Draumen om den kvite rustninga

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I 2005 kom den (då) siste Star Wars-filmen ut. Eg overnatta utafor kinoen, som den Star Wars-hugmannen eg er, og stilte på premiera med heimelaga kostyme. Eg hadde lyst på ei stormtropp-drakt, men det vart ikkje om då. Draumen om den kvite rustninga bar eg likevel med meg. Eg har vore nær med å skaffa meg ei Stormtrooper-drakt fleire gonger. Men ei slik drakt er ikkje billeg, og tek lang tid å byggja. Eg lét det vera med draumen. Heit til no.

I fjor bestemte eg meg: Eg skal skaffa meg den kvite rustninga!

Plastikk

Det fyrste eg gjorde var å leita fram den gamle kunnskapsmappa mi, og merka den med «utdatert». Eg måtte starta heilt på nytt med research. Mykje har endra seg på ti år. Då eg var på utkikk sist, var FX-rusninga det beste å få tak i. Det er hendt mykje i feltet, og ein trooper aficionado vil i dag rynka litt på nasen av FX-drakta. I dag er det langt fleire val når det kjem til produsent av plastikken. TE2, ATA, RS, AM, TM med fleire, kvar med sine fordelar og ulemper. Ein RS-drakt, til dømes, har svært nøyaktige detaljar då den er basert direkte på ei original drakt. Av same grunn er det også ei vanskeleg drakt å få tilpassa og setja saman, då delane har ein tendens til å ikkje passa saman. Eg gjekk for TM, ein skulptør frå England. TM leverer to typar plast: «1,5 mm ABS» eller «2 mm ABS acrylic capped». 1,5 mm ABS-plast er fleksibelt og enkelt å jobba med, men 2 mm akrylinnhylja ABS er skikkeleg kvit og glinsande. Eg skaffa meg 1,5 mm til soldaten min.

Det finst mange typar soldatar i filmane. Du har m.a. TD (Sandtrooper), TB (Scout Trooper), TS (Snow Trooper), og ikkje minst TK (Stormtrooper). Mi drakt er ein TK. Det er forskjell på TK-draktane frå film til film. Eg tykkjer til dømes at TK-drakta i Return of the Jedi er direkte stygg. A New Hope-drakta er mykje finare. Det var to TK-variantar i denne filmen: Hero-drakta (brukt av f.eks. Han Solo) og Stunt-drakta. Forskjellen mellom Hero og Stunt synast på hjelmen, våpenbeltet og hanskane. Eg hadde opprinneleg lyst å laga ei Hero-drakt, men gjekk for Stunt. Så, for å oppsummera, drakta mi er: TK ANH Stunt TM 1,5 mm ABS.

TK ANH Stunt TM

TK ANH Stunt TM 1,5 mm ABS

Verktøy og materiale

Plasten aleine er heilt ubrukeleg. Med mindre du vil betala mykje, kjem delane utrimma og umontert. Det vil seia at dei må klippast, skjærast, filast og pussast, før du kan lima, skru og montera dei saman.

Innkjøpslista mi er lang som eit uår, men det meste er på plass eller på veg. Lim, limklemmer, kraftige magnetar, plastsaks, hobbykniv, maskeringsteip og sandpapir er dei viktigaste verktøya i starten.

Etter kvart kjem behovet for ymse materiale. Elastiske band, både svarte og kvite, i storleiken 5 mm, 25 mm, 50 mm og 75 mm. Mange fester drakta med bukseselar, stropper, knappar og borrelås, men eg bestemte meg for å gå for det original festesystemet. Det inneheld eit par knappar, men også brakettar av pianowire og flate skruar med diameter på 4 mm. Den originale drakta hadde splittnaglar i messing langs sida, så det måtte eg ha. Ei slik messingnagle var også synleg i skrittet. Dei fleste knappane brukt i filmen var av produsenten Newey.

Vintage Newey Snap Fasteners

Vintage Newey Snap Fasteners

Drakta mi inneheld ikkje antikke delar, så det er ingen fare for stivkrampe. Men eg har vald delar som liknar originalen der det er mogleg.

I tillegg til å trimma og montera plastikken, må hjelmen malast. Det er då viktig å få rett maling. Diverre viste det seg at denne malinga er forbode i Noreg, og dei rette fargane er vanskeleg å få tak i over disk i hobbybutikken. Heldigvis er det ikkje vanskeleg å få tak i på nett.

Andre draktdelar

For å få drakta godkjent, trengs også eit par ting til. Dette inkluderer svart underdrakt, hanskar, sko, nakkeforsegling og våpenhylse.

Vakuum-forsegling mellom drakt og hjelm

Vakuum-forsegling mellom drakt og hjelm

Eg har jo diverre ikkje privilegiet av å ha Ben Burrt og Skywalker Sound med meg kvar enn eg går, så då er det viktig å kunne etterlikna stormtrooper-ljodane på eiga hand. Eg kunne jo sjølvsagt ha laupt rundt og uttalt «pft», «sjt» og «bzzz» etter kvart ord eg seier, men det hadde vorte litt slitsamt. Difor har eg investert i eit ljodsystem kalt Imperial Communication System, eller IComm. Etterkvart skal eg kanskje også montera eit par vifter inni hjelmen. Eg har høyrt at det kan bli litt heitt der oppe når du er ute og marsjerer.

Våpen er ikkje påkravd for å få drakta godkjent, men ein kvar Trooper med sjølvrespekt har sjølvsagt ein BlasTech E-11, basert på ein Sterling L2A3 maskinpistol. Eg har bestilt delane til ei E-11 i harpiks, men stressar ikkje med å fullføra den.

På tide å starta bygginga!

Eg starta som nemnt i fjor, men måtte setja prosjektet på vent på grunn av baderomsrenovering. Men no er eg i full gang igjen, og har planlagt å bruka sommaren på å gjera ferdig drakta.

Dette blir morosamt!

Permanent link to this article: https://boba.no/2015/06/draumen-om-den-kvite-rustninga/