«

»

Star Wars: Episode VII – The Force Awakens

Onsdag 16. desember hadde «Star Wars: Episode VII – The Force Awakens» verdspremiere. Eg hadde sjølvsagt billettar til 18:20-visninga her i Mo i Rana — eg var jo fyrst i køen på billettsleppet.

Eg møtte opp med Stormtrooper-drakta mi kring klokka 16:30 på premieredagen. Vi hadde fått til eit samarbeid med kinoen, som lét oss i 501st Legion Nordic Garrison låna eit bakrom til omkledningsrom. Dei hadde også laga klart eit lite fotohjørne i foajeen, så stor takk til Rana Kino for dette!

Vi var fem stykk, tre i kostyme og to support, og vi rusla litt rundt, helsa på folk, og stod på utstilling i fotohjørnet. Det var skikkeleg stas. Eg såg ikkje mykje ut av hjelmen min, men det vesle eg såg, gjorde at eg følte meg som ei skikkeleg rockestjerne. Små og store såg på oss som om vi hadde kome rett ut av filmen, og dei digga det.

Ti minutt før filmen rusla vi tilbake til omkledningsrommet, og skifta til sivile klede — eg gjekk for kvitskjorte og dress.

via Location Mo i Rana på Facebook

Foto av oss via Location Mo i Rana på Facebook

Så, korleis var filmen?

Det har gått 30 år sidan kampen om Endor og Det Galaktiske Imperiets fall. Galaksen er framleis i krig. Den nye republikken kjempar mot den vondskapsfulle Fyrste Ordenen. Motstandsrørsla, med Leia Organa i front, leiter etter den forsvunne jedimeisteren Luke Skywalker, med von om å bringa fred til galaksen. Ein mørk agent av Den Fyrste Ordenen er også ute etter Skywalker for å drepa den siste Jedi. Filmen opnar på planeten Jakku, kor det finst eit viktig spor som kan føra til Skywalker…

Filmen var god. Så absolutt betre dei føregåande filmaen. Men den er langt frå perfekt. Viss du ikkje har sett filmen enno, er det best at du stoggar her. Eg kjem til å diskutera eit par plottpoeng.

Millennium Falcon

Millennium Falcon

Ting eg likte

Filmen har mykje som er bra. Ingen pikselbonanza, det er mest mogleg praktiske effektar, og universet er igjen skittent og brukt. Du opplevde aldri ei kjensle av å sjå eit dataspel eller teiknefilm, som i den andre trilogien, men snarare verkelege miljø som folk faktisk lev i. Filmen var fotografert på 35 mm, ikkje digitalt, og det merkest. Det er nydeleg fotografi.

Filmen hadde sjølvsagt mange smådetaljar, referansar til andre filmar, og eit par artige cameo-opptreden. Simon Pegg, til dømes, speler den den gjerrige, småkriminelle skraphandlarsjefen Unkar Plutt, og er umogleg å kjenna att berre ved å sjå på han. Endå verre er det å finna Daniel Craig, som ikkje ein gong er med i rulleteksten. Craig speler Stormtrooperen som slapp laus Rey, gjekk ut av rommet med døra open. Og la att rifla si… Lytt også etter Ewan McGregor, som spelte inn eit par nye replikkar som Obi-Wan Kenobi. Vel, éin ny replikk, i alle fall…

Det er sjølvsagt obligatorisk med eit wilhelmskrik. Dette kunne vi høyra i TIE-hangaren når Finn og Poe forsøker å rømma. Like artig var det å høyra Stormtrooparane som stod og småsnakka. Dei prata m.a. om den nye T-17. Luke hadde ein T-16 heime på Tatooine i den fyrste filmen.

Stormtrooper-IDen til Finn, FN-2187, er ein referanse til fengselscelle 2187 ombord på Dødsstjerna. Dette var cella som husa Prinsesse Leia. Dette var igjen ein referanse til kortfilmen 21-87 av Arthur Lipsett, som var til stor inspirasjon for George Lucas då han laga sin Electronic Labyrinth THX 1138 4EB, og som prega stilen hans i dei kommande filmane hans, THX 1138, American Graffiti og ikkje minst Star Wars: Episode IV – A New Hope.

