«

»

Kosmorama 2015

Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival pågjekk måndag 2. mars til sundag 8. mars. Der, på Nova kinosenter, rusla ein ranværing rundt. Unge herr Hansen hadde teke turen nedover for festivalveka, og kom heim med nattoget måndag denne veka.

Dette var min femte Kosmorama, den andre etter at eg fekk meg fast jobb. Festivalen var heldig med vêret. Starten av mars kan vera ufyseleg, men det var sol og fint mesteparten av tida. Ikkje at eg merkte så mykje til dét. For på filmfestival er det ikkje tid til så mykje anna enn å sjå film. I år hadde eg eit veldig tettpakka program. Den travlaste dagen var onsdag, med berre ein halvtime pause mellom kvar film. Det er litt som å springa maraton. Berre at du sit stort sett i ro heile tida. Og du drikker kaffi og brus i staden for vatn. Og kan ha med deg saltknask og snop. Så det er ikkje som å springa maraton i det heile tatt. Men like fullt slitsamt!

På festivalprogrammet stod det over 80 filmtitlar. Det er heilt umogleg å sjå alle på ei veke. Du må velja dei filmane du vil sjå. Ofte kræsjer det, og det er alltid like surt å måtte velja mellom to filmar du har lyst til å sjå. Nova, for dei som ikkje er kjent der, har elleve kinosalar. Den største, Nova 1, har 433 sete, og dei minste, Nova 6 og 8, har 60 sete. Kosmorama tok i bruk Nova 1 – 9, og det gjekk filmar meir eller mindre i alle samstundes. I teorien skal det la seg gjera å sjå 40 av filmane på programmet, men då må du droppa ting som friskluft, blodsirkulasjon i føtene, mat og så vidare. Det er altså ikkje til å tilrå. Eg er nøgd om eg får til 24-26 filmar, men satsar alltid på å rekka 30.

I år klarte eg 36 filmar. Det var intenst. Sju av filmane var dokumentarar, og ein av filmane var animasjonsfilm. Eg såg film frå Skotland, Peru, Canada og så vidare. Dei mest vanlege språka var engelsk, norsk og fransk. Eg høyrte også språk som abkhasisk, persisk og usbekisk. Eg såg heile ni filmar i kinosalen Nova 4. Eg var aldri innom Nova 7 og Nova 8. Den kortaste filmen eg såg var 58 minutt lang, den lengste var 136 minutt lang. Gjennomsnittleg speletid var 97 minutt.

Filmane eg likte best:

  • Corn Island
  • A Girl Walks Home Alone at Night
  • Under the Skin
  • Kvinner i for store herreskjorter
  • Guidance

Filmane eg likte minst:

  • The Lesson
  • 40 Days of Silence
  • Red Rose

Her er alle filmane eg såg:

Nr Tittel År Speletid i minutt IMDb Type Språk Kinosal Dag
1 Simindis kundzuli
Corn Island
2014 100 tt1863192 spelefilm Georgisk, abkhasisk, russisk Nova 5 måndag
2 La rançon de la gloire
The Price of Fame
2014 110 tt3194410 spelefilm Fransk Nova 2 måndag
3 Party Girl 2014 94 tt3660370 spelefilm Fransk Nova 5 måndag
4 Time Lapse 2014 104 tt2669336 spelefilm Engelsk Nova 4 måndag
5 Sangen reddet mitt liv 2014 58 dokumentar Russisk, norsk, engelsk Nova 2 tysdag
6 The Look of Silence 2014 99 tt3521134 dokumentar Indonesisk Nova 3 tysdag
7 Tigers 2014 90 tt3004774 spelefilm Hindi, engelsk, urdu, tysk Nova 1 tysdag
8 Guidance 2014 81 tt3369248 spelefilm Engelsk Nova 4 tysdag
9 Kvinner i for store herreskjorter 2015 105 tt3868216 spelefilm Norsk Nova 2 tysdag
10 An Honest Liar 2014 90 tt2246565 dokumentar Engelsk Nova 2 tysdag
11 White Bird in a Blizzard 2014 91 tt2238050 spelefilm Engelsk Nova 3 onsdag
12 Line 1961 90 tt0056184 spelefilm Norsk Nova 3 onsdag
13 Under the Skin 2013 108 tt1441395 spelefilm Engelsk Nova 5 onsdag
14 Aikuisten poika
Boy Upside Down
2014 94 tt2421230 spelefilm Finsk Nova 6 onsdag
15 Urok
The Lesson
2014 105 tt3958072 spelefilm Bulgarsk Nova 5 onsdag
16 Kawaki
The World of Kanako
2014 118 tt3108158 spelefilm Japansk Nova 9 onsdag
17 Caricaturistes, fantassins de la démocratie
Cartoonists: Foot Soldiers of Democracy
2014 106 tt3672028 dokumentar Fransk, engelsk Nova 2 torsdag
18 Drone 2014 58 tt3801730 dokumentar Engelsk Nova 1 torsdag
19 Svenskjävel 2015 97 tt4026914 spelefilm Norsk, svensk Nova 1 torsdag
20 Chilla
40 Days of Silence
2014 88 tt1546379 spelefilm Usbekisk Nova 4 torsdag
21 Exhibition 2013 104 tt2436452 spelefilm Engelsk Nova 3 torsdag
22 A Girl Walks Home Alone at Night 2014 99 tt2326554 spelefilm Persisk Nova 9 torsdag
23 NN 2014 94 tt4327978 spelefilm Spansk Nova 4 fredag
24 Marie Heurtin
Historien om Marie
2014 95 tt3132714 spelefilm Fransk, teiknspråk Nova 5 fredag
25 The Drop 2014 106 tt1600196 spelefilm Engelsk Nova 6 fredag
26 My Life My Lesson 2015 75 tt4154132 dokumentar Svensk Nova 4 laurdag
27 Ookami kodomo no Ame to Yuki
Wolf Children / Ulvebarna
2012 117 tt2140203 animasjonsfilm Japansk Nova 2 laurdag
28 París Norðursins
Paris of the North
2014 98 tt3267784 spelefilm Islandsk, thai, portugisisk Nova 4 laurdag
29 Robot Overlords 2014 90 tt2145829 spelefilm Engelsk Nova 4 laurdag
30 Dirk Ohm: Illusjonisten som forsvant 2015 93 tt2720764 spelefilm Norsk, engelsk, tysk Nova 1 laurdag
31 El Niño 2014 136 tt2093990 spelefilm Spansk Nova 2 laurdag
32 Red Rose 2014 87 tt3310280 spelefilm Persisk Nova 4 sundag
33 Camp X-Ray 2014 117 tt2994190 spelefilm Engelsk Nova 5 sundag
34 Gui lai
Coming Home
2014 109 tt3125472 spelefilm Mandarin Nova 4 sundag
35 Wir sind jung. Wir sind stark.
We Are Young. We Are Strong.
2014 123 tt4076058 spelefilm Tysk Nova 5 sundag
36 Den tilfeldige rockestjernen 2015 80 tt4298124 dokumentar Norsk Nova 1 sundag

Gje innspel