Film- og serieåret 2016

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Nytt år, nye filmar. Lat oss sjå litt tilbake på året som gjekk. 2016 var eit langt og tidvis brutalt år, men heldigvis hadde vi mykje film som hjelpte oss gjennom det. Kva hamna på topplista og kva finn du på botn?

(Sjå alle oppsummeringar av filmåret)

Statistikk

Hopp ned til botnlista eller topplista.

Film: I 2016 såg eg 115 filmar. Dette er litt færre enn i fjor, men til gjengjeld var over halvparten av dette i kinosalen. Som i 2015, var mars den store film-månaden. Då såg eg 39 filmar. Dei sløvaste månadene på filmfronten var januar og mai, med berre tre filmar kvar.

Serie: Dette var året då eg starta å loggføre seriar. Det har eg ikkje gjort tidlegare, så eg hadde berre ein vag idé om mengda seriar og episodar gjennom året. Men no når eg sit og ser på statistikken, er eg overraska. Eg såg 829 episodar i 44 seriar. Dette er minst tre gonger så mykje som eg hadde trudd! Månaden då eg såg flest episodar var januar, med heile 235 episodar. Det forklarar kvifor filmtalet var så lågt den månaden.

YouTube: Utanom film og seriar, er strøyming via YouTube det mediet eg bruker mest tid på. Eg starta året med å rydda opp i kanaltingingane mine. Eg hadde 140 kanalar på lista då vi gjekk inn i 2016, og målet var å redusere dette talet med 20-30 kanalar. Ein eller annan stad må det ha gått feil, for i skrivande stund tingar eg 194 kanalar – over 50 meir enn i fjor! Eg har ikkje talfesta videoane eg ser, men tipper at eg nyttar mellom 15-20 timar per veke.

Video: Videosamlinga auka også i 2016. Eg måtte gjere plass til 48 nye titlar på videoveggen, som no rommar 1096 titlar. Dei nye videoane kosta meg kring 4400 kroner. Tolv av desse var DVD, resten var Blu-Ray. Den dyraste tittelen var The X-Files: The Event Series, som kosta 299 kroner.

Serieåret

Eg starta 2016 med eit maraton-gjensyn med X-Files, Millennium og The Lone Gunmen, som oppvarming til den nye minisesongen med Mulder og Scully.

Etter kvart starta eg også på dei animerte seriane til DC (kjent som «DCAU» – The DC Animated Universe), med Batman, Superman og så bortetter. Fy flate, så bra Batman-serien var!

Eg følgde også med på The Expanse og Supergirl, men gav opp begge etterkvart. Eg kjem ikkje til å sjå vidare på dei.

Sjølv om eg tykte eg mangla den skikkelege serie-opplevinga, var det mange gode seriar å følgje med på. Eg kan nemne i fleng: Folkeopplysningen, Star Wars: Rebels, Daredevil, Nomino… Mine favorittseriar gjennom året var:

  1. Westworld
  2. Luke Cage
  3. Stranger Things
  4. Frequency
  5. Person of Interest

Filmåret

Gjennom året hadde eg gjensyn med Captain America, Iron Man og The Avengers. I samband med X-Files-maratonen i januar såg eg sjølvsagt også filmane. I juli såg eg Jason Bourne-filmane, og i same månad hadde eg eit gledeleg gjensyn med The Lion King.

Den eldste filmen eg såg var den norske filmen Jakten frå 1959. Kaiju-prosjektet dabba av, og eg vart ikkje halvferdig med 90-talet. Eg får prøve å ta igjen det tapte i løpet av 2017!

Andre filmar som eg såg for fyrste gong i 2016: Inside Out, Papurika, Tonari no Totoro, Coherence, Synchronicity.

Botnlista

Gå attende til statistikken, eller hopp ned til topplista.

Heller ikkje dette året hadde eg sett så mykje til skiten. Eg byrjar å bli flink til å unngå den. Nesten litt for flink. Eg meiner at dårleg film har ein nytteverdi. Du kan lære mykje om filmfaget ved å analysere kva som ikkje fungerer i dårleg film, og du set betre pris på den gode filmen.

