Mo eller Rana?

For litt sidan las eg ein kronikk av Øystein Bentzen i Rana Blad. Han handla om stadsnamna Mo, Mo i Rana og Rana. Det fekk meg til å tenkje tilbake på då eg som fersk landstyremedlem i Norsk målungdom skulle presentere meg og staden eg kjem frå.

Litt uti den stutte presentasjonen min forstod eg at ikkje alle kring møtebordet var med på vitringa mi. «Dreiv han å flytta så ofte?» høyrte eg nokon kviskra. Eg skjønte då at eg hadde byta stadsnamn undervegs. Eg hadde sagt både «Mo», «Rana» og «Mo i Rana».

For, då eg starta presentasjonen, så fortalde eg at eg var frå Mo i Rana. Det er jo det staden heiter i følgje Posten, Kartverket og staten. Dei fleste i landet har eller har hatt noko med Mo i Rana å gjere. Dei som vaks opp i etterkrigstida kjenner Mo i Rana som ein industriby, med Norsk Jernverk A/S (etter kvart utvida til mange industribedriftar). Folk som interesserer seg for kultur, veit at Mo i Rana har Nasjonalbiblioteket med eit svært hvelv inni fjellet. Bankkortet ditt kjem mest sannsynleg frå EVRY (tidlegare TAG Systems) i Mo i Rana. Og alle med TV får faktura for kringkastingsavgifta frå NRK Lisensavdelinga i Mo i Rana. Vi har også NAV, Statens innkrevjingssentral, Tollvesenet, Ticketmaster mfl.

Men staden Mo i Rana finst mest på papiret, i alle fall for oss som er frå området. Dei færraste av oss har eit forhold til Mo i Rana som stad, berre som stadnamn. Tilbake til målungdommen og presentasjonen min. Eg fortalde at nynorsk ikkje har godt fotfeste i Rana. Og eg la ut om Rana og nynorsk og meg. Rana er eit stort område. Det strekkjer seg 10 mil frå Sverige til Lurøy, og har eit areal på 4 460 km² i følgje Store Norske Leksikon. I Rana finn du isbre, polarsirkel, mange fjell og endå fleire grender og tettstader. I Rana er det også ein by (bystatus i 1997).

På møtet snakka eg om stoda for nynorsk i vidaregåande skule i heimtraktene. Eg snakka då om Mo. For det er jo der skulene står — på Mo, bydelen som mellom Langneset, Vika, Sagbakken og Ranfjorden. Ja, ei av skulene ligg forresten i bydelen Mjølan, men eg hadde ikkje så mykje med den skulen å gjere. På Mo finst det ei gågate, eit par små kjøpesenter, ein kino, eit teater, eit bibliotek og ein Havmann. Viss du seier at du skal til byen, så drar du til Mo.

Ein liten notis om preposisjon: Det heiter: «i Rana», «i Mo i Rana», men «på Mo».

Eg forstår forvirringa til møteljoden. Berre for å vere på den sikre sida, trur eg at eg slengde inn ein Helgeland også i løpet av mine fem minutt… Eg er samd med kronikkskribenten i at vi må freiste å bli flinkare til å bruke ei sams nemning i marknadsføring. Då er Mo i Rana eit godt alternativ.

Men eg er ikkje samd i å la Mo i Rana ta over som stad. Eg kjem frå Rana. Eg er ranværing.

Permanent link to this article: https://boba.no/2018/08/mo-eller-rana/

Legg att eit svar

Your email address will not be published.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.