«

Eg liker ikkje «The Last Jedi»

For to veker sidan fekk vi vite den offisielle tittelen til «Star Wars: Episode VIII». Filmen skal heite «The Last Jedi», og eg må innrømme at eg har ikkje mykje hug til denne tittelen. Det vil seie, tittelen aleine er flott, og hadde vore råbra som ein boktittel eller speltittel, men eg klarar ikkje å like den som tittel på filmen. Og det er det fleire grunnar til.

#1: Vi har ein Jedi-tittel frå før

Dette er hovudårsaka til at eg ikkje liker «The Last Jedi». Vi har jo ein filmtittel frå før med ordet «Jedi», nemleg «Star Wars Episode VI: Return of the Jedi». Eg føler at det blir litt unødig med ein til. Det gjer at soga er svært jedi-sentrisk. Forløpar-trilogien viste oss at jedi-sekta var ganske teit, og den har då veteleg blitt øydelagt på grunn av akkurat dette.

Som familiesoger flest, er Star Wars ei soge om ei slektline. Dei ni filmane fortel (skal fortelje) krønika om Skywalker-familien. Det er berre i to av dei ni filmane at ein Skywalker er medlem av sekta. Anakin Skywalker trener som jedi i «Attack of the Clones» og «Revenge of the Sith». Og den eine av desse handlar om korleis Anakin Skywalker går ut av Jedi-ordenen og blir Sith i staden… Underforstått av mine påstandar: Luke var aldri ein Jedi. Jedi er ikkje ein tilstand, men ei sekt, ein samskipnad, ein organisasjon. Du kan ikkje bli medlem av ein organisasjon viss den organisasjonen ikkje eksisterer lenger.

Eg kan gå med på at Luke Skywalker grunnla ein ny jedi-orden. Han trena mellom anna Ben Skywalker Solo. Det vara ikkje lengje. Ren-riddarane, ei anna sekt, tok livet av alle dei nye jediane, øydela heile organisasjonen, og kjeppjaga Luke Skywalker. Eg seier difor ikkje at tittelen «The Last Jedi» er feil. Luke ER den siste av (den nye) Jedi-ordenen. Eg seier berre at jediane ikkje lyt vere hovudfokuset til soga, då jediorganisasjonen har gått til grunne – to gonger – og er fråverande i mesteparten av filmane.

#2: Tittelen bryt mønsteret

Star Wars-filmane følgjer monomyta, som filosof Joseph Cambell skreiv om. Dette er ein historiestruktur som også blir omtala som heltereisa.

Heltereisa på engelsk WikiPedia

Filmane fortel separate heltereiser, men både plott og motiv speglar kvarandre på tvers av filmane og på tvers av trilogiane. Dette kan du t.d. lese meir om på Starwarsringtheory.com. Ikkje berre er filmane strukturert på denne måten, men også titlane. Kvar trilogi har ein klassisk aristotelisk dramaturgi, og kvar del av trilogiane speglar same del i dei andre trilogiane.

Klassisk dramaturgi: Anslag Konflikt Resolusjon
Monomyta: Utreise Innvigsel Atterkomst
Trilogien: A New Hope The Empire Strikes Back Return of the Jedi
Forløpar-trilogien: The Phantom Menace Attack of the Clones Revenge of the Sith
Mønsteret: Ein Kraftfull får eit kall Væpna konflikt på stor skala (Sekta til) den Kraftfulle sigrar

Oppfølgjar-trilogien starta med ein tittel som passa til mønsteret: «The Force Awakens». Men vi veit enno ikkje heilt om den kraftfulle i dette tilfellet er Rey (ukjent opphav) eller Ben (Skywalker). Eller kan det vere nokon annan? Same kva eller kven, så passar ikkje «The Last Jedi» inn i mønsteret. Her skulle det ha handla om ein millitærorganisasjon og eit slag (Episode II: klonetroppen og slaget på Geonosis, Episode V: dei imperiske styrkane og slaget på Hoth). Tittelen viser til éin person 1, og det er heller ingenting som fortel at dette skal handla om eit slag. (Den siste jediridder kan jo halde fram med å vere den siste heilt til ho eller han er gammal, grå, hålaus og impotent). Her er eit par forslag til titlar som hadde passa betre:

Oppfølgjar-trilogien: The Force Awakens «The Assault on The Resistance» «Resurgence of the Ren»
«Invasion From The Unknown Regions» «Ressurrection of the Whills»
«The First Order Siege» «Renaissance of the Church of the Force»

#3: Det skapar dissonans

Du vil ikkje ha ordet «Last» i midten av ein trilogi. Det harmonerer ikkje med historiestrukturen. Ein trilogi har ein start, eit midtparti og ein slutt. Ordet «Last» insinuerer at noko tek slutt i midtpartiet, og det bryter med dramaturgien omtala over. Du vil ha konflikt i del to, og spenningstoppen i del tre.

#4: Vi har ein Jedi-tittel frå før, igjen

Eg gjentek det her, men med ei litt anna vinkling: vi har alltid brukt kort-titlar for filmane. «Star Wars: Episode V – The Empire Strikes Back» heiter «Empire» på folkemunne. «Clones» er «Star Wars: Episode II – Attack of the Clones».

Phantom Star Wars: Episode I – The Phantom Menace
Clones Star Wars: Episode II – Attack of the Clones
Sith Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith
Star Wars/Hope Star Wars: Episode IV – A New Hope
Empire Star Wars: Episode V – The Empire Strikes Back
Jedi Star Wars: Episode VI – Return of the Jedi
Force Star Wars: Episode VII – The Force Awakens
R1/Rogue Rogue One: A Star Wars Story

Men kva skal vi kalle «Star Wars: Episode VIII – The Last Jedi»? «Nye Jedi»? «Last»? «The»?? Alt skurrar.

Kor som er, tittelen er ikkje det viktigaste. Eg kan sikkert lære å like den (det tok litt tid før eg var fortruleg med «The Force Awakens»). Det viktigaste er at FILMEN er god. Det finn vi ut 15. desember…

  1. Det heiter jedi også i fleirtal, men vi veit frå opningsteksten til «The Force Awakens» at tittelen viser til eintalsforma []

Gje innspel