«

»

Suspension of disbelief

Filmmediet er fantastisk. Du får servert ein fabel — ei forteljing som er usann — men let deg likevel fengja. Du veit at det du ser, ikkje eksisterer. Du veit at det du ser, ikkje er fakta. Og likevel brukar du timesvis på å stirra. Kvifor?

Eg har ikkje tenkt å gå så veldig djupt i psykologien på akkurat det, men eit nøkkelkonsept er det som kallast for the audience’s willing suspencion of disbelief, eller berre suspencion of disbelief. I dag brukar vi denne termen om tilskodaren si vilje til å oversjå grensane til eit medium, slik at dei lettare kan akseptera premissane som mediet presenterer. Eller sagt litt lettare: Når du aksepterer at ein film berre er ein film, så kan du la deg underhalda av filmen.

Eg pratar litt om dette i videobloggen min:

Eg veit ikkje om det gjekk godt nok fram av videoen kva eg meinte om realisme i denne samanhengen. Det er ikkje realismen i seg sjølv som er problematisk, men når realismen gjer tilskodaren ute av stand til å akseptera at filmen berre er ein film. Og nettopp difor er eksperimentale filmar som Birdman eller En natt i Berlin utfordrande. Når eksistensen av eit kamera blir så tydeleg og merkbar, vil vi som tilskodarar oppleva det som «dokumentarisk», og forventa at rollefigurane ser inn i kameraet og adressera oss. Men med ein del verkemidlar, kan filmen hjelpa oss til å oppnå suspension of disbelief. I videoen pratar eg om En natt i Berlin og nemnte eg ljodredigeringa som eit døme. Eit anna døme er surrealismen eller super-realismen i Birdman. Med slike verkemidlar, oppnår tilskodaren ein suspension of disbelief på trass av realismen som kameraet og mangelen på klipp fører til.

Eit verkemiddel er sjanger — du aksepterer fullt ut at nokon bryt ut i song og dans i Singin' in the Rain, men ville sett rart og stygt på dei om det hadde hendt deg midt i gata. Når du ser ein actionfilm som Speed, så er det ikkje berre akseptert at bussen kan hoppa over brua, men faktisk forventa. Og når eg seier ordet «western», så har du allereie danna deg eit mentalt bilete av filmen (Cowboy-boots? Sheriff-stjerne? 1800-talet? Hestar? Menn med tredagersskjegg?) — på trass av ordet i seg sjølv berre fortel at handlinga er vest på kartet. Sjanger er eit veldig sterkt virkemiddel for å hjelpa tilskodaren til ein suspension of disbelief.

Sjanger aleine hjelper ikkje alltid. Musikk, ljod, redigering, skodespel, kameraføring — ja, til og med replikkar er verkemiddel som styrker opp vår suspension of disbelief. Eit slikt verkemiddel kallast lampshading. Dette er ein teknikk der forteljinga retter fokuset på noko som ikkje fungerer innanfor den interne logikken til fabelen. Filmen kjem tilskodaren i forkjøpet på å finna feilen og påpeika den. «Kor kult er det ikkje at vi høyrer eksplosjonar i verdsrommet», kan ein karakter seia på eit tidleg tidspunkt i ein scifi-film i verdsrommet, og kommenterer i så måte at filmen er klar over at dette faktisk ikkje går an. Tilskodaren aksepterer dette som ein av premissane som filmfabelen legg, og mistar difor ikkje sin suspension of disbelief over noko som vanlegvis kunne vore ein dum tabbe.

Tabbar og plotthol kan nemleg føra til at tilskodaren mistar sin suspension of disbelief. Det som då hender, er at tilskodaren blir gradvis meir og meir merksam på feil, tabbar og plotthol, og etterkvart på seg sjølv og handlinga med å sjå filmen. «Kvifor sit eg her og ser på dette?» Difor er det viktig at filmen stadig minner tilskodaren på at dette er ein film, og at den følgjer sin eigen interne logikk uavhengig av den verkelege verda.

Filmmediet er fantastisk.

Gje innspel