«

»

Problemet med Bechdel-testen

Bechdel-testen er ein test med tre kriterium:

  1. Inneheld verket minst to kvinnelege karakterar?
  2. …som snakkar med kvarandre?
  3. … om noko anna enn ein mann?

Testen stammar frå ei teikneseriestripe frå 1985 av Alison Bechdel, og er ein kommentar på mangelen av komplekse kvinnelege karakterar i film.

"The Rule" (1985) av Alison Bechdel

«The Rule» (1985) av Alison Bechdel

Fyrst vil eg påpeika at eg er fullstendig samd i denne kommentaren — det er for få komplekse kvinnelege karakterar i film. Ofte er det for få kvinnelege karakterar, punktum. Når halve verda inneheld kvinner, så er det eit problem at medierepresentasjonen ikkje speglar dette. Bechdel-testen trekkjast ofte fram som eit argument på dette. I Sverige brukast testen til og med som eit kvalitetsstempel av enkelte kinoar.

Og det er dette eg tykkjer er litt problematisk. Testen er ukomplisert og simpel, men det er nettopp fordi den er så simpel at den ikkje er eit brukbart argument eller eit kvalitetsstempel. Den er ikkje meir enn ein feministisk MacGuffin.

Testen fortel berre at det finst minst to kvinnelege karakterar i filmen, men ikkje kven dei er. Den fortel at kvinnene snakkar med kvarandre om noko anna enn menn, men fortel ingenting om kva dialogen faktisk går ut på. Vidare fortel testen ingenting om kor ofte i filmen slike dialogar skjer. Den seier ingenting om når i filmen det skjer. Og den seier absolutt ingenting om kva scenene har slags innverknad på forteljinga.

Ta til dømes Die Hard. 1 Me kan vel vera samde om at dette ikkje er ein feministisk film. Helten er ein mann, og det er alle skurkane også. Mennene sveittar, banner, skyter og blør. Det kan argumenterast at Holly, kona til John McClane, er ein god kvinnerepresentasjon, i og med at ho er ei kvinne i leiarstilling i eit mannsdominert yrke — i eit japansk selskap ikkje mindre. Men det er bakgrunnshistorikk. For å sjå på om ho er ein god kvinnerepresentasjon, lyt me også sjå funksjonen ho har i narrativet. Holly har to funksjonar. Den fyrste er å bringa helten til firmafesten. Utan henne, hadde John ingen grunn til å dra til Nakatomi Plaza. Den neste funksjonen er å bli kidnappa av skurken, og må reddast av helten. Funksjonen ho har i forteljinga er med andre ord ei klisjéprega stereotyp «jomfru i naud», tvert motsett av kompleks kvinnekarakter. Men klarar Die Hard Bechdel-testen? Jepp. Heilt i starten av filmen ber Holly resepsjonisten om å leggja frå seg arbeidet og dra på firmafesten.

Holly Gennero - Jomfru i naud

Holly Gennero — ei «Bechdel: Approved» Jomfru i naud

Sjølv om Bechdel-testen tilsynelatande peiker på svake kvinneroller og fremjar komplekse kvinnelege karakterer, så seier den faktisk ingenting om nettopp dette.

Ta til dømes Alien3. Karakteren Ripley vart (på trass av umotivert sexy undertøy-scene) skrytt opp som ein sterk kvinnerolle i den fyrste Alien-filmen. Dette vart underbygga i Aliens, der ho viser fram omsorg og morsinstinkt i tillegg til musklar. Likevel er det i Alien3 at omtalen som sterk kvinnerolle kjem til sin rett. Tek du vekk scifi-settinga og monsteret, så sit du att med ein feministisk film som heilt utmerkt kommenterer mannsdominans, kvinnehat og komplekse kjønnsroller. Klarar Alien3 Bechdel-testen? Nei. Ripley er den einaste kvinnelege karakteren, så filmen feiler allereie på fyrste kriterium. Dette til trass i at filmen er feministisk nettopp fordi Ripley er einaste kvinne.

Det finst mange døme på filmar med sterke eller komplekse kvinneroller som likevel feiler testen. Edge of Tomorrow, Lola rennt og Harry Potter and the Deathly Hallows part 2 feiler. Likeins finst det mange filmar med veike kvinneroller, som t.d. Twilight, som klarar testen. Ja, til og med direkte sjåvinistiske filmar som Transformers klarar det.

Mikaela Banes i Transformers

Mikaela Banes — eit «Bechdel: Approved» objektivert sexsymbol. Vent! Nei, nei, nei, ho er berre 16 år. Michael Bay, kva faen?!

Kriteria til Bechdel-testen utelukkar for mange filmar som er verdt å sjå, men inkluderer filmar som ingen har godt av å sjå — feminist eller ikkje. Kva film trur du oppfyller Bechdel-testen — The Princess Bride eller Crossroads? Casablanca eller BloodRayne? Flåklypa Grand Prix eller den illgjetne Tommy Wiseau-filmen The Room? Ja, nettopp ja.

Bechdel-testen — dvs den opphavlege teikneseriestripa — er meint satirisk, som ein vits, men har fått eit langt større liv. Og eg meiner absolutt at den høyrer heime i samfunnsdebatten. Den fungerer bra til å peika på misrepresentasjonen av kvinner, og er ein god samtalestartar. Men Bechdel-testen er korkje eit kvalitetsstempel eller argument.

  1. Die Hard er blant favorittfilmane mine, heilt uavhengig av kritikken eg kjem med her. []

Gje innspel