Velkomen tjuefjorten!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Godt nytt år, alle saman! Jula er over, men det går nok ei god stund før eg sluttar å vera stappmett. I videobloggen ser eg litt attende både på jula og året som gjekk, og planar for året som kjem. Eg opnar også opp ein pakke som eg henta på posten i dag, og prøver meg på blåskjerm-effekt. Ikkje heilt vellukka, men betre enn forventa.