«

»

TK: Thermal Detonator

Montering av granaten.

Som denne videoen viser, er det lurt å dobbeltsjekka ting før du gjer noko dumt. Heldigvis var båe tabbane enkle å fiksa.

Den fyrste tabben var at eg drilla hol til skruven på toppen, ikkje i botn. Det løyste seg ved å ta av frontplata og lima den på den andre vegen. Heldigvis hadde eg brukt E6000, elles hadde det aldri gått. E6000 er eit kraftig lim, men det er mogleg å få det laust igjen. Ved å hiva det i frysaren 20-30 minutt, slapp limet endå lettare.

Den andre tabben var at eg hadde bøygd metallstripene for lite, slik at frontplata peika framover. Eg liker utsjånaden når den peiker framover, men for å få godkjenning, må plata peika oppover. Dette fiksa eg ved å (forsiktig) bøya stripene ut igjen, og deretter laga ny bøy lenger opp på dei. Den flate sida av dei er no 7,5 cm, mot 11,5 cm tidlegare. Så lengje du er varsam, er det mogleg å retta opp utan at stengene knekker.

Så lærdommen her er som vanleg «measure twice, cut once», samt å alltid lesa CRL-dokumentet undervegs!

Gje innspel