Fiks mot Twitter-hjarta

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Som tidlegare nemnt plar eg å fiksa veven slik at eg får den slik som eg vil ha den. Dette gjer eg gjerne i samband med ubrukeleg design (f.eks. venstrejusterte nettaviser) eller heilt dustete funksjonar.

I dag gjorde Twitter ei endring i brukargrensesnittet sitt. Det nøytrale stjernesymbolet er byta ut med eit unøytralt hjartesymbol, og ordet «Favorite» er byta ut med «Like». Dette er eit val i feil retning. Eg er jo på Twitter FORDI det ikkje er Facebook. Eg klikker på stjerna FORDI det ikkje er «Like».

Med litt brukardefinert CSS får du tilbake stjerna:

.HeartAnimation	{display:none;}
.HeartAnimationContainer::after	{content: '★';font-size: 20px;}

Bruk f.eks. nettlesartillegget Stylish til Chrome, Opera eller Firefox til dette. Oppdatert 2018: Dei nyaste versjonane av Stylish er ikkje tilrådd. Bruk heller Stylus, som er ei vidareføring av den gamle versjonen av Stylish.

Hjartet er byta ut med stjerne

Hjartet er byta ut med stjerne

Eg forstår kvifor Twitter gjer denne endringa. Dei gjer dette som eit forsøk på å framstå som meir positive, etter massiv kritikk på passivitet kring temaet trakassering det seinaste året. Dei har tidlegare uttalt seg at mobbing er ein uting, men har gjort fint lite på å få bukt med problemet. Blokker- og demp-funksjonane fungerer berre halvvegs, og innrapportering av sjikane har sjeldan nokon effekt. Dette er eit problem som fleire sosiale medie har, så Twitter står ikkje aleine. Men å byta ut stjerna med eit hjarte er ikkje noka løysing.

Permanent link to this article: https://boba.no/2015/11/fiks-mot-twitter-hjarta/