Kosmorama 2020

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

For tiande gong vitja eg Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival. Han blei skipa måndag 2. til sundag 8. mars. Dette er tredje året på rad at festivalen gjekk på Prinsen kinosenter.

Eg budde sjølvsagt på Comfort Hotel Park. Dette hotellet ligg berre eit hønskrev unna kinosenteret. Frå hotellvindauget mitt kunne eg sjå døra til fleire av kinosalene. I år tok eg fly, for fyrste gong på mange år. Det var nemleg ingen sovekupear ledig toget, og eg har gjort reisa så mange gonger no at eg vil ikkje betale fullpris for å sitje som sild i tønne på nattoget.

Under festivalen gjekk det an å kjøpe seg mat i foajeen. Cafe Ni Muser stod for dette. Det var ein variert meny med påsmurt-mat, kaker og buffet med varm suppe. Det var også sal av Kosmorama-pils frå bryggeriet Austmann både her, på festivalbaren på hotellet og inne i sal 2 på kveldstid.

I år såg eg 34 filmar. Heile åtte av dei var frå Frankrike, med USA og Noreg kom på andre- og tredjeplass. Eg såg fem dokumentarar i løpet av veka, men ingen animasjonsfilmar i år. Den eldste filmen eg såg var frå 2011 og den lengste filmen var på 2 timar og 18 minutt.

Mine favorittar:

  • The Peanut Butter Falcon
  • The Gangster, The Cop, The Devil
  • The Farewell
  • 13 måneder

Twitter-tråd med dei fyrste reaksjonane til filmane eg såg: https://twitter.com/SimonBoba/status/1234466913805312002

Nr Tittel År Speletid IMDb Språk Nasjonalitet
1 Papicha 2019 108 tt9522080 fransk Frankrike
2 13 måneder 2019 138 tt9179230 dansk, engelsk, arabisk Danmark
3 Alice 2019 113 tt9120416 fransk Frankrike
4 Jallikattu 2019 95 tt8721556 malayalam India
5 A Son 2019 95 tt10749760 arabisk Tunisia
6 The Peanut Butter Falcon 2019 97 tt4364194 engelsk USA
7 The House of Us 2019 92 tt10713818 koreansk Sør-Korea
8 Hail Satan? 2018 95 tt9358044 engelsk USA
9 Let There Be Light 2019 93 tt7689186 slovakisk Slovakia, Tjekkia
10 A Good Woman is Hard to Find 2019 97 tt6624144 engelsk Storbritannia
11 Dagen i morgen 2016 102 tt4120176 fransk Frankrike
12 Moffie 2019 99 tt10699362 afrikaans, engelsk Sør-Afrika
13 iHuman 2019 99 tt11279794 engelsk Noreg
14 The Good Intentions 2019 86 tt10888554 spansk Argentina
15 The Sonata 2018 90 tt7149066 engelsk Frankrike
16 Tomboy 2011 82 tt1847731 fransk Frankrike
17 Vær her 2019 87 tt11647010 norsk Noreg
18 The Gangster, The Cop, The Devil 2019 109 tt10208198 koreansk Sør-Korea
19 One Child Nation 2019 88 tt8923482 engelsk, mandarin USA
20 To the Stars 2019 109 tt6886080 engelsk USA
21 You Deserve a Lover 2019 102 tt10223546 fransk Frankrike
22 Honey Boy 2019 94 tt8151874 engelsk USA
23 Fuglane 2019 83 tt5132264 norsk Noreg
24 Extro 2019 89 japansk Japan
25 Dead Dicks 2019 83 tt9367402 engelsk Canada
26 Dance With Me 2019 94 tt11766802 persisk Iran
27 The Collini Case 2019 123 tt8739752 tysk Tyskland
28 Antigone 2019 109 tt10260042 fransk Canada
29 The Farewell 2019 110 tt8637428 mandarin, engelsk USA, Kina
30 Deerskin 2019 77 tt8193790 fransk Frankrike
31 Newtopia 2019 89 tt10763668 engelsk, indonesisk, mentawaisk Noreg
32 Oss to 2019 95 tt9845110 fransk Frankrike
33 Rocks 2019 93 tt9067182 engelsk Storbritannia
34 The Climb 2019 94 tt8637440 engelsk USA

Permanent link to this article: https://boba.no/2020/03/kosmorama-2020/