«

»

Filmåret 2014

Har dokker sett film i året som gjekk? Det har eg. 128 filmar, for å vera meir nøyaktig.

(Sjå også tidlegare innlegg: 2013, 2012, 2011, 2010, 2000-2009)

Eg såg mest film i mai, heile 33 filmar den månaden. På sisteplass har eg oktober, der eg ikkje rakk å sjå ein einaste film. Eg spekulerte litt på kvifor oktober er daudperiode i fjorårets innlegg. Eg kjøpte meg 61 kinobillettar gjennom året, der 13 av dei var i 3D. Men berre tre av desse fungerte i 3D, resten var spelt inn i 2D og omgjort i ettertid. Til saman 128 filmar, eller sånn ca film kvar tredje dag.

Filmstatistikken viser ikkje det fullstendige biletet. Den tek ikkje høgde for TV-seriar eller YouTube-videoar. Eg har ikkje nøyaktige tal, men bruker minst ein time kvar dag på YouTube — på alt frå teite, 20 sekund lange kattevideoar til djupe, 30 minutt lange analyser av Terminator 2 som eit eksistensielt meiserverk… YouTube er… tja… YouTube!

TV-seriar

Eg har tidlegare sagt at eg ikkje ser TV. Dette er framleis gjeldande. Men eg ser TV-seriar — berre ikkje på TV. Eg følgjer med på ein del seriar som rullar og går. Marvel’s Agents of S.H.I.E.L.D., Adventure Time, Castle, blant anna. Av nye seriar, har Gotham snike seg inn på sjå-lista mi. Denne starta keisamt, men har funne ein rytme. I 2014 oppdaga eg også Orphan Black — kanskje den beste serien eg har sett på lengje. Tatiana Maslany er fantastisk!

Eg hadde også gjensyn med desse seriane i heilskap:

  • Veronica Mars
  • Stargate SG-1, Stargate Atlantis og Stargate Universe
  • Dead Like Me
  • Pushing Daisies

Videosamlinga

Året 2014 førte med seg ein ny reol til videoveggen. Viss du fekk ei kjensle av déjà vu no, er det av di eg skreiv det same i fjorårets innlegg. Men dette er altså ein ny ny reol av same type som i 2013. Året bragte berre 38 nye titlar til samlinga, men den nye reolen fyltest kjapt då eg heiv ut dei gamle og skakke hyllene som har vore med meg på tre flyttelass sidan 2005. Eg skulle gjerne ha hatt ein ny ny ny reol.

Dei fleste av videoane ligg framleis i innboksen, mest truleg på grunn av lite tid til over som følgje av tidkrevjande oppussing frå juli til oktober. To av dei nye titlane i samlinga var finansiert med kronerulling på Kickstarter, og ein av dei inneheld namnet mitt i rulleteksten. Dette var eg ikkje klar over før eg såg den her i romjula.

Gjensyn

Det vart sjølvsagt ein del gjensyn gjennom året. Forutan dei eg alltid ser ein gong i året (julefilmane), og dei filmane eg ser opptil fleire gong for året (Star Wars), såg eg mellom anna desse på nytt:

  • Snikende tiger, skjult drage
  • Fantastic Voyage
  • The Incredibles
  • Harry Potter-filmane

Eg såg også ein del eldre filmar for fyrste gong. Eit utval:

  • Les vacances de Monsieur Hulot
  • The Forbidden Kingdom
  • 8 femmes
  • Tangled

I 2014 fekk eg ny interesse for gammal, japansk kaiju-film, og såg kring tjue filmar frå 50- og 60-talet. Vi talar Godzilla, Rodan, Mothra, Gamera og så vidare!