Finn

Finn

Det var sjølvsagt stor stas å sjå mange kjente fjes frå den originale trilogien. Hovudpersonar som Carrie Fisher i rolla som Leia og Peter Mayhew som Chewbacca var kjempestas, og dei har verkeleg gjort sitt for å koma i form til å spele rollene sine igjen — eg er særskild imponert over Mayhew, som tok dobbel kneoperasjon for å klara dette, etter å ha vore rullestolbunden dei seinaste åra. Men like stas var det å sjå biroller som Tim Rose i rolla som Admiral Ackbar og Mike Quinn som Nien Nunb. Eg sat og gliste kvar gong eit kjent fjes dukka opp.

Men det var dei nye fjesa som stal filmen. Oscar Isaac som piloten Poe Dameron var brilliant. Det minna om ein ung Harrison Ford. Ikkje misforstå, Poe er ein heilt annan type karakter enn Han Solo. Men karismaen som Isaac utstråler, samt «kjendisstatusen» han har akkurat no, er ganske lik slik Harrison Ford var back in the day. Isaac eigde kvar ei scene har var i — men det var ikkje for mange av dei.

Så har me rollefigurane Finn og Rey. Fantastisk. Scena etter at dei har rømt frå TIE-fightarane, og dei har sitt vesle «OMG, DID YOU SEE THAT, HOW DID YOU…?»-augeblikk var kjempemessig. Dette er to karakterar som er heilt ferske i dette miljøet. Alt er nytt og spennande, og dette gjev kvar ei scene dei er med i ein energi som har mangla i den førre trilogien, kor alle karakterane kjente alt, visste alt, kunne alt, og alt var dønn keisamt.

Rey og Finn

Rey og Finn

Særskilt god er Daisy Ridley som Rey. Ofte når du har ei kvinneleg hovudrolle, så blir ho seksualisert. Rey vart ikkje det. Det er ikkje ei einaste scene der ho vart redusert til sitt kjøn. Ho måtte ikkje springa rundt i tettsitjande og avsløyrande drakt under eit kaotisk skotveksling der alle andre hadde praktiske og vernande klede, jf. Padmé i Attack of the Clones. Ho måtte ikkje strippa ned til undertyet og haldast til fange som sexslave for ein gammal, feit gris, jf. Leia i Return of the Jedi. Rey er kvinne, men vi treng ikkje sjå djup utringing og masse hud for å skjøna det. Rey er vakker, så absolutt, men vi respekterer henne fyrst og framst som person før eit pent andlet.

Ein annan ting som ofte skjer med kvinnelege heltar, er at dei blir over-maskuliniserte. Er du kvinneleg helt? Ja, då drikk, slåss, spytter, røyker og bannar du, du har kort hår, og er sint heile tida. Til og med Leia var slik. Hadde ho fått lov til å banna i ein PG-13-film, så hadde ho gjort det, for ho var skikkeleg mannbisk i fyrstefilmen. Men ikkje Rey. Rey kan forsvara seg, ja, men ho har ingen klisjeaktige mannlege trekk. Ho er tøff, men ikkje grov. Ho er hardfør, men ikkje hard. Ho er ei jente som vaks opp i eit nådelaust miljø, og måtte læra å overleva og forsvara seg, men det kom ikkje på kostnad av resten av identiteten hennar.

Rey er ein god karakter, og Daisy Ridley speler henne svært naturleg. Ho blir aldri ein karikatur, men let karakteren få utvikla seg i takt med forteljinga. Ridley speler henne undrande, varm og omtenksam, ho let seg frustrera over urettferd, og ho ber på eit djupt sakn. Ein av dei meir komplekse karakterane i Star Wars, kanskje meir så enn Luke Skywalker i A New Hope. Eg vonar at dei let henne veksa — både rollefigur og skodespelar — for dette var godt, og eg ynskjer ikkje at ho skal stagnera slik f.eks. Natalie Portman gjorde i den andre trilogien.