I det nedre sjiktet av lista mi finn du filmar som The Girl on the Train, Star Trek Beyond, Ghostbusters og Now You See Me 2. Ikkje gode filmar, men heller ikkje så dårlege at dei høyrer heime på ei botnliste. Det beste ordet eg har om dei er «meh». Som sagt, eg har unngått dei mange av dei dårlegaste filmane gjennom året. Men ikkje alle. Lengst ned på lista mi, langt under dei overnemnte, finn vi tre filmar som utmerkte seg negativt:

Independence Day: Resurgence

«We had twenty years to prepare,» står det på filmplakaten. Tjue år, og dette er det beste dei klarte å kome opp med?! Filmen er usamanhengjande og keisam, og sjølv ikkje Jeff Goldblum klarar å redde den. Dette skulle vere den fyrste av to oppfølgjarar, og filmskaparane skulle også bruke suksessen av denne til å lage ein ny Stargate-trilogi. Vel, Independence Day 3 er «on hold», og Stargate-filmane er lagt heilt på is. Kanskje like greit når vi ser denne filmen?

Independence Day: Resurgence

Independence Day: Resurgence

Suicide Squad

Dette var filmen som skulle redde DC-serien. Karakterane var der, spelt av karismatiske skodespelarar. Men kva hjelp det når det er eit gørrkeisamt plott? Filmen kjendes veldig som eit lappeteppe av meiningar frå produsentar og studio-hovud. Marknadsføringa var særs feilslått, vi fekk ein heilt annan film enn vi var lova.

Suicide Squad

Suicide Squad

Batman v Superman: Dawn of Justice

Når vi snakkar om DC-serien… Kan nokon vera så venleg å visa Zack Snyder korleis han slår av sepia-filteret på kameraet sitt? Igjen viser det seg at Warner-DC ikkje forstår korleis dei skal lage film av det rike kjeldematerialet sitt. Vi fekk ingen karakterark med Superman. Frøa til Justice League var dårleg sådd, og filmen stoppar brutalt opp kvar gong. Og har filmskaparane nokon gong lese noko som helst om Lois Lane? Ho har ingen funksjon i plottet anna enn å vere ein rekvisitt for Superman. Dette er ikkje den sterke, eigenrådige kvinna vi kjenner frå teikneseriane. Det var to positive ting med filmen: Wonder-Woman, men ho var nesten ikkje med, og Batman, men han blir dratt ned i søla av to (2!) draumesekvensar. Kva i helvete, Snyder?! Draumesekvensar?! I EIN SUPERHELTFILM?! Då Doomsday dukka opp, stod det heilt klårt for meg at denne filmen hamna nederst på lista mi dette året.

Batman v Superman

Batman v Superman

Topplista

Gå attende til statistikken eller botnlista.

Som vanleg startar eg med heiderleg omtale av fleire knallgode filmar som ikkje nådde heilt til topp. Dei er her presentert i tilfeldig rekkjefølgje: La dame dans l’auto avec des lunettes et un fusil, Mammas drøm, The Lobster, Swiss Army Man, Angry Indian Goddesses, Everybody Wants Some!!, London Road.

#10: Dégradé

Dette er eit fantastisk kammerspel om tolv kvinner i ein liten frisørsalong på Gazastripa. Utanfor døra er det mest full krig mellom Hamas og ein gjeng opprørarar. Kvinnene, deriblant ei gravid kvinne, ei svært religiøs kvinne, ei brud og ein pillemisbrukar, er avstengt frå omverda. Kamphandlingane – skytinga og eksplosjonane – nærmar seg.

Dégradé

Dégradé

#9: Det som en gang var

Venskap kjem og går, men når veit du at det er slutt? I denne filmen møter vi to veninner som har smått om senn sklidd frå kvarandre utan å gje slepp. Sanninga kjem fram på nachspiel.

Det som en gang var

Det som en gang var

#8: AnUnder kirsebærtrærne

Sentaro er ein gretten kokk som sel japanske pannekaker frå eit gatekjøkken under kirsebærtre. Han går på jobb, steiker og sel pannekakene, og går heim. Det er ein grå og rutineprega kvardag. Ein vårdag dukkar 76 år gamle Tokue opp. Ho har med seg heimlaga bønnesyltety, og overtyder Sentaro å hyra henne. Frå der blomstrar pannekakesalet i takt med kirsebærtrea utanfor.