Der amerikansk scifi på femtitalet var metafor for kommunisme, er japansk scifi frå femtitalet heilt annleis. Dei har eit bodskap om djerve journalistar som gjer alt for å få sanninga fram i lyset (helten jobbar ALLTID i ei avis), samt eit militære som er effektivt og ufeilbart, men likevel folkeleg og audmjukt. Eg går inn i det nye året med mål om å «runda» 60-talet og ta fatt på 70-talet i denne fantastiske verda av kaiju-filmar, og vonar at nytt tiår bringer ny, skjult propaganda.

Dei dårlege

The Maze Runner

The Maze Runner

Ikkje alle filmar er like gode, og det av ymse årsaker. Kanskje levde dei ikkje opp til forventingane, slik som Magic in the Moonlight. Kanskje hadde dei ei god historie men var veikt gjennomført, slik som 47 Ronin. Kanskje var dei unødvendige filmatiseringar/oppfølgjarar/nyinnspelingar, slik som Dawn of the Planet of the Apes. Kanskje dei berre var uinteressante, slik som The Maze Runner. Eller kanskje dei er tvers gjennom dårlege. Slik som desse:

Transformers: Age of Extinction

Okei, dei prøvde. Dei prøvde med ei forteljing. Dei prøvde med eit plott. Dei prøvde å laga rollefigurar me kunne bry oss om, og la eit grunnlag for karakterutvikling. Men så dukka den fyrste roboten opp i filmen, og derifrå gjekk Michael Bay amok… Eg ser han for meg. Dramatisk scene mellom far og dotter. Han står på settet og instruerer dei, flirer manisk, heller 50 liter bensin på bakgrunnen og fyrer på. Rull film! Alt var eksplosjonar, action, bråk og ståk. Når klimakset kom, kunne eg ikkje bry meg meir. Å sjå ein Michael Bay-film, er som julepynt i oktober. Som å runka før sex. Som å eta ein pose potetgull før middag. Når hovudretten kjem, er du mett og lei. Eg hugsar ikkje plottet i filmen. Eg hugsar ikkje kva karakterane heita. Eg hugsar knapt kven som spelte. Pissfilm.

Transformers: Age of Extinction

Transformers: Age of Extinction

Teenage Mutant Ninja Turtles

Når me talar om pissfilm… Ikkje overraskande har Michael Bay ei hand med i spelet også her. Turtles var prega av det same som Transformers: dårleg plott, lite/ingen karakterutvikling, og alt for mykje ståk alt for ofte og alt for lengje. Eg har nemnt det tidlegare, når du lagar ein filmversjon av noko, så kan du gjera kva du vil for å gjera det ditt, men du kan aldri fucka med opphavet. Problema til filmen starta tidleg, då Michael Bay fann på at dei skulle fucka med opphavet. Dei skulle ikkje lenger vera ninjaer, men vera meir badass. Dei skulle ikkje lenger vera tenåringar, men i tjueåra. Dei skulle ikkje lenger vera mutant-skilpadder, men romvesen… Og April O’Neil skulle ikkje lenger vera ein smart, eigenrådig journalist, men Megan Fox. Enkelte ting angra Bay heldigvis på før filmen kom. Enkelte andre ting ikkje. Dei er heldigvis muterte skilpadder, men filmen har framleis spor etter romvesen-ideen. Ja, og Megan Fox speler framleis April O’Neil, og er like tåpeleg som du trur. Filmen vart ei ustrukturert, usamanhengjande smørje av bråk, misogyni, idioti og Michael Bay-runking…

Teenage Mutant Ninja Turtles

Teenage Mutant Ninja Turtles

Dei gode

I mai var eg på Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival. Eg kunne ha fyllt topplista mi med filmar derfrå, men det skal eg ikkje gjera. Det er alltid forfriskande å dra på filmfestival. Eit større spennvidd filmar enn det du elles finn på lokalkinoen. Innblikk i kulturar og filmuttrykk frå heile verda. Og kjenslene! Herlege filmar. Vemmelege filmar. Søte filmar. Tragiske filmar. Det beste er at du er fullstendig ubudd — det meste du veit om filmen på førehand er tittelen (og ofte knapt nok det!)

