt bryet!

Kick-Ass 2

Kick-Ass 2

#8: Warm Bodies

Kva får du viss du tek Romeo og Juliet til moderne tid, blandar med friskleiken i High Fidelity og sleng ein zombie-apokalypse på toppen? Eg hadde ei viss fornemming om at eg kom til å lika denne betre enn den tidlegare nemnte World War Z, men at filmen skulle gå rett heim hjå meg hadde eg ikkje trudd. Særskild ikkje av di han vart omtala som «Twilight med zombiar»… Heldigvis levde han ikkje opp til den omtala!

Warm Bodies

Warm Bodies

#7: La vie d’Adèle — Blå er den varmeste fargen

Det er alt for få Arthaus-distribuerte filmar som går på Rana Kino, og franskspråklege filmar er i det heile teke eit sjeldan syn her oppe. Eg skulle ynskja visse typar filmar kunne bli subsidiert og synt fram over heile landet – men då hadde det vel vorte ramaskrik i bransjen. Same kva, ein og annan gong snik det seg ein såkalla «smal film» opp hit oss ranværingar. («Smal film» er forøvrig eit særs misvisande uttrykk, då det femnar om alt som ikkje går inn under «hovudstraum». Så «smal film» har enorm breidde!) Kor som er, eg drog og såg Blå er den varmeste fargen. På førehand hadde eg lese mange intervjuar og omtalar som skreiv om sex-scenene. Få hadde skrive om kva filmen faktisk handla om. Blå er den varmeste fargen handlar ikkje om sensasjonell lesbesex slik ein skulle tru frå medieomtala, men om forhold. Spenninga når forhold oppstår. Tryggleiken når forhold pågår. Smerta når forhold raknar. Erfaringa ein tek med seg frå tidlegare forhold inn i nye.

La vie d'Adèle

La vie d’Adèle

#6: Jeg er din

Ein ærleg film om å vera aleine. Om å søka kjærleik — eller berre nærleik. Filmen er ikkje nyskapande. Me kjenner att temaa. Likevel er det eit solid handverk. Mina og Jesper kjennast ekte ut. Filmen vart vald ut til å vera Noregs oscarkandidat. Det vert ingen nominasjon, då filmen ikkje er med i kortlista til Akademiet, men filmen er same kva god!

Jeg er din

Jeg er din

#5: Kyss meg for faen i helvete

Eg føler at eg er litt eldre enn målgruppa, men det tyder ikkje at eg ikkje kan lika den. Eg vart varm og stolt over ei ungdomsteatergruppe som våga å setja opp Jon Fosse. Film med fine dialektar, nynorsk og ikkje ein einaste penis i eplepai = HURRA!

Kyss meg for faen i helvete

Kyss meg for faen i helvete

#4: Philomena

Steve Coogan overraska i rolla som journalisten. Eg har ikkje sett han i anna enn teit komikk, så eg hadde ikkje trudd han kunne bera ein hovudrolle. No hadde han god hjelp frå Judi Dench, men ikkje ein einaste gong tenkte eg at han ikkje høyrte heime i ein seriøs film. Ja, og snakkar om Judi Dench; At Dench er ein god skodespelar er det vel ingen som nektar for. Men viss dei gjer det, kan du visa dei den seinaste Bond-filmen Skyfall og deretter Philomena. Nokre skodespelarar spelar seg sjølv som rollefiguren (Døme: Brad Pitt i World War Z speler skodespelaren Brad Pitt som speler hovudrolla i filmen World War Z). Andre skodespelarar gestaltar kvar einaste rolle dei tek på unike måtar — same om dei er den hardbarska sjefen for britisk etteretningsteneste eller den rurale minstepensjonisten på leiting etter ein son ho ikkje har sett på eit halvt århundre.

Philomena

Philomena

#3: Hundraåringen som klev ut genom fönstret och försvann

Endå ein film basert på eit literært opphav. Og for eit opphav! Eg las boka eit nattskift i sumar, og skratta så eg nesten ikkje klarte å ta telefonen. Det var spennande å sjå korleis dei skulle få til å gjera film av den. Mest av di dei måtte ha ein skodespelar som kunne spela Allan Karlsson gjennom eit heilt århundre. Boka er veldig innhaldsrik, og dei kunne sikkert laga ein heil miniserie av den, men no vart det altså film. Ein del kapittel måtte kortast ned eller tas vekk. Men sånn er det når du lagar film basert på bok. Så lengje du ikkje køddar med grunnprinsippet, så er du trygg. Og grunnprinsippet i denne boka er teke godt vare på. Robert Gustafsson ER den kastrerte sprengstoffentusiasten Allan Karlsson som treff på presidentar og diktatorar gjennom sitt innhaldsrike, om enn litt vilkårlege liv.

Hundraåringen som klev ut genom fönstret och försvann

Hundraåringen som klev ut genom fönstret och försvann

#2: Jag etter vind

Spontantur på kino er ofte dei beste kinoturane. Ein vindfull ettermiddag i starten av april stod eg i krysset utafor jobb og venta på ei luke i trafikken, men den såg ikkje ut til å dukka opp. «Kino it is, then» tenkte eg, og bytta køyreretning. Og i dag takkar eg idiotane som fann på at eit av dei mest trafikkerte kryssa i byen skal følgja høgreregelen. Jag etter vind vart ein av dei beste kinoopplevingane og ein av dei mest uttrykksfulle filmane eg såg i fjor. Ikkje minst på grunn av glimrande framføring av både Marie Blokhus og Sven-Bertil Taube. Båe var fantastiske på kvar sin måte. Det handlar om nostalgi og den bittersøte heimkomsten, om sorg, skuldkjensle og anger. Filmen er nydeleg fotografert, saktegåande men aldri keisam.

Jag etter vind

Jag etter vind

#1: Gravity

Det er skrive mykje om denne filmen. Om lite budsjett, om store namn på plakaten. Om 3D som faktisk var filma i 3D(!) Diskusjonar om filmen er oppskrytt eller ikkje. Samanlikningar til «smal film» og til storfilm. Eg veit ikkje kva eg har å bidra til diskusjonen. Eg likte filmen, trass sine veike sider. Eg meiner, korleis kan du ha så god fokus på smådetaljar som korleis ein flamme ser ut i vektlaus tilstand, men ikkje ta omsyn til at det er umogleg å hoppa frå ISS til Hubble med berre ein fuckings jetpack?! Same kva, filmen handlar ikkje om ei krise i verdsrommet. Joda, det er effektorgasme (opptil fleire gonger tok eg meg sjølv i å måpa), men det er heile tida med hovudpersonen i fokus. Og det er denne hovudpersonen, spelt av Sandra Bullock, filmen handlar om. Om sorga hennar etter å ha mista dottera. Om hennar isolasjon frå omverda. Filmen er proppfull av symbolikk. Sjå den fyrst IN GLORIOUS 3D for berre det visuelle (som lånar mykje frå videospel-estetikk — på ein god måte!), og sjå den på nytt som ein metafor.

Gravity

Gravity

Permanent link to this article: https://boba.no/2014/01/film-13/