«

»

Ei veke med Canal Digital

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Kontrakten med nettleverandør i burettslaget gjekk ut i mars. Frå 1. april tok Canal Digital over leveransen til eit hundretals bebuarar. Eg er kjent med Canal Digital, og tok motvillig i mot øskja med utstyr som burettslaget delte ut. Internett må eg jo ha, om eg så må bita i det sure eplet og ha Canal Digital i veggen. «Kanskje dei har skjerpa seg sidan eg sist var kunde der», tenkte eg. Eg tenkte feil!

Den 1. april pakka eg ut øskja, kopla til utstyret og venta på at noko skulle skje. Etter å ha venta i åtte timar — to timar etter resten av blokka mi var på nett — tok eg kontakt. Dei kunne ikkje skjøna kvifor det ikkje fungerte hjå meg. Alt var kopla rett. Men så byrja det å demra. Modemet mitt var ikkje mitt. Det skulle eigentleg opp til Tromsø. Eg måtte få nytt modem.

Seinare på kvelden kom dei med eit anna modem. Dette skulle eigentleg til ein annan adresse i burettslaget, men der hadde dei fått dobbeltlevering, så dei hadde eit modem til overs. Dette fekk dei omregistrert til meg i hui og hast, og seint på kvelden hadde eg endeleg både TV i dekodaren og Internett i modemet.

Morgonen etter skulle eg inn på MinSide for å registrera meg. Eg ville jo ikkje sitja og surfa på grunnpakken, som er 2/1 Mbps. Det er tregt på dagens Internett! Eg ville oppgradera til 25 eller 50. Eg måtte berre koma meg inn på sida fyrst… Diverre kravde dei kundenummer, og det hadde eg aldri motteke. Eg sendte ein e-post — for dette er jo eit IT-selskap, og dei svarar vel kjapt på slike enkle spørsmål per e-post, ikkje sant? På kvelden sendte eg ein ny e-post for å etterlysa status. Dagen etter var eg irritert, framleis ingen svar. Eg tok kontakt via nettpraten og etterlyste igjen status på e-posten. Det viste seg at modemet ikkje vart omregistrert til meg, men til tidlegare, avlidne eigar av leilegheita. Kva i!? Kundekonsulenten i nettpraten omregistrerte på nytt og oppgraderte meg til 50/10 med det same.

Det var berre det at TV-dekodaren slutta å fungere i same slengjen. Eg sendte e-post, sjølv om eg no visste at det var den tregaste vegen. TV er uviktig for meg. Så lengje Internett-tilkoplinga fungerer. Eg tenkte difor at eg sendte e-post, og så får det berre fiksa seg sjølv når det fiksast. På morgonkvisten i går fekk eg svar om at TV-dekodaren ville ikkje fungera før eg godtok to tilbod som visstnok var sendt til meg per post. Jaha? Noko sånt har eg aldri sett. Dei la ved kopi, og der stod det noko om leige av utstyr og anna tull som ABSOLUTT ikkje angjekk meg, då eg er under den kollektive avtala i burettslaget og difor ikkje skal betala eit raudt øre for utstyret. Eg ignorerte dette lett. Men «tilbod» nummer to var meir skummel. Her stod det at Internett-tilgangen ville bli skrudd av om eg ikkje aksepterte. Eg hadde ikkje anna val enn å akseptera dette.

Kva skjedde så? Fekk eg signal i dekodaren? Nei, den var framleis daud. Men Internett forsvann…

Eg vart forbanna og tok kontakt. Per telefon denne gongen — kosta kva det kosta vil! Kundekonsulenten rota og styra. Til slutt fann dei feilen. DEI MÅTTE OMREGISTRERA FAENSKAPEN EIN FUCKINGS GONG TIL! Eg var sekundar unna å hiva heile dekodaren hardt og brutalt ut vindauget. Men eg avstod… Vindauget er jo heilt nytt… Etter ein times tid kom Internett-tilgangen tilbake. Vel. Ikkje heilt. Eg fekk tilbake grunnfarta på 2/1 Mbps. Og TV-dekodaren fungerte framleis ikkje. «Ja, den kjem straks» fekk eg til svar. «Og no sender me deg eit nytt tilbod som du må akseptera før me kan setja opp farta di igjen.»

To timar gjekk, framleis treg fart, framleis ingen TV. Eg tok kontakt — IGJEN! Dei kunne ikkje gjera noko som helst før eg aksepterte tilbodet. Jaha, MEN SÅ FOR HELVETE SJÅ TIL Å SENDA MEG DET DER FORDØMTE TILBODET DÅ!

Eit døger seinare, situasjonen har ikkje endra seg. Dekodaren er svart. Modemet er tregt. Og tilbodet er oppdikta, og eksisterer berre i fantasien til Canal Digital.

Ei veke med Canal Digital. Dei har om mogleg vorte verre enn eg hugsar frå sist eg var kunde der…

3 innspel

  1. Simon

    Lita oppdatering: Eg fekk rett fart dagen etter. Men dei måtte senda meg ein heilt ny dekodar (kvifor eg ikkje berre kunne byta med ein av dei som var til overs nede i vaktmeisterbua vitast ikkje!), og det tok jo to veker… I går var utstyret meg i hende og alt er tilsynelatande oppe og går no. Det tok berre 24 dagar lenger tid enn lova.

  2. Vegard

    Hei Simon. Har bodd i Tyskland i 8 år. Tungvekteren i økonomi og innovasjon. Telekom; TV, Internett og telefoni-bransjen er helt forferdelig på kundeservice og kvalitetssikring. Det er en internasjonal sykdom disse folka i denne bransjen har … Horribelt å ha med å gjøre.

    Det ligger ikke i teknologien, men i typen folk som leder og jobber i slike bedrifter i denne spesifikke bransjen. Dog, forbered deg på mye av denne typen kundebehandling i tiden fremover … Det er måten bedriftene blir bygd opp på for å garantere lite kostnader og gevinst på alle aktiviteter de har:

    Dvs du som «problemkunde» blir ulønnsom. Løsningen til bedriften er å IGNORERE denne kunden.

    Ja slik er det…

    Jeg har sett dette fra innsiden …

    Velkommen til kapitalisme 🙂

  3. Simon

    Hadde det vore opp til meg, hadde ikkje Canal Digital fått lov til å liggja i veggen min. Dei er dotterfirma av Telenor, som er det absolutt verste firmaet på norsk jord når det gjeld omsut til forbrukaren. Her kan ein nemna i fleng: NIX-katastrofa, BankID-fadesen, Netflix-idiotien med meir… Eg vil ikkje vera kunde hjå Telenor/Canal Digital, men må pga avtala dei har med burettslaget.

    Denne kollektive avtala kjem med noko positivt. Dersom det skjer ein feil, t.d. at nokon kolliderer i koplingsboksen eller grev over ein kabel, så vil Canal Digital ikkje få enkeltpersonar på nakken, men representantar for burettslaget. Det utgjer ein ca. ein halv million i året, ikkje eit par tusen som viss det var privatpersonar som ringte inn, og difor er CD nøgd til å ha kortare responstid.

    Derimot stillar me mykje veikare dersom det oppstår problem for einskilde einingar. Då kan dei ta argumentet «jammen, det funker jo for naboen…», og avvisa oss. Dei veit at jamvel om eg vel å seia opp avtala og skaffa seg Nokon Andre™, så vil pengane mine LIKEVEL hamna til Canal Digital gjennom den kollektive avtala.

Gje innspel