«

»

Rogue One: A Star Wars Story

Så var vi her igjen. Ein ny Star Wars-film rullar på kinolerreta, og for fjerde gong var eg fyrst i billettkøen på Mo. Filmen hadde premiere onsdag 14. desember klokka 21:15.

Nordic Garrison samarbeida med Rana Kino og Location i år òg. Vi var to stykk, ein stormtrooper og ein TIE-pilot. Vi stod vakt ved den raude lauparen, helsa på folk, og poserte på mange, mange bilete, sjølviar og snappar.

Når alt publikum var kome seg på plass, marsjerte vi inn i salen saman med Linda frå kinokiosken. Vi delte ut flotte premiar til to heldige vinnarar, og marsjerte ut igjen. Kinomaskinisten venta på oss, slik at vi fekk byta til sivilklede (eg gjekk for ein stormtrooper-cardigan), og kunne nyte filmen saman med publikum.

Filmen

«It is a period of civil war…» Slik opna Star Wars i 1977, og teksten fortalde så om ein kamp, rebellar, hemmelege planar og eit ultimat våpen. Rogue One er forteljinga om denne kampen, om desse rebellane, dei hemmelege planane og om Dødsstjerna. Vakt deg, her finst det plottpoeng.

Ting eg likte

Dette er ein mørkare Star Wars-film enn vi tidlegare har sett. Tonen var meir alvorsam, og vi finn ingen søte, morosame karakterar. Som andre har sagt, filmen set ordet «krig» tilbake i «Stjernekrigen».

Samstundes kjennast det heile mindre grandiost ut. Vi forstår kva konsekvensen blir viss oppdraget feilar, men du har ingen Obi-Wan Kenobi, Anakin Skywalker eller Luke Skywalker, som tilsynelatande er dei viktigaste personane i galaksen. Jyn Erso er ikkje ein helt frå klonekrigen, ho er ikkje viktig i Alliansen, og nesten ingen i Imperiet veit kven ho er. Eg er bra sikker på at sjølv ikkje Keisaren veit namnet hennar. Dette gjer at den opplevde trugselen for oss tilskodarar ikkje er på eit makro-nivå, men kjennast meir personleg. Kjem Jyn til å overleve? Kva med Cassian Andor? Baze med det store geværet?

Eg tykte filmen flaut godt, og tok pausar på dei rette stadane. Force Awakens, til samanlikning, kjentest veldig stressa. Karakterane hasta frå den eine planeten til den andre. I Rogue One fekk dei derimot tid til å puste ut, og det gjorde at vi fekk tid til å fordøya plottet betre.

Gareth Edwards er utruleg dyktig til å vise storleik. Dette visste vi frå m.a. Godzilla, men det var utruleg morosamt å sjå her. Det beste dømet skjer tidleg i filmen. Edwards let fyrst ein TIE Figher fylle heile høgda av lerretet til venstre. TIE-en flyg mot høgre, og vi ser at den flyg mot ein Star Destroyer. Di nærmare TIE-en kjem, di mindre blir den ved dette store skipet. Kameraet startar å vippe oppover, og vi ser fleire Star Destroyers i bakgrunnen. Men vi ser ingen stjerner, ingen planetar. Vi ser.. kva er det vi ser? Metall? Kva enn dette er, så er det mykje, mykje større enn dei svære skipa. Kameraet stansar når vi ser ein svær disk bli senka sakte ned i eit hol, med Star Destroyarane som små prikkar ved sidan av disken. No kjenner vi den igjen. Det er Dødsstjerna, og den er gigantisk!

Historia var spennande, sjølv om dei største plottlinene var lett å sjå. Men det gjorde ingenting. Vi visste jo kor dette kom til å ende, så det gjaldt berre å nyte vegen dit. Og for ein flott veg! Frå den rurale planeten Lah’mu og den Aliens-inspirerte planeten Eadu (som også minna om fleire brett i Jedi Knight-spelserien!), til asteroidebeltet Ring of Kafrene og Massassi-tempelet på månen Yavin 4, og ikkje minst den tropiske planeten Scarif kor det siste slaget står. Dette er slaget som opningsteksten av Episode IV fortel om.

Filmen var krydra av snadder. Eg har teke for meg mykje av dette i videobloggen:

Stikkord for dei som ikkje vil sjå videoen: Drewe Henley og Angus MacInnes som Red Leader og Gold Leader, Mustafar, Chopper, blå mjølk, Red Five, Blue Squadron, Guardians of the Whills.

Ting eg ikkje likte

Diverre var ikkje filmen perfekt. Det veikaste med filmen var karakterane. Dei opplevast som svært flate. Dette er leit, for det er jo karakterane som skapar størst spenning i publikum – vil dei klara seg eller ikkje? Det var ikkje dårlege karakterar, men dei hadde lite utvikling eller bakgrunnshistorikk. Eg hadde lese boka Rogue One: Catalyst på førehand, og i den lærer du betre å kjenne Galen og Lyra Erso, Orson Krennick og guvernør Tarkin. Eg liker ikkje å oppmoda til å lese ei bok for å få fullt utbyte av ein film, men her trur eg kanskje det vil hjelpe.

Elles er kanskje den største kritikken mot filmen at Tarkin er CGI. Det vil seie, det er berre fjeset hans som er CGI. Dei hadde ein skodespelar på settet, men byta ut andletet i postproduksjonen. Men med datagenerert andlet får du det som på fagspråket kallast «uncanny valley«. Teknologien er kome langt, og Tarkin er nær naturtru, men ikkje nær nok. Det er særskilt når han snakkar at vi opplev at det er noko som er feil. Det same gjaldt Leia. Eg tykte at dei kunne filma desse scenene annleis – prøvd å skjule fjeset mest mogleg når dei snakka. Men når dei stod stille, så var dei svært livaktige. Hadde eg ikkje visst betre, kunne eg nesten trudd at Peter Cushing framleis spelte figuren – 39 år seinare og 22 år etter hans død. Så joda, det var «uncanny valley», og det tek deg litt ut av filmen, men det fungerer til ein viss grad. Det trekk ikkje ned, ikkje mykje i alle fall.

Til sist vil eg kanskje nemne musikken. Dette er fyrste Star Wars-film utan John Williams. Musikksporet til Rogue One er komponert av Michael Giacchino (som forresten hadde ein cameo i The Force Awakens!), og han fekk oppdraget i siste liten. Eigentleg skulle musikken bli komponert av Alexandre Desplat, men på grunn av ytre omstende måtte han gje frå seg den rolla. Giacchino gjer difor ingen dårleg jobb, men musikken kunne nok ha blitt betre om han hadde fått betre tid på seg. Som langvarig Star Wars-hugmann finn eg det litt opprivande når temamusikken til andre karakterar blir brukt heilt utan vidare, f.eks. Force-temaet (knytt til Luke) frå A New Hope eller kjærleikstemaet (knytt til Anakin og Padme) frå Attack of the Clones. Like opprivande er det når Imperial March startar, men ikkje får fullføre fanfaren sin. Og sjølvsagt, sidan det ikkje var nokon opningstekst, var det heller ingen opningsmusikk.

Oppsummering

Rogue One: A Star Wars Story fortel ei historie vi har fantasert om heilt sidan vi fyrst såg opningsteksten i Episode IV. Det er ingen store overraskingar, men tettar eit par «plotthol» til seinare filmar. Det var ei spennande forteljing, men veik karakterutvikling. Alt i alt likte eg filmen godt.

Finn ut kor eg rangerer den blant dei andre Star Wars-filmane.

rogue_one-atat

Gje innspel