TK: Kroppen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Montering av kroppen.

Kroppen har mange detaljar som er viktig å få rett. Sjølve trimminga av delane er ganske lett, det er ikkje mykje som kan gå feil her. Men så skal du ha rette typen elastiske band, rette typen knappar, rette typen naglar, rette typen maling og så bortetter, og plutseleg har du brukt mykje lenger tid enn du hadde rekna med.

Lat oss starta i topp med skulderbruene. Dei skal limast i front, og hengja fritt bak med eit kvitt elastisk band til å halda saman delane.

Vidare nedover skal brystplata overlappa bukplata i front, men ryggplata skal ikkje overlappa korsryggplata. Bryst og rygg skal vera festa med elastisk band under skulderbruene.

Mage og krossrygg skal ikkje ha meir enn 12,5 mm mellomrom, maksimum. Helst ingen mellomrom. Mage og skritt heng saman som ein del. Seks splittnaglar, tre på mage og tre på korsrygg, skal vera synlege på venstresida. Dei skal målast kvit. Ein splittnagl er synleg på skrittet, men denne skal ikkje malast. Ein trykknapp skal vera synleg øvst til høgre på mage Knappane på kontrollpanelet i front er malt i korrekte fargar, seks grå og tre blå. To trykknappar er installert i front til å festa beltet.

Rumpeplata er separat frå krossryggplata. To trykknappar er synlege nederst på rumpeplata. Desse skal ikkje malast. Eit elastisk band med trykknapp festast her. Bandet sit fast i splittnaglen i skrittet.

På innsida er det brukt eit pianowire-system til alle vertikale feste. Systemet består av 9 elastiske band, 18 pianowire-klammer, 36 skruvar og 36 mutrar. Alle skruvehovuda er malt kvit.

Du kan laga klammene sjølv, men eg kjøpte eit ferdig sett frå Mrnostripes. Han har brukt referansefoto frå Lucasfilm-arkivet, og produserer svært nøyaktige replika av dei originale klammene. Sjå detaljerte bilete og monteringsinstruks på mrnostripes.com

Dei seks splittnaglane på venstre side fester tre elastiske band. Den einslege trykknappet på mage, fester eit elastisk band som er limt til korsryggen.

Det kvite bandet under skulderbrua, er limt i begge endane på venstre side. På høgre side er det berre limt på rygg. På bryst er det ein trykknapp som bandet festast i. På begge banda er det sydd trykknappar for å festa skuldra.

Berre det som er synleg frå utsida er nemnt i lista for å få godkjenning/Expert Infantry/Centurion. Innsida, med unntak av dei kvite stroppene, er eigentleg smak og behag. Det er difor mange måtar å gjera det på. Eg valde å gå for den originale metoden brukt i filmen — og dimed også få brukt alle knappar og naglar slik dei skal brukast.

Permanent link to this article: https://boba.no/2015/11/tk-kroppen/