«

»

Hai på deg, Halloween

Der var det jaggu tid for kostymefest igjen! I år bestemte eg meg ganske tidleg for å ikkje leggje alt for mykje arbeid i kostymet, men ville likevel gå som noko som alle ville kjenne att.

Eg gjekk som venstre hai frå Katy Perry-opptreden under Superbowl 2015. Drakta var nær komplett då eg kjøpte den.

Det einaste tillegget eg gjorde, var netting framfor fjeset for å skjule det. Eg brukte netting kjøpt på tøybutikken, la det trippelt og teipa det saman med svart duct-tape. Etterpå festa eg det i overmunnen på haigapet med borrelås, tape. Dette gjorde at fjeset var skjult, men eg kunne framleis opne opp viss eg ville.

Kostymet var ein suksess trass lite arbeid. Kostymefesten braut ut i latterbrøl då eg kom dansande inn døra. Det var ein flott kveld — om enn litt varmt…

Tidlegare år:

Gje innspel