Eg såg 36 filmar på sju dagar under Kosmorama. Eit par av filmane:

  • Via Castellana Bandiera
  • Gloria
  • Det er meg du vil ha
  • Snowpiercer
  • Still Life

Av filmane eg såg elles i år, har eg lyst til å nemna X-Men: Days of Future Past, som er ein av dei beste i filmserien. Eg såg Frozen på kino i januar, og kunne nesten ha hatt den med på topp-lista hadde det ikkje vore for norsk premieredato i romjula 2013. Eg var også glad for merksemda John Green fekk med The Fault in Our Stars, basert på boka hans med same namn.

Men nok prat, her er mine ti favorittfilmar frå året som gjekk:

Topp 10

#10: 1001 gram

Det var heilt tydeleg frå fyrste stund at dette var ein Bent Hamer-film. Komposisjonen av biletet, bruken av keisamheit som verkemiddel, dei underlege smådetaljane. Ane Dahl Torp har gjort betre roller, men gestalter likevel rolla som Marie frå Justervesenet godt.

1001 gram

1001 gram

#9: The LEGO Movie

For ein fornøyeleg barnefilm! Og den kom heilt uventa! Dette er ikkje fyrste gong me ser animerte LEGO-figurar, men dette er den fyrste originale forteljinga som ikkje berre er spelt av plastbrikkene, men også handlar om plastbrikkene. Dette er ei kjærleikserklæring til leiketyet, både når du følgjer oppskrifta, og når du byggjer på måfå. Romskip! Eg såg fyrst den norske røystomsetjinga. Ikkje eit vondt ord mot Harald Mæle og Lena Meieran, men kan me ikkje få litt fleire røyster? Eg såg originalversjonen i ettertid, og den var utan tvil betre.

The LEGO Movie

The LEGO Movie

#8: The Rocket

Eg skreiv at eg ikkje skulle fylla topplista med filmar frå Kosmorama. Det skal eg heller ikkje, men eit par filmar må med. The Rocket er ein av dei. Filmen er ein australsk produksjon filma i Thailand og Laos, og hadde to ungar i åtte-ti-årsalderen i hovudrollene. Dei spelte utruleg godt — men aldri på den veslevaksne måten amerikanske barneskodespelarar ofte gjer. Dette kjentest ekte ut. Filmen syner etterdønningane etter krigen i Vietnam for nabolandet Laos. Men ved å ha åtte år gamle protagonistar, er den politiske bodskapen berre eit bakteppe, og filmen forsøker aldri å vera propaganda.

The Rocket

The Rocket

#7: Återträffen

Dette var ein av dei sterkaste opplevingane under Kosmorama. Denne filmen levde i tankane mine lengje etter å ha sett den. Eg er glad i filmar som «henger ei lanterne» på seg sjølv, som det så heiter. Altså filmar som inneheld metaperspektiv der filmen rett ut fortel at den berre er film. Återträffen er proppfull av metanivåer. Filmen er todelt: Den fyrste delen handlar om eit klassetreff der Anna, klassens mobbeoffer, stiller opp og les ein tale ho har skrive. Ein tale som er nådelaus mot alle mobbarane og alle som var likegyldige. Ein triveleg kveld vert snøgt ubehageleg. Den andre delen av filmen handlar om filmskaparen Anna, som har laga den fyrste del av denne filmen. Dette var eit «kva viss»-scenario. Ho vart nemleg aldri invitert på klassetreffet, og filmen er hennar måte å halda den nådelause talen på. I del to prøver ho å få tak i sine tidlegare medelevar for å visa fram del ein. Men både del ein og del to er fiksjon. Mobbeofferet, filmskaparen og kunstnaren Anna er den einaste som er ekte i filmen. Det hjelpte ikkje på forvirringa at Anna Odell sjølv sat i kinosalen då eg såg den…

Återträffen

Återträffen

#6: Edge of Tomorrow

Viss du i fjor på denne tida hadde sagt at ein Tom Cruise-film ville snika seg inn på topplista mi denne gongen, ville eg ha fnyst av deg. Men sjølv om Cruise ikkje speler noko særskilt betre enn han plar, så speler han godt nok til at eg klarar å leva med honom som hovudfigur. Og sjølve filmen nyttar seg av scifi-konseptet tidsløkkje, kanskje best kjent frå Groundhog Day med Bill Murray. Eg digger tidsreiser, som tidsløkkjer er ein undersjanger av, så eg likte denne.