Rey

Rey

Ting eg ikkje likte

Når det kom til det visuelle inntrykket, var 3D-versjonen det einaste eg ikkje likte. Diverre var filmen falsk 3D, omgjort frå 2D i postproduksjonen. Eg har tilgode å sjå ein einaste omgjort film med bra 3D. Du hadde eit par kule 3D-scener, f.eks. når vi får sjå skipet til General Hux for fyrste gong, eller når Kylo Ren stoggar eit laserskot i lause lufta med Krafta. Men jamnt over tilførte 3D ingenting, og var for det meste berre forstyrrande og til hinder for å nyta filmen. Eg såg filmen i 2D eit par dagar etter, og det var ein langt betre film.

Eg likte heller ikkje Adam Driver som den nye skurken. Her veit eg at eg er i mindretal, men det får så vera. Eg ser kva dei prøver, men eg tykjer det fell flatt. Han framstod meir som ein sutrate tenåring som slamra med soveromsdøra og reiv i stykker plakaten av favorittbandet sitt når han ikkje fekk det som han ville.

I tillegg har du greia med Darth Vader. Kylo Ren prøver så godt han kan å emulera Vader, og forsøker å kommunisera med honom gjennom den mørke sida av Krafta. Det er berre det at DARTH VADER GJEKK TIL DEN LYSE SIDA I FØRRE EPISODE! Viss Kylo Ren faktisk kommuniserer med Vader, så er dette eit gigantisk plotthol. Og viss Kylo Ren berre trur at han kommuniserer med Vader, så er dette elendig historieforteljing, for det kjem ikkje fram i det heile tatt.

Kylo Ren

Kylo Ren

Alt i alt tykte eg at Kylo Ren var ein veik antagonist. Det var fullstendig ufortent at han tok livet at Han Solo. Joda, Kylo Ren var sonen hans, men døden var ikkje fortent. Den var ukarakteristisk. Eg hadde forventa at Solo kom til å døy i filmen — Harrison Ford har jo bede Lucas om å drepa figuren heilt sidan 1977 — men eg tykte ikkje at scena levde opp til dette. Frå det augeblikket Solo gjekk ut på gangvegen, skjønte alle i salen at det kom til å skje. Dette kunne difor lett ha vore den mest emosjonelle, mest hjarteskjærande scena i filmen. Solo kunne ha ofra seg sjølv i eit forsøk på å redda sonen. I staden fekk vi sjå Solo bli lurt trill rundt, døy som ein ussel tulling, og berre ramla ut av biletet utan eit skikkeleg farvel. Det var umotivert og ufortent.

Eg tykte heller ikkje om Starkiller-basen. Faremomentet var aldri der. Eg skjønte skalaen. Eg forstod at den kunne sprengja ein planet. Men det kjentest aldri som personleg. I ANH sprengte Dødsstjerna Alderaan, heimplaneten til Prinsesse Leia, medan prinsessa hjelpelaust såg på. Det var så smertefullt at til og med Obi-Wan kjente dette gjennom Krafta. Vi vart personleg engasjert, OG vi forstod at dette var ei enormt viktig hending av galaktiske proporsjonar. Noko slikt får vi ikkje med Starkiller-basen. Basen sprengjer Hosnian Prime, ein planet vi aldri har sett før og som ingen av karakterane våre har nokon tilhøyrsel til. Vi får høyra at dette er hovudsetet til «The [New] Republic», ei styresmakt vi ikkje er kjent med, og vi berre veit eksisterer frå opningsteksten. Då Hosnian Prime vart spengt, kjentest det mest ut som ein liten krangel du tilfeldigvis overhøyrer i ei bakgate. Det er kjempelett å berre snu hovudet vekk og ignorera det.

Kva om dette hadde vore Kashyyyk, heimplaneten til Chewbacca? Instant wookiee-smerte i hjarta våre. Eller Coruscant, høgsetet til både den gamle republikken og Imperiet? Eller, kva med Jakku, ein planet vi har tilbrakt mykje tid på i denne filmen, og som er det nærmaste Rey har som ein heim — ein planet ho veldig gjerne ynskjer å dra tilbake til berre for at det er hennar siste von om å finna tilbake til familien sin? Emosjonelt gjev det meining, men plottet måtte ha blitt endra litt. Den Fyrste Ordenen ynskte ikkje at BB-8 skulle hamna i hendene til motstandsrørsla, så viss dei trudde at BB-8 framleis var på planeten, ville dette ha vore ein god nok grunn til å sprengja Jakku. Resten av filmen ville gått som det gjer med små endringar. Den Guavianske dødsbanden og Kanjiklub-banden ville ikkje vissta om BB-8, og ville såleis ikkje ha meldt i frå til Den Fyrste Ordenen om Han Solo. I slottet til Maz Kanata, ville agenten for motstandsrørsla meldt ifrå om BB-8, og agenten for Den Fyrste Ordenen ville ha meldt i frå om Finn. Den Fyrste Ordenen ville ha gått til aksjon når dei skjønte at motstandsrørsla var på veg dit. Slaget om Takodana ville stått, og dette samt påfølgjande hendingar ville gått som dei gjer. Forskjellen er at konfrontasjonen mellom Han Solo og Kylo Ren ville ha vore meir uventa frå begge sider, og det kunne ha blitt ein mykje betre konklusjon.

Dette er diverre berre tankespinn… Faktumet er at Starkiller-basen sprengte Hosnian Prime, så difor vi fekk aldri kjensla av at dette er verre enn Dødsstjerna.

X-Wing

X-Wing

Men dette er ting som berre skurra litt for meg. Alt i alt likte eg historia, settinga og karakterane. Det same kan diverre ikkje seiast om plottet: hemmeleg melding blir planta i ein droide, som blir funnen av ein ung og motvillig helt som har budd heile livet på ein ørkenplanet utan foreldre, og som no må få hjelp frå to smuglarar til å frakta droida tilbake til motstandsrørsla medan agentar frå eit vondskapsfullt regime er på jakt etter droida og samtidig skal ta i bruk sitt gigantiske, planet-øydeleggjande våpen mot motstandsrørsla. Viss du tykte det høyrtest kjent ut, så er du ikkje aleine. Dette er plottet til A New Hope. Eg vil gå så langt som å seia at The Force Awakens er ei nyinnspeling av A New Hope. Det utenkelege har altså skjedd — Star Wars er nyinnspelt. Vi veit jo at Star Wars-filmane er sykliske, at både plottpoeng, karakterutvikling og til og med visuelle inntrykk blir sett opp mot kvarandre, både som spegelbilete og som motsetjingar. Men ikkje i like stor grad som her. Dette er ikkje spegelbilete eller syklisk struktur. Dette er latskap, rett og slett. Det einaste som reddar filmen frå slakt på grunn av dette, er at den har svært engasjerande karakterar og er pakka inn i ei spennande forteljing.

Oppsummering

Det er ting eg likte veldig godt med filmen, og det er ting eg ikkje likte så godt. Plottet trekk veldig ned, men karakterane Finn, Poe og ikkje minst Rey trekk veldig opp. Den gjev eit flott visuelt inntrykk, og veit når den skal vera fargerik og når den berre skal vera nyansar av brunt og grått. Dette er ikkje grensesprengjande eller nyskapande, men er veldig i tråd med dei gamle filmane. For å seia det på eit anna vis: dette er den beste George Lucas-filmen som George Lucas aldri har laga. Eg skreiv innleiingsvis at eg likte denne betre enn den andre trilogien. Men den når diverre ikkje opp til den originale trilogien. Filmen legg grunnlaget for dei to neste filmane i denne trilogien, og eg ser absolutt eit potensiale for at den blir betre med åra. Den når ikkje A New Hope eller Empire Strikes Back, og kjem aldri til å gjera det, men den kan passera Return of the Jedi. Viss eg berre klarar å tilgje den for plottet.

Gje innspel