Kosmorama 2017

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har igjen vore ei veke i Trondheim på Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival, som gjekk frå måndag 6. mars til sundag 12. mars. Dette er mitt sjuande festivalår, og det fjerde samanhengjande året.

Det er alltid kjekt å kome tilbake til Trondheim, men i år var det uvanleg kaldt. Sola varma, men i skuggen var det enkelte dagar nede i -10°. Det er ganske uvanleg til å vere mars. Vêret er likevel ikkje så nøye — eg opphaldar meg for det meste innandørs på Nova kinosenter eller på hotellet, som for fjerde året på rad var Comfort Hotel Trondheim, som ligg vegg i vegg med kinoen.

På sju dagar såg eg 35 filmar. På ein internasjonal filmfestival er det mange språk, og eg såg mellom anna film på engelsk, finsk, koreansk og tagalog. Mesteparten var spelefilmar, men eg såg også fire dokumentarfilmar, ein animasjonsfilm og ein mockumentar. Den kortaste filmen eg såg var 73 minutt, den lengste var 144 minutt. Dei fleste visningane var i sal 2 og sal 3, med ni visningar kvar.

Mine favorittar:

  • Free Fire
  • Queen of Walking
  • Halal Love
  • Liberation Day
  • El Revenge
  • Little Wing
  • The Hippopotamus

Alle filmane eg såg:

Nr Tittel År Speletid i minutt IMDb Type Språk Kinosal Dag
1 Ah-ga-ssi
Kammerpiken
2016 144 tt4016934 spelefilm koreansk, japansk Nova 5 måndag
2 La fille inconnue
Kvinne, ukjent
2016 113 tt4630550 spelefilm fransk Nova 2 måndag
3 Tony
The Chocolate Case
2016 90 tt5650482 dokumentar nederlandsk, engelsk, fransk, tysk Nova 2 måndag
4 Free Fire 2016 91 tt4158096 spelefilm engelsk Nova 3 måndag
5 Ma' Rosa 2016 110 tt5638094 spelefilm tagalog Nova 5 tysdag
6 Keodkiwang
Queen of Walking
2016 94 tt6450044 spelefilm koreansk Nova 4 tysdag
7 Komisario Palmun erehdys
Mysteriet Rygseck
1960 109 tt0054001 spelefilm finsk Nova 5 tysdag
8 Dangsinjasingwa dangsinui geot
Yourself and Yours
2016 86 tt5907916 spelefilm koreansk Nova 3 tysdag
9 Noces
A Wedding
2016 97 tt5771640 spelefilm fransk, urdu Nova 3 tysdag
10 Filip & Fredrik presenterar: Trevligt folk
Nice People
2015 92 tt4365412 dokumentar svensk, somali, engelsk Nova 2 onsdag
11 Á peine j’ouvre les yeux
As I Open My Eyes
2015 102 tt4400174 spelefilm arabisk, fransk Nova 2 onsdag
12 Calamari Union 1985 84 tt0087020 spelefilm finsk Nova 5 onsdag
13 Sameblod 2017 108 tt5287168 spelefilm sørsamisk, svensk Nova 1 onsdag
14 Halal Love 2015 95 tt5105218 spelefilm arabisk Nova 1 onsdag
15 Death by Design 2016 73 tt5693890 dokumentar engelsk Nova 3 torsdag
16 U-ri-deul
The World of Us
2015 95 tt5502816 spelefilm koreansk Nova 3 torsdag
17 Kauas pilvet karkaavat
Drivende skyer
1996 96 tt0116752 spelefilm finsk Nova 2 torsdag
18 Bar Bahr
In Between
2016 102 tt5974388 spelefilm arabisk, hebraisk Nova 2 torsdag
19 Liberation Day 2016 100 tt5847760 dokumentar engelsk Nova 11 torsdag
20 Hoggeren 2017 82 tt6405484 spelefilm norsk Nova 4 fredag
21 Goran 2016 86 tt4757570 spelefilm kroatisk Nova 4 fredag
22 24 Wochen
24 Uker
2016 102 tt5369484 spelefilm tysk Nova 3 fredag
23 La Vingança
El Revenge
2016 100 tt2371365 spelefilm spansk, portugisisk Nova 11 fredag
24 Armoton maa
Lovløst land
2016 90 tt5543604 spelefilm finsk, svensk Nova 5 fredag
25 Tyttö nimeltä Varpu
Little Wing
2016 101 tt4636254 spelefilm finsk Nova 4 laurdag
26 Les premiers les derniers
De første skal bli de siste
2016 98 tt5072542 spelefilm fransk Nova 1 laurdag
27 Iron Giant
Gutten og jernkjempen
1999 86 tt0129167 animasjonsfilm norsk (dubbing) Nova 2 laurdag
28 Jäniksen vuosi
Harens år
1977 129 tt0076252 spelefilm finsk Nova 2 laurdag
29 As You Are 2017 105 tt4444438 spelefilm engelsk Nova 3 laurdag
30 Operation Avalanche 2016 93 tt3776826 mockumentar engelsk Nova 3 laurdag
31 Jätten
Kjempen
2016 90 tt4135076 spelefilm svensk Nova 1 sundag
32 The Hippopotamus 2015 86 tt3758708 spelefilm engelsk Nova 1 sundag
33 Slavia
Glory
2016 101 tt5937296 spelefilm bulgarsk Nova 3 sundag
34 Good Luck Algeria
Good Luck Sam
2015 91 tt4250606 spelefilm fransk Nova 2 sundag
35 Denial 2016 109 tt4645330 spelefilm engelsk Nova 1 sundag

Permanent link to this article: https://boba.no/2017/03/kosmorama-2017/

2 comments

    • Kvamsable on 21. mars 2017 at 23:27

    Eg la ikkje det minste merke til at det var kaldt! Men er nok miljøskadd til dei grader 😛

      • Simon on 22. mars 2017 at 11:49
        Author

      Vanlegvis er det berrmark langs promenaden frå Samfundet til Gamle bybro, men no var det is og kaldt. Men det er vanlegvis også sludd og regn — og då blir det klamt i kinosalane — så det gjorde kanskje ikkje noko med litt minusgrader?

Comments have been disabled.