Kosmorama 2019

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Den 4. til 10. mars var det igjen Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival. Eg tok turen nedover. Denne gongen kunne eg ikkje vere heile veka, men eg fekk med meg fire av festivaldagane.

For andre året var det Prinsen kinosenter som var åstaden for festivalen. Eg budde vegg-i-vegg, på Comfort Hotel Park. Arrangementet var litt meir ryddig (særskilt med tanke på køing og inn- og utslepp frå salane), det var fleire filmar på formiddag (hurra!) og matkroken i foajeen var blitt endå betre.

I løpet av festivalveka rakk eg berre 19 filmar, og 18 av dei var på Kosmorama. Den siste var premiera av Captain Marvel på Nova kinosenter, komplett med Kahoot og greier.

Språkmessig gjekk det faktisk mest i engelsk denne gongen. Spansk og dansk delte andreplassen. Tre av filmane eg såg var dokumentarar, resten var spelefilmar. To filmar var 120 minutt lange, den kortaste var 84 minutt lang. I snitt var filmane 99 minutt. Ingen eldre filmar denne gongen – alle var frå 2018.

Mine favorittar:

  • RBG
  • Cold November
  • Eighth Grade

Twitter-tråd med dei fyrste reaksjonane til filmane: https://twitter.com/SimonBoba/status/1102703268352933889

Nr Tittel År Speletid i minutt IMDb Språk
1 The Sisters Brother 2018 120 tt4971344 engelsk
2 Cutterhead 2018 84 tt6562628 dansk, engelsk
3 RBG 2018 97 tt7689964 engelsk
4 Blindspotting 2018 95 tt7242142 engelsk
5 The Kindergarten Teacher 2018 96 tt6952960 engelsk
6 Se Rokh
3 kvinner / 3 Faces
2018 100 tt8269552 farsi, aserbajdsjansk
7 Doubles Vies
Mellom linjene / Non-fiction
2018 107 tt7250056 fransk
8 Alpha: The Right to Kill 2018 94 tt9016006 filipinsk, tagalog
9 Campeones 2018 114 tt6793580 spansk
10 Nguoi Vo Ba 2018 96 tt7692966 vietnamesisk
11 El Ángel 2018 120 tt7204348 spansk
12 Nëntor i Ftohtë
Cold November
2018 95 tt7637874 albansk, serbokroatisk
13 Eighth Grade 2018 94 tt7014006 engelsk
14* Captain Marvel 2019 124 tt4154664 engelsk
15 Sankt Bernhard Syndikatet 2018 100 tt7655142 dansk, engelsk
16 Her Job 2018 89 tt8137722 gresk
17 Another Day of Life 2018 86 tt2967856 engelsk
18 Khrustal
Crystal Swan
2018 93 tt6835498 russisk, engelsk
19 Three Identical Strangers 2018 96 tt7664504 engelsk

*) Ikkje ein del av Kosmorama-programmet.

Permanent link to this article: https://boba.no/2020/02/kosmorama-2019/