Back to Halloween

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det er surt og kaldt, og ungane lauper rundt og tiggar godteri. Det kan berre tyda ein ting: Halloween! Som seg hør og bør har eg fiksa meg eit kostyme i år òg. Hint eg har gjeve undervegs: Lengda på håret mitt er perfekt akkurat no. Kvite sokkar. Tidlegare har eg hatt post-apokalyptisk kostyme — i år er det kontemporært. Eg har sydd kvite tøystykke i form av to små, flate posar i storleiken 20cm×16cm.

Marty McFly

I år gjekk eg altså som Marty McFly i Back to the Future part II. To personar klarte å gissa det utifrå hinta mine — gratulerer, det har aldri skjedd før. Eg må skjerpa meg til neste år.

Eg bestemte meg for å gå som Marty tidleg, og har ikkje vore innom frisøren sidan før sommaren berre for å få rett lengde på håret.

Skoa er lisenserte replikasko, men er ikkje seld av Nike. Alle detaljane som logo og tekst mangla difor. Sjå videoen over for å finna ut korleis eg fiksa det.

Til buksa måtte eg laga meg eit par jukselommer. Moderne bukselommer er ofte forma som ein halvsirkel eller rettvinkla trekant hypotenus i bue. Sånt kan vi ikkje ha noko av — åttitalsbukselommer var jo firkanta! I filmen ser det dessutan ut til at kostymeavdelinga faktisk har laga jukselommer på same vis som meg. Med ei slik løysing hadde eg plass til mobiltelefon, betalingskort og husnøklar, slik at eg kom meg heim om kvelden.

Jakka er kjøpt på ein kostymebutikk, og er difor av billegaste sort — heilt utan foring, lufting eller lommer. Den er stiv og ekkel å ha på, den blir djevelsk varm innandørs og iskald utandørs. Eg hadde også lyst til lommerom i jakka til f.eks. sportsalmanakken. Eg fann det mest hensiksmessig å ha lomme på innsida, så eg gjekk ikkje så grundig til verks. Eg fann meg ein liten plastpose, klipte den litt til, og teipa den fast på innsida av jakka.

Marty McFly-kostymet var ein suksess — eg vann til og med pris for beste kostyme. No startar planleggjinga til neste år.

Tidlegare år:

Permanent link to this article: https://boba.no/2015/11/back-to-halloween/