An

An

#7: The Shallows

Nancy har funne draumestranda. Bølgjene er svære, og surfebrettet er nyvoksa. Men der ute lurer ein svolten kvithai, og den har sett seg ut Nancy som sitt neste måltid. Etter eit åtak blir ho stranda på ein holme, berre eit steinkast frå trygg grunn. Blake Lively er i beste fall heilt OK. Til vanleg. I denne filmen gjer ho ein god rolleprestasjon. Når Nancy skrik av smerte, så kniper du deg saman i kinosetet! Hadde du fortald meg at årets topp ti-liste kom til å innehalde ein film som eine og aleine skulle berast på skuldrene til Lively, så hadde eg flira dumt til deg. Så feil kunne eg ta. Ein fornøyeleg sommarfilm!

The Shallows

The Shallows

#6: The Big Short

Filmen fortel tre parallelle handlingar om finansmenn som føreser bustadlån-kollapsen og finanskrisa, og utnyttar systemet. Økonomi og finans er kompliserte og tidvis keisame tema, så for å forklare dei vanskelegaste konsepta, bruker filmen eit grep der Hollywood-stjerner som Margot Robbie og Selena Gomez forklarar terminologien til kameraet. Dette er ein skummel film. Skummel, fordi den er basert på sanninga.

The Big Short

The Big Short

#5: Spotlight

Ein annan film basert på sanninga. Denne filmen fortel om då Boston Globe avslørte eit massivt barnemishandlingsmiljø og metodiske dekkoperasjonar i den katolske kyrkja. Undersøkingane deira avslørte prestar over heile verda, til og med her heime i Noreg. Filmen er også eit innblikk i den undersøkande journalistikken, som mange meiner er ein døyande art no når papiraviser slik vi har kjent dei snart er saga blott. Filmen framstår litt som eit «whodunnit»-spenningsdrama, men med den katolske kyrkja som skurk, og med eit utfall som vi som tilskodar veit på førehand. Det var likevel spennande, og eg applauderte nesten høgt i kinosalen då journalistane endeleg kunne prente saken.

Spotlight

Spotlight

#4: Room

Ei ung kvinne har vore fanga i eit skur i sju år. Ho blir jamleg valdteken av kidnapparen sin. Dette har ført til ein son, som no er fem år gammal og aldri har sett noko anna enn dei fire veggane. Dei legg ein plan for å rømme, men omverda er ganske så mykje større enn det vesle rommet.

Room

Room

#3: Deadpool

Ultravald i saktefilm og Juice Newton med «Angel in the Morning» som ljodspor? Det kunne nesten ikkje bli betre! Filmen fortel om opphavet til karakteren Deadpool, men ignorerer alt som var sagt i X-Men Origins: Wolverine. Takk! Etter den fadesen såg det ut som om vi aldri kom til å få ein ordentleg filmversjon av figuren. Mellom popkultur-referansane, rappkjefta skodespelarar og eit relativt lite plott som passa perfekt til denne historia, var dette ei svært fornøyeleg filmoppleving.

Deadpool

Deadpool

#2: Fatima

Fatima er ein fråskild innvandrar i Lyon, Frankrike. Ho har to døtre, 15 og 18 år, og ho jobbar som reinhaldar og hushjelp. Alt ho vil er å syte for eit godt liv for døtrene, men føler ikkje at ho når fram til dei. Det er først når ho startar å skrive til dei på morsmålet arabisk at ho klarar å uttrykkje det ho ikkje får til å seie på fransk. Filmen er inspirert av diktinga og bøkene til Fatima Elayoubi.

Fatima

Fatima

#1: Rogue One: A Star Wars Story

Jyn Erso blir bragt til den løynlege hovudbasen til Opprørsalliansen. Dei har fått ord om at far hennar, den imperiske vitskapsmannen Galen Erso, har sendt ord om eit nytt, grufullt våpen. Jyn må dra på oppdrag med opprørarspionen Cassian Andor for å få vite meir om dette våpenet. Filmen har kanskje ikkje like godt utvikla karakterar som i The Force Awakens, men byr på ei spennande historie, og passar perfekt som ein forløpar til A New Hope. Eg storkosa meg!

Rogue One: A Star Wars Story

Rogue One: A Star Wars Story

Permanent link to this article: https://boba.no/2017/01/film-og-seriearet-2016/