«

»

To-stegsverifisering på Twitter

Eg hadde nyleg problem med å aktivera to-stegsverifisering på Twitter for Android, og vil difor dela framgangsmåten her til framtidig bruk.

(Før du byrjar, kan det vera lurt å setja eit mellombels passord til bruk berre akkurat no. Ikkje naudsynt, men tryggare, då du på eit punkt skriver passordet i klårtekst.)

Fyrst må du verifisera og kopla telefonen din til Twitter. Dersom du har eit telefonabonnement som ikkje støttast, må du gjera det manuelt ved å senda SMS 1 til telefonnummer +447624800379 (sjekk support.twitter.com for oppdatert telefonnummer). Følg denne oppskrifta, og vent to-tre minutt mellom kvart steg:

  • Send SMS: STOP
  • Send SMS (på nytt): STOP
  • Send SMS: START
  • YES
  • brukarnamn
  • passord
  • Test

Logg på Twitter, og sjekk om du nettopp skreiv ein tweet med «Test». Viss du finn ein tweet frå deg med «Test», er alt OK. Resten fiksar du i Android-appen på meny – innstillingar – brukarnamn – sikkerheit – innloggingsverifisering.

Kvifor to-stegsverifisering? Av same grunn til at fjellklatrarar har mantraet Two is One. One is None, som NRK beta skriv om i artikkelen med same namn.

  1. Kostnad kan variera. På Chess SjakkMatt kosta meldingane meg 10,36 kr []

Gje innspel