Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
I dag fekk eg endeleg beskjed om at søknaden min til 501st er akseptert, og Stormtrooper-drakta er godkjent. Eg fekk tildelt ID-nummeret 32700 (skikkeleg digg nummer!), samt prefiksen TK. Eg er med dette medlem av 501st Legion, Nordic Garrison. Hurra!
Prosjektet er dokumentert både her på bloggen, i videobloggen (sjå speleliste på YouTube), på Snapchat, og ikkje minst på forumet Whitearmor.net.
I samband med godkjenninga, fekk eg lyst til å dela ein del prosjektfoto.
Draktdelane før klipping, pussing, liming og montering.BicepsFjerning av lim på biceps. E6000 er sterkt, men lett å fjerna.Krok til biceps. Brukast til å halda skulderstroppa på plass. Kroken er limt fast på innsidaHeimesnekra mannekengHeimesnekra mannekengArmaneArmaneSamanlikning av armane. Korrekt kant til høgre. «No return edge on the inside of the front of the forearm is allowed.»Ein liten kameratVåpenhylsaThermal detonatorThermal detonatorThermal detonator, korrekte skruarThermal detonatorEin Singer Golden Panoramic 670G symaskin frå ca 1967 er brukt fleire gong i prosjektet.Sying av leggstropparFerdige leggstroppar med krokar. Stroppane er limt på innsida bak på leggane.Tilpassing av leggTilpassing av leggLiming av leggFerdiglimte leggarEtter at eg handla svart kompressjonsunderdrakt, fekk eg svært snodige Ebay-forslagKneplateKneplateKneplateSkulderbruKorrekte trykknappar i setetLår under limingLår etter limingKorrekte hette-naglar i nikkel på lårKorrekte hette-naglar i nikkel på lårLårbeltetMontering av øyre på hjelmMontering av øyre på hjelmHumbrol-måling i blå, grå og svartKroppen før målingHer sat eg og måla kroppenKorrekte messing-splittnaglar i sidaKorrekte messing-splittnaglar i sidaKnappar til beltet, til å dekkja over naglane.Oppmerking av stroppefeste på innsida av kroppen.Stroppefeste på innsida av kroppenStroppefeste på innsida av kroppenBelteknapp med korrekt avstandEg slo inn trykknappane med ein søt liten hammar.HjelmVakuumforseglingMåling av hjelmstriperMåling av hjelmstriper. Fyrste forsøk vart for langt ut på tuben. Korrekt avstand er «one pencil width», eller ca 6 mm frå kinnet. Her er dei ca 12 mm.Måling av hjelmstriper. Neste forsøk var nærmast katastrofe. Her etter litt opprydding.Måling av hjelmstriper. Tannpirker, løysemiddel og mykje tolmod, så vart stripene til slutt OK.vart gummihanske med kvitmalt latekshandplate.TK 32700 til teneste!