Edge of Tomorrow

Edge of Tomorrow

#5: Her

Filmen var ein overlaupar frå året før; Ein 2013-film som fekk norsk premiere vinteren 2014. Det var litt leit å måtte venta, men den som ventar på noko godt… For det var ein god film! Eksistensialistisk om kunstig intelligens? Joda, men det handlar fyrst og fremst om kjærleik og einsemd, om medmenneskeleg kontakt, og om å vera fullstendig isolert midt i storbyen.

Her

Her

#4: Locke

Denne filmen er meir eller mindre berre éin skodespelar, éi scene, ei handling. Det handlar om Ivan Locke og ein to timar lang biltur. Ikkje veldig spennande eller fartsfylt, men dæven døtte for eit fenomenalt einmanns-show av Tom Hardy i tittelrolla! Ved å filma heile filmen i ei taking, måtte Hardy vera «in character» heile vegen, og dette får fram ein rolleprestasjon utanom det vanlege. Dette er ein film som må sest — men du må tola filmar som ikkje klippar kvart tredje sekund. Berre nyt bilturen, jamvel om den stadig blir forstyrra av dei brysame telefonsamtalene.

Locke

Locke

#3: Interstellar

Interstellar er ein storslagen film. Den er ein god dose 2001: A Space Odyssey, The Right Stuff og Solyaris, med eit Nolansk blikk og eit bankande hjarte av Zimmer. Filmen forsøker å vera vitskapeleg korrekt der den kan, men tek sjølvsagt filmatiske fridommar der den må. Tid og relativitet, klimaendring, menneskenaturen, vitskap. Ein av dei flottaste bileta eg såg i året som gjekk, var synet av Gargantua, eit svart hol som er i ferd med å sluka opp ei stjerne.

Interstellar

Interstellar

#2: Boyhood

Du kan godt trekkja fram at filmen er laga over tolv år, og skapar eit unikt bilete av familie og oppvekst og så vidare. Dette var ting eg også likte, men det eg likte best med filmen, var at den var strukturert etter den klassiske monomyta. Favorittscena mi var mot slutten då mora, spelt av Patricia Arquette, bryt saman. Ho meiner at livet hennar er over. Det er slutt. Ho vil opphøyra å eksistera. Men det var ikkje livet til mora som var over. Det var filmen. Patricia Arquette måtte no ta farvel med rollefiguren, etter å ha spelt den rolla i tolv år.

Boyhood

Boyhood

#1: Guardians of the Galaxy

Sjølv om eg liker å tru at filmsmaken min er kultivert etter ein bachelorgrad, mange års sjølvstendig arbeid og eit tusentals filmobjekt observert og analysert, så er eg alltid i botn berre ein gutunge som diggar filmar som Star Wars. Eg kan rynka snobbut på nasen av dei drøvtygga filmane som Hollywood spyttar ut — men likevel stå klar med billett og popkorn på premieredagen. Hovudgrunnen til at eg stadig vender attende til popkornfilmen, er nostalgi. Og i Guardians of the Galaxy får du dette så det rekker — godt hjelpt av filmmusikken. Er dette årets beste film? Nei. Men det er min favorittfilm frå 2014. Gutungen i meg vant — på same viset som med Avengers i 2012. «I am GROOT!»

Marvel's Guardians  of the Galaxy

Marvel’s Guardians of the Galaxy

Gje innspel