YouTube-kanalar om film

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

For eit par år sidan skreiv eg ei liste over gode YouTube-kanalar. Det er mykje som kan endra seg på snart fire år, så eg tenkte at det var på tide med ei lita oppdatering. I skrivande stund tingar eg 155 kanalar, og ser dagleg på YouTube minst ein times tid.

Enkelte kanalar på den førre lista er eg ikkje lenger abonnert på:

  • We Come From the Future — kanalen vart lagt ned.
  • Good Mythical Morning — eg gjekk lei.
  • TED — Veldig mykje innhald. Framleis interessant, men grunna den store mengda oppsøkjer eg heller enkeltvideoar enn å få dei inn i straumen
  • SourceFed — Det vart for mykje fjas.

Resten av kanalane på den gamle lista tingar eg framleis, men det er ikkje alle som lenger oppdaterer like ofte eller er på topplista mi. Til dømes bur ikkje Antonius og Veejay frå AVByte lenger i same by, så det er lengje mellom kvar video. Eit anna døme er Geek & Sundry, som etter å ha blitt kjøpt opp av Lionsgate, ikkje lenger har hatt like interessant innhald. Mykje av fokuset er på Twitch, noko eg ikkje følgjer med på.

På topp finn vi stadig Idea Channel. Kanalen har leika seg litt med strukturen, men kjernen er der enno. «Here’s an idea», seier Mike, og kjem så med ein påstand som han underbyggjer og drøftar. Eg har også vore nemnt to gonger på kanalen (Does Fiction Exist? og Are All Hotel Rooms The Same Place?). Også høgt på lista mi er Wheezy Waiter, som nyleg endra format på kanalen sin igjen, og er i betre form enn nokon gong!

Men ei slik oppdatering lyt innehalde nye ting. Denne gongen held eg meg innafor eitt tema, nemleg film.

Videoessay

Fyrst ut har eg vald fem kanalar som for det meste lagar videoessay. Dette er eit veldig passande format til å formidla idear og kunnskap om film, og eg har til gode å sjå eit videoessay frå dei følgjande kanalane som eg ikkje vart interessert i å læra meir om.

Now You See It

Every Frame a Painting

Fandor

Darren Must See Films

The Nerdwriter1

Filmkritikk, filmomtale, filmanalyse

Nesten alle og einkvan kan omtale film, men det skal litt ekstra til før du kan kalla det filmkritikk eller filmanalyse. Dei følgjande kanalane er ei salig blanding av alle tre.

Chris Stuckmann

Stuckmann er ein av dei beste filmkritikarane eg kjenner til på YouTube — kanskje den beste. Han viser stor kunnskap og retorikk, men framstår primært som filmentusiast. Sjølv om eg ofte kan vera usamd i karaktergjevinga hans, er konklusjonane hans gjennomtenkte og godt argumenterte. Om du ikkje ser dei daglege filmomtalane hans, så vil eg tilrå å videoessaya hans. Sjå til dømes djupanalysen hans av Signs, eller essaya om skrekkfilm og actionfilm.

Jeremy Jahns

Jahns er ein av dei mest populære filmomtale-kanalane på YouTube. Omtalane hans er formidla med kjappe replikkar, høg energi og dressjakke. Han har også svært populære trailerreaksjonsvideoar.

Mr Sunday Movies

Variert innhald, både analyse og filmkritikk, alltid med humor. Faste spalter er «Thing You Missed…» og «Best & Worst», samt «The Weekly Planet»-podkasten.

What The Flick?!

Film- og TV-kritikk frå profesjonelle kritikarar frå ulike publikasjonar. Kanalen er ein del av TYT-nettverket.

Channel Awesome

Filmomtaler, filmkritikk og analyse. Kanalen inneheld mest Nostalgia Critic, men også andre prosjekt frå Doug Walker og co.

The Film Theorists

The Film Theorist inneheld tre seriar: Film Theory (av MatPat, viss du er kjent med Game Theory, så er dette same format), Frame by Frame og Did You Know Movies

Andre av interesse:

Eg tek gjerne i mot tips om andre kanalar som ikkje står oppførd her eller i det førre innlegget!

  1. The Nerdwriter handlar ikkje utelukkande om film, men også kunst, kultur, politikk og filosofi. []

Permanent link to this article: https://boba.no/2016/04/youtube-kanalar-om-film/