«

»

TK: Korleis ta på drakta

Søknaden til 501st Legion Nordic Garrison er sendt inn, og TK ANH Stunt-drakta mi er til vurdering. Eg vonar på snarleg, positivt svar.

Slik såg det ut då eg kledde på meg heile drakta for fyrste gong:

Merknader eg gjorde meg etter fyrste påkledning:

– Skulderstroppene over biceps er litt for slakk. Når eg held armane høgt, glir stroppa ned. Bør strammast opp litt.

– Det var vanskeleg å få på knappen i skrittet. Det må finnast ein betre måte å ta den på. Eller kan eg kanskje få til å tre på meg drakta viss knappen allereie er festa?

– Venstreleggen har ein tendens til å vri på seg. Kan enkelt løysast med å lima litt skumgummi på innsida.

– Låra har ein tendens til å gli ned. Livbeltet må strammast betre. Eventuelt festa beltet med svarte bukseselar?

– Hanskane må på etter hjelmen, elles får eg ikkje til å ta på stroppa til hjelmen.

– Det er varmt og lite luftsirkulasjon inni hjelmen. Løys litt på kragen for ikkje å kvelast heilt, og få på plass viftesystemet.

Gje innspel