Ny nettstad: TK32700.com

Den siste tida har eg jobba med ein ny nettstad kalt TK32700.com. Dokker kjenner sikkert igjen dette som Stormtrooper-ID-nummeret mitt, og kan kanskje gisse kan nettstaden handlar om. Det er — ganske rett — ein nettstad som skal handle om stormtrooper-hobbyen min. Eg har tenkt å skrive om arrangement eg er med på, erfaringar frå kostymebygging, hjelp, tips, med meir. Og kanskje litt om Star Wars også!

Viss du vitjar sida vil du nok kjenne deg igjen. Eg har brukt same grensesnitt som her på Boba.no, ein ganske gjæv WordPress-drakt kalt Graphene Theme. Men under skalet er det mykje nytt. Eg har nok testa fleire titals innstikk, programmert eit par sjølv og gjort mange spesialtilpassingar.

Eg har mellom anna kvitta meg med Jetpack på den nettstaden. Jetpack har mange gode modular, men har også mange modular du aldri kjem til å få bruk for. Innstikket krev dessutan ei oppkopling til WordPress.com. Det er blitt eit ganske oppsvumla innstikk med kvart. Difor var det aldri spørsmål om å ta det i bruk på den nye nettstaden, men i staden prøvde eg å finne alternative innstikk til dei modulane eg faktisk hadde lyst på.

Skjermdump frå TK32700.com

Skjermdump frå TK32700.com

Det er ikkje så mykje innhald enno på nettstaden, men eg har fått på plass litt. Du vil finne ein bloggseksjon kalt «Updates,» og dette fungerer også som framsida. Ei side kalt «About» fungerer som ein liten intro til hobbyen. Eg har laga ei lita ordliste for dei som kanskje ikkje kjenner ordtilfanget så godt enno, samt ei liste over ressursar ute på veven for dei som er interessert i å skaffe seg si eiga drakt.

I sidemenyen finn du eit skjema for å melde deg på eit nyheitsbrev. Du vil mellom anna få e-post når eg postar eit nytt innlegg. Denne funksjonen er levert av MailChimp. Så langt må eg seie at eg er ganske imponert over tenesta. Ikkje alt er like intuitivt, men når du fyrst kjem inn i det, har du berre lyst til å setje opp ein heil skokk med nyheitsbrev!

Elles finn du kommentarfelt på artiklar, deleknappar for Twitter, Facebook, e-post, SMS (på mobile einingar) og utskrift, eit kontaktskjema og etter kvart mykje meir.

Eg vonar at du vil ta deg tid til å vitje TK32700.com.

Permanent link to this article: https://boba.no/2018/04/ny-nettstad-tk32700-com/

Legg att eit svar

Your email address will not